torsdag, juli 29, 2010

Pusekattane våre..

..er 8 veker i dag,
og er verdens skjønnaste:)
***
Vesle Sofiepusen er einaste jenta i flokken,
og det dreg ho nytte av.
Heilt bedårande er ho.
Sofiejenta har ein familie ho skal flytte til.
**
Tigergutten som er heilt lik mammaen sin.
Han hoppar og sprett, og er overalt.
Han skal kanskje få ny familie,
men det er ikkje heilt bestemt.
***
Baldergutten er den største,
og er skrekkeleg glad i mat.
Han er den første oppi maten og den siste som går.
her har han tilogmed sovna i matskåla.....
Veldig kosen, og maler høgt når me løfter han opp.
Balder er også lovd bort.
***
Vesle Otto er den mest sjarmerande vesle pus du kan tenke deg.
Han tuslar rundt, og leikar med alt som rører på seg,
og halen til Tinnihund er veldig kjekk.
***

Otto kjem kvar kveld og legg seg ved siden av meg.
Kosepusen min:)))
Han har ikkje fått nokon familien å bu hjå,
så om du vil ha ein liten venn så er han klar
om nokre veker.






lørdag, juli 24, 2010

Sånn går no dagan...

Dagane og vekene kjem og går, litt for fort,
og eg prøver å halde igjen så godt eg kan.
*Årets første blåbær er funnet og spist.....
.....hortensiaen bløme,
og er så vidunderleg vakker....
**
....og kveldane er begynt å bli mørkare.
*lag ei nydeleg helg
du som kikkar innom*
Hildeklem*


torsdag, juli 08, 2010

Kattevask

Fridapusen er ei omsorgsfull pusemamma,

og dei søte små blir vaska enten dei vil eller ikkje.

mandag, juli 05, 2010

Søte saker og harde tak.

Nye, søte og tøffe boksar fra Blafre Design ankom i dag.
Eg diggar desse boksane,
og blir i godt humør av å sjå på dei.
*Pip pip, traktor, ugle og ekorn i herlege fargar.
Termosar og nye drikkeflasker kjem om nokre veker.
*

Fra laurdag til søndag var me på hyttebesøk hjå eit vennepar på Bømlo.
Der koste me oss 4 store og 5 mindre med båttur, bading, grillmat,
kaker, luftgeværskyting, fotballkamp, lesing, soling, kortspel,
kunnskapskonkurranse smil og latter, og nattaerobic....
*
For min del så var ikkje luftgeværskyting noko for meg
siden eg ikkje klart å sikte,
og heller ikkje halde geværet på rett måte......
og kunnskapskonkurransen enda i tidenes vondaste blåmerke på låret.
Det går hardt føre seg når ein har skrekkeleg lyst til å vinne,
og nokon ikkje klarer å bestemme seg for om ein skulle rope namnet sitt
eller reise seg opp når ein skulle svare.
Vant gjore me heller ikkje.....
*
Heime er det desse søtnosane som regjerer for tida.
Nå er dei 1 mnd og er begynt å ete sjølv,
leikar og bit kvarandre, og oss.
Dei er stadig på oppdagarferd,
og syns alt utforbi soverommet er kjempeskummelt.
To er korthåra og to er langhåra,
og den med mest kvitt på kroppen er litt mindre enn dei andre.
Alle er skrekkeleg nysgjerrige,
og kjem springane mot oss når me kjem inn på rommet.
Kose likar me alle saman.
2 av kattungane er lovde bort,
men det er 2 igjen om du vil ha ein liten venn:)




fredag, juli 02, 2010

Ein liten smakebit på Greengate haust/vinter katalog

Greengate sin nye haust/vinterkatalog er her,
og det er alltid lika spanande kvar gong det kjem ein ny kolleksjon.
Mykje er dei gode gamle travarane,
men heldigvis så er det kome ein del nye design også:)))
***Greengate er også med på nostalgien og vintagebølga,
og har utvida med fleire romantiske og fleire søte ting.

Endeleg kom det tallerken i Tilly,
det har eg sakna.


Nytt rosemønster.


Den søte vekkerklokka skal ivertfall eg ha...


Søte og fine ting til små prinsesser.

Lilla kjem det enda meir av til hausten.
Lilla prikkar og roser.
Herleg!!!!
Pittelitt jul må eg også vise,
sjølv om me nå er i juli,
og det er sikkert 25 varmegrader ute.
Dette var berre littegrann av det som er å finne i katalogen,
og vil du ta ein kikk sjølv,
så trykk HER
*
(Alle foto er lånt fra Greengatekatalogen)
***
I morgon er det SommarMarked
hjå Frøken Fryd i Isvik.
Mange godbitar til kr 10,- 20,- 50,- og 100,-
Ope 10.00 - 14.00

*VELKOMMEN*