Viser innlegg med etiketten Etnemarknaden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Etnemarknaden. Vis alle innlegg

fredag, august 06, 2010

Etnemarknaden

Denne helga er eg og Frøken Fryd å finne på Etnemarknaden.
Siden eg er med på kunst og handverkutstillingen
så er det berre ting eg har laga sjølv som er med.
*
Eg har mala ein del nye akrylbilete, nokre nostalgiske collage,
sydd mange nye puter, og litt småting som ugler,
pynta fyrstikkesker, notisbøker og esker.
***
Eg var der inne i går fra 10.00 -19.30,
medan min kjære var på butikken.
I dag har me bytta.
***
Her er det puter i duse fargar og meir fargeglade,
med nostalgiske englar og spreke badedamer,
eller klokkestreng og heklebrikker.
***
Søte puter i pudderfargar.
***
Akrylbilete i duse fargar og med fin tekst.
*
I morgon og søndag er det også ope.
Har du lyst til å ta turen inn til Etne,
så er du hjarteleg velkommen.
***
Vil du lese meir om Etnemarknaden
så kan du gjere det HER







onsdag, august 06, 2008

Marknad.....

....er ganske kjekt,
og der skal eg vere fra i morgon torsdag, til og med søndag.
Så får me sjå om nokon har lyst på tinga eg lagar i år også.
****
Eg har med meg akrylmålerier, keramikk, vesker,
smykker,armband og litt anna småpyssel.
***
Linvesker med nostalgiske bilete, og blondearmband.
***
Etnemarknaden kan du lese meir om her,
og er du på marknaden så må du jo komme
bortom symjehallen der eg sit rett innforbi døra.
***