Symaskina står sjelden stille her i heimen, og dei siste vekene har ho fått kjørt mange kilometer. Eg har sydd mange hjerter i forskjellige str, og med forskjellig dekor. Nokre har fått bilde på seg, nokre har fått litt broderi, medan andre har ikkje fått noko enno.
Her er eit hjerte i lin med påsydd lapp og broderi. Det skal kanskje få henge på ein lysestake som her, eller på juletre eller noko heilt anna.
Eit hjarta kan brukast til mykje. Det har eg sett rundt omkring på andre bloggar. Mine skal få vere med på ei julemesse på lørdag, og vert dei ikkje selde der så er det jo snart jul!!!Eg har sydd mange, mange julestrømper og vesker som også skal få vere med på same messa.
Neida, det er ikkje berre derfor. Eg er generelt glad i å bruke raudt når eg malar, og gjerne i lag med svart og gult/gull som det er brukt her.
Desse to, ilag med mange fleire skal få vere med på utstillinga eg skal ha første helga i advent her eg bur. Det blir spanande å sjå kva respons eg får på den. Utstillinga heiter "På eigne bein"
*
Desse to, ilag med mange fleire skal få vere med på utstillinga eg skal ha første helga i advent her eg bur. Det blir spanande å sjå kva respons eg får på den. Utstillinga heiter "På eigne bein"*
På skulen er det nå siste innspurt og siste oppgåva "relieff i tre" skal leverast på torsdag. Eg er nesten ferdig, skal berre montere det i saman i morgon. Desse månadane på skulen har gått som ein røyk. Men det er vel slik når ein storkosar seg med det ein held på med, og har berre koselege og positive menneske rundt seg:o)
Dette er mamma mi si gamle Singer symaskin som eg har som pynt på syrommet mitt. Den står der og minner meg om tider som har vore, og alt arbeid som nok er utført med den.
Dette er mamma mi si gamle Singer symaskin som eg har som pynt på syrommet mitt. Den står der og minner meg om tider som har vore, og alt arbeid som nok er utført med den.Takk for alle koselege kommentarar de legg igjen her hos meg. Eg set stor pris på det og vert glad for kvar einaste ei.
Ha ei fantastisk fin veke alle saman der ute:o)
