I dag har det vore ein vidunderleg fin solskinsdag her på vestlandet.*me likes*Eg tok med meg fotografiapparatet og gjekk ut på terrassen for å ta bilder av rosene som bløme så fint enno, trass i at det har striregna dei siste månadane.
Etterpå drog eg med meg ein stol bort i ein krok for å nyte sola før middagen, men kva fekk eg auge på?...IIIIIIKKKK
Eg tok med meg stolen og sette meg i andre enden av terrassen, hmfr.
Men så er eg litt fascinert av udyra også, så dermed måtte eg ta eit bilde og to av han.
Dette bildet vart litt morosamt. Det er tatt bilde oppi eit blikkfat med steinar og vatn som står på ein kasse på terrassen. Det vart eit speglbilde av rekkverket og rosebusken, men ser du godt etter ser du dei runde steinane som ligg i botn av fatet.
Dette bildet vart litt morosamt. Det er tatt bilde oppi eit blikkfat med steinar og vatn som står på ein kasse på terrassen. Det vart eit speglbilde av rekkverket og rosebusken, men ser du godt etter ser du dei runde steinane som ligg i botn av fatet. Elles har eg det fint på skulen med kjekke oppgåver, og veldig kjekke medstudentar og lærar. Akkurat nå malar me portrett med akrylmaling, og det er jo ei utfordring.
I morgon kveld skal eg på jobb der som eg jobba i sommar + jobbe heile helga, så det vert ei travel veke.
Takk for alle koselege kommentarar som de legg igjen. Eg er så barnsleg at eg synest det er kjempekjekt:o)
Ha ei fin veke, det som er igjen av ho, alle saman.
