Viser innlegg med etiketten redesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten redesign. Vis alle innlegg

mandag, oktober 03, 2011

Putekrig

Eg har endeleg fått både tid og lyst til å sy puter igjen.
Engleputa er sydd av ein utrangert duk, blonder og knappar.
*
Denne er for dei som er glad i sukkertøyfargar.
*
Rokokkodama med paraply får pryde denne puta.
Pynta med heklebrikke og blonde.
*
Badedame som saman med del av ein klokkestreng,
70-tals stoff og små heklebrikker som eg vann inne hjå Unni Strand
er blitt ei retroinspirert pute.
*
Som de ser så likar eg så mykje,
så kanskje RomantiskRetro er mi greie.

fredag, januar 21, 2011

Brukt på nytt


Som de sikkert veit så syr eg kjolar, men som oftast til andre.
Så av og til er det kjekt å sy noko til meg sjølv, og akkurat slik som eg vil.
I går kveld kom denne kjolen til.
Han er sydd av grå chenille og halsen, vrangborda på ermane og kanten nede
er fra ei strikkajakke som eg ikkje brukar lenger.
Eg likar godt lange ermar som går litt ned på handa, frysepinne som eg er.
Kanskje eg skal pynte han litt meir, men det har eg ikkje bestemt enno.
Helg igjen, hurra:o)

fredag, august 06, 2010

Etnemarknaden

Denne helga er eg og Frøken Fryd å finne på Etnemarknaden.
Siden eg er med på kunst og handverkutstillingen
så er det berre ting eg har laga sjølv som er med.
*
Eg har mala ein del nye akrylbilete, nokre nostalgiske collage,
sydd mange nye puter, og litt småting som ugler,
pynta fyrstikkesker, notisbøker og esker.
***
Eg var der inne i går fra 10.00 -19.30,
medan min kjære var på butikken.
I dag har me bytta.
***
Her er det puter i duse fargar og meir fargeglade,
med nostalgiske englar og spreke badedamer,
eller klokkestreng og heklebrikker.
***
Søte puter i pudderfargar.
***
Akrylbilete i duse fargar og med fin tekst.
*
I morgon og søndag er det også ope.
Har du lyst til å ta turen inn til Etne,
så er du hjarteleg velkommen.
***
Vil du lese meir om Etnemarknaden
så kan du gjere det HER







tirsdag, mars 16, 2010

Nytt av gamalt.

Eg har sydd meg ny veske av eit gamalt brodert bilete.
Veska er sett saman av gråblått linstoff
og nokre bitar bomullstoff som passa i fargane.
***
Veska er rommeleg og har glidelås i front,
og lang hank slik at eg kan henge ho over skuldra.
Litt pynt i form av fløyelsband, knappar
og ein liten dingeldangel sommarfugl.
***
Nå manglar eg berre ei vårkåpe/jakke
som passar i fargane,
og så er våren hjarteleg velkomen
her i vest:)))