Eg hadde eit lite håp i går, at nå var sommaren komen her vest, og enda større vart håpet da eg slapp Rasmus ut kl halv seks i dag tidleg. Då var det sol fra blå himmel, men det skya til utover formiddagen, og har nå gått over i sur vind og regn*hmfr* Men med så dårleg ver hadde eg ei unnskuldning for å blogge litt...Min kjære eglar meg litt for denne blogginga mi. Eg har hatt totalt datafobi tidlegare, og har banna og lese så mykje over den maskina kvar gong eg ikkje har forstått noko. Men gje meg noko eg synest er kjekt, så løyser det meste seg *tjihi* Takk Malin:)
Rasmus pusen kosa seg ute på plenen i går ettermiddag. Han storkosar seg når folka hans er ute med han.
Eg har "om møblert" litt i bilda mine, her i trappeoppgangen til loftet, har eg samla alle bilder med svarte rammer.
I helga mala eg to nye malerier i akryl. Dette heiter "Lean on me" og er 50*50 cm.Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom:o)





















































