tirsdag, juni 30, 2009

Vidunderlege sommarkveldar...

...og dagar,
men dei får eg ikkje nyte på samme måten,
siden eg er på jobb nesten kvar dag.
På terrasse er det herleg å vere om kvelden,
men på dagtid er det altfor varmt i solsteiken.
Eg har nå kjøpt solseil som eg skal prøve å sette opp,
og sjå om det kan gi litt skugge.
*
Rasmuspusen søkjer skugge under bordet på terrassen,
og eg likar å stulle og stelle der ute,
med blomar og nips og naps.
*
Denne lykta trong ei oppussing,
og etter at glasa var tatt utav og skrubba,
så fekk ho eit par omgangar med sinkspray.
Nå er det ei sommarlykt i staden for ei julelykt.
*
Om ettermiddagen etter jobb køyrer me til Ålfjorden
og Skjeljavika for å bade.
Det er ein fredeleg plass med sol langt utover kvelden.
Til mi store lukke så oppdaga eg at blåbæra var modne.
Eg må berre hugse å ta med noko å plukke i, neste gang.
Ein vert ganske mett av å spise blåbær...




torsdag, juni 25, 2009

Rop på sommer`n, så kommer`n...

...og jammen meg så hjalp det å rope.
Her er det sommer, sol og varmt,
og med 26 grader i skuggen så er eg fornøgd.
Sjølv om eg er på jobb så er det flott med fint ver:)
*
På laurdag klarte eg å få med meg 2 loppemarknadar,
først på Stemnestaden i Grinde og så i Vikebygd
der dei selde ut ting fra gamleskulen i lag med "Vikebuen".
Eg fann masse fint og var så fornøgd.
Plansjen over kjøpte eg i Vikebygd.
Eg kjøpte 1 plansje til, 1 stort kart, 2 bøker
1 koffert, 1 sausenebb, 1 ramme og 1 gamal stol fra skulen.
*
Stemnestaden var det eit stort loppemarked i fleire hus og ute.
Der var eg på jakt etter gamle dukar, blonder og div tekstil.
Eg fann masse fint, og duken over er der fra.
Den er handbrodert i nydelege sommarfargar,
og har ei brei kniplingsblonde rundt kanten.
Elles fann eg 4 overlaken med innfelt blonde,
3 putetrekk,
masse små broderte og hekla brikker,
5 store broderte dukar med blondekant,
2 kvite gamaldagse forkle,
1 linhandkle,
1 sausenebb,
2 små noregsglass,
1 kakeboks
og sikkert noko eg ikkje kjem på.
Dette er skattar som eg skal bruke til mykje kjekt,
men ein del ting er så flotte at dei skal få vere slik dei er.
*
Her vest har me hatt fint ver lenge,
Skriftstørrelsemen det har vore vind og ikkje noko varme.
Denne veka kom sommarvarmen
og då er det koseleg å pynte ute på terrassen.
Pilstativet har eg fletta,
og i krukka har eg planta ein klematis
som kan få klatre på stativet.
På bordet står eit lite oliventre
som eg kjøpte for gåvekortet eg fekk av 10.kl
etter maledagen eg hadde ilag med dei.
*
Peoner er så nydelege,
og eg har hatt fleire bukettar i sommar.
Eg har ei plante ute i hagen,
men den prøver Rasmus, etter beste evne,
å ta knekken på.
Nå står det berre ei stakkar pjuskete grein igjen...
Rampepusen*
*
På St.Hans, som også er bryllupsdagen vår,
ba eg med min kjære ut på middag.
Me tok turen til indre kai i Haugesund,
og spiste middag ute på N.B.Sørensen.
Det var eit nydeleg ver,
og herleg å sitte ute på kaien og nyte maten,
kikke på alle folka, og berre slappe av.
(maten var god, men servicen var ikkje noko å skryte over)
I går etter jobb drog me på badestranda,
bilete nede til høgre.
I Skjeljavika er sola til kl 22 om kvelden,
og då er det fint å gå der etter jobb, ta med mat, lesestoff,
og nyte sola og slappe av i nokre timar.
Eg bada ikkje i går, men det skal eg i kveld...
Juhu:)
Ha ein flott dag,
og håpar sommaren er komen til deg også.
*
Klem*





tirsdag, juni 23, 2009

Bryllupsdag

*Atterklang*
Første gongen eg møtte deg-
kor kunne eg skilja og sjå
at ingenting mindre enn
livet mitt var det som byrja då!
Det som var varmt og mjukt i meg
det som skulle veksa og vara
klang ikkje ut til fullnads
før hjarta ditt svara.
Sigmund Skard

fredag, juni 19, 2009

Helg...

...igjen,
og fredagskvelden
som er den beste i veka
skal nytast etter at eg,
og forhåpentlegvis min kjære,
har vaska huset til helga.
*
I morgon er det dobbel 40 års dagsfeiring igjen.
Me spring i bursdagar annakvar helg for tida,
men det er veldig koseleg.
I morgon er det bestevenninna mi og mannen hennar
som skal feirast ute på hytta deira.
Det gler me oss til.
*
Får berre håpe at regnet stoppar
og at sola kikkar fram,
siden me skal vere ute.
*
I dag har det bøtta ner,
og det var kaldt å gå i sandaler og berre tær,
men er det sommar så er det sommar...
Brrr, 10 grader i dag...
*
Slik såg det ut tidlegare i dag.
*
Ynskjer alle ei fin og god helg,
og masse SOL.




onsdag, juni 17, 2009

Søndagstur

Søndag reiste heile familien på biltur til Holdhus i Eikjelandsosen,
der me skulle besøke søskenbarnet til svigermor.
Holdhus må vere ein av jordas mest fredelege plassar,
og skuldrene senka seg med ein gong eg gjekk ut av bilen.
*
Huset til Aud ligg på ein høgde ovanfor kyrkja,
i ein nydeleg gamal overgrodd hage.
Akkurat slik eg elskar, og gjerne skulle hatt sjølv.
Det gjorde godt for både kropp og sjel
å tilbringe nokre timar i, og utanfor dette huset.
*
"glede finner du i
hverdagens små
øyeblikk"


mandag, juni 08, 2009

var mandagen her etter ei travel helg.
eg og frøken fryd har vore i sveio på marknad
både laurdag og sundag.
det er kjekt å få presentere butikken for nye kunder,
og det er slett ikkje langt fra sveio til skjold.
eg hadde med meg mykje forskjelleg,
og det såg ut som utvalet falt i smak.
i dag var det å få ting på plass, og rydde litt i butikken.
*
eit par nye kjolar er blitt til også.
ein rosa og søt barnekjole,
og ein romantisk grå kjole til sommarfesten
for ei søt dame.
kjolane finn du her
*
sommarfuglcollage og lavendelsåper
innpakka i ark fra ei bok fra 1895,
pynta med hyssing og sinkkors.
*
i dag tidleg skein sola fra klår himmel
og fjorden låg speglblank,
men nå har det sky over.
eg har tenkt å plante litt
og gjere noko i hagen i ettermiddag,
så eg håpar sola kjem fram igjen.
*
dagane og kveldane går altfor fort på denne tida av året.
eg vil gjerne bestille nokre ekstra timar mellom kl 18-23...
*
så vil eg ynskje alle ei fin og god veke,
og vips, så er det helg igjen.
***
på onsdag skal eg og min kjære til
bergen på konsert med "the boss",bruce springsteen.
*gjett om eg gler meg*




tirsdag, juni 02, 2009

Fantastisk helg og vinnaren er ....

i pinsehelg kom sommarvarmen her på vestlandet.
det å kunne gå ut på terrassen tidleg om morgonen
og kjenne sola varme, det er berre fantastisk.
helga har vore både festleg og avslappande,
med dobbel 40 års feiring
av ei venninne og ein kamerat
på laurdagskvelden,
og horisontal stilling på terrassen
søndag og mandag.
*
eg har trekt ut 3 vinnarar av eos konkurransen,
og det er jeanette, gawo og minishabby
som får kvar sin eos fra frøken fryd.

nye smykker er lagt inn i skattkammeret
der du finn kun handlaga produkter fra meg.
to nye kjolar er også komen til,
og fleire er på veg,
innimellom bestillingar.
*
ha ein fin dag,
og eg håpar sola skin der du er.