Viser innlegg med etiketten quilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten quilt. Vis alle innlegg

tirsdag, april 07, 2009

Kjærleik i tekstil

kjærleiksbilete sydd på bestilling,
og levert til fornøgd kunde i dag.
bilete målar ca 110 cm x 50 cm,
og er sydd saman av mange forskjellige stoff
der nokre av dei er sjølvfarga.
*
bilete har applikerte detaljar, innsydde silkeremser
og er frihandsquilta på maskin.
eit veldig kjekt oppdrag.

lørdag, januar 26, 2008

Litt gamalt og litt nytt..

...tenkte eg å vise i dag.
Denne veska sydde eg på skulen i haust då me skulle lage eit bæreredskap!
Veska er sydd av eit mønstra stoff fra Ålèns,
fløyelstoff fra skulen sitt rikhaldige lager og applikasjon fra restene mine.
Veska er fora med eit tynt brunt stoff.

Blomen er applikert på med senka undertransportør og broderifot.
Ein raud knapp i midten sette prikken over i`n:)



eine kjøkkenveggen heng eit teppe som eg sydde for fleire år siden.
Det er brukt svart lin og masse grøne stoff, og litt rosa og svart.


Strimler i ulik breidde sydd i saman,
skjært opp i ulik breidde og sydd i saman igjen,
dannar mønsteret her.
Dette er ein veldig kjekk teknikk som kan brukast til bilder,
puter, dukar og vesker,mm.


Strimlene som er sydd i samam varier fra 2 til 6 cm + -,
og det kan gjerne blandast inn silke og andre stoff med struktur.




I går sydde eg denne vesle pungen med applikert hjarta på begge sider.
Den er sydd saman av 21 småbitar,quilta på maskin og har glidelås.
Pungen målar ca 10 * 6 cm.




Tilslutt vil eg gi alle ein blom med ønske om ei fin og koseleg helg,
ilag med dei du er glad i:)




torsdag, juli 26, 2007

Vesker og sånn...

Den siste veka har eg sydd, sydd og sydd vesker, og her er resultatet så langt. Svart linveske som eg har quilta med fleirfarga silketråd. Lang skulderreim og glidelås.

Eg har sydd på eit nostalgisk bilete som passa i fargane. Her har eg brukt tungesting/knappholsting til å feste bildet med.

Ei litt lengre veske i svart lin og stoff med skrift på. Denne er quilta med gråsvart melert silketråd, og litt sterk rosa. Her er det også lang hank og glidelås. Eit lite bilde i svart/kvitt vart sydd på.


Ei enkel framside med quilta pynt i turkis og limegrønt.




Baksida har innsydd balistoff i friske fargar.




Eit lite bilete av Venus er sydd fast med maskin og ein stikning er sydd rundt.




Ei større veske med innsydd Balistoff og applikert blome, quilta med turkis og grøn silketråd.


To litt mindre vesker i halvlin, quilta med silketråd og påsydde nostalgiske bilete.


Hjarta er applikert på med stoppefoten. Det gir eit litt røffare uttrykk.


Her ser ein saumane betre.
Begge veskene har lange hankar og glidelås.

Sånn nå har eg vist litt av det eg har putla med den siste veka. Det er knallskoi å sy vesker, og når eg syr, så får eg heile tida idèar til nye. Så får me sjå kor mange det blir:o)