fredag, februar 27, 2009

God helg

Eg gler meg til bloggtreffet i Sandnes i morgon,
og er spent på å treffe alle saman.
Eg må innrømme at eg har pittelitt
sommarfuglar i magen.
*
Snakkast,
og GOD HELG:)

torsdag, februar 26, 2009

Englesmykke

Eg har laga nokre nye smykke og armband
der eg har brukt bilete og ord fra vekeblader,
deriblant Allers og Kamille.
Eglebileta var strødd rundtomkring i Allers nr 48/08,
og dei var så søte at eg måtte bruke dei til noko.
*
På nokre av armbanda har eg kombinert englane
med kryssordruter fra Kamille.
Søte!

tirsdag, februar 24, 2009

Nyteter hjå Frøken Fryd

I dag kom ein masse nye varer inn i butikken.
Eller pallane sto utforbi og eg bar inn esker
til armane var lange og ømme.
*
Masse nytt og fint som eg har brukt
dagen og kvelden til å setje på plass.
Nå er det rimeleg fullt i butikken,
og det er så kjekt:)
Ein del varer har eg lagt ut i nettbutikken,
deriblant band og blonder
som mange har spurt etter.
Nettbutikken finn du her.
***
Nå må eg visst finne senga.
God Natt


mandag, februar 23, 2009

Mjukt..

...er dagens tema fra "Mandagtema"
som "Koselig" har satt i gang.
***
Mjuk ostekake med kirsebærkompott.
Mmmmm, smeltar på tunga.
Her kan du sjå fleire mjuke innlegg.

søndag, februar 22, 2009

Svart og kvit

Vekas siste fargeutfordring er svart og kvit,
og då måtte det bli bilete av Rasmus pusen vår.
Rasmus kom inn i vår familie i Juli 2006.
Ein liten og søt krabat som var veldig glad i sko.
***
Som liten hadde han heilt blå auge,
men som vaksen er dei grøne.
Når han er leiken ,
og i rampehumør så er dei store og svarte.
***
Rasmus er ikkje den mest kosete og kjælne katten,
men han er selskapsjuk, og vil vere med der me andre er.
Det aller beste han veit er å bli klødd på magen,
og under haka,
og kastar seg på ryggen for å bli klødd.
Senga vår er også noko av det beste han veit.
Han lurer seg til å ligge oppi der,
og gjerne oppå beina til matmor.
***
Vår store og flotte Rasmus,
som me er så glad i.
(Han er blitt nokre kilo tyngre siden dette bilete vart tatt...)
***
Ein stor takk går til Mette med bloggen Koselig
som drog i gang denne fargeutfordringsveka.
Det har vore inspirerande,
og veldig kjekt å sjå kva alle har funnet på denne veka.
***
40 årsdagen i går var fantastisk kjekk,
med 75 gjester, god mat og drikke, morosame talar,
og fest til kl 04,
og då var ikkje me dei siste som gjekk heim...
***
Ha ein fin søndag du som kikkar innom.



lørdag, februar 21, 2009

Dilla på lilla

Lilla er ein flott farge.
Eg måtte leite litt etter lilla ting i dag tidleg,
og då vart det bilete av ein frisk og fin tulipan innkjøpt til denne helga,
og ein død tulipan innkjøpt til sist helg.
***
Ei lilla orkide som skulle ha blømd til advent,
men som er litt utav rute.
Og så litt sminke og stæsj som ligg på badet.
Det var det eg fann i farten i dag.
***
I kveld skal me i 40 års dag til ein kompis,
og så har svigerinna mi bursdag i dag.
Gratulera til begge to.
Ha ein fin og koseleg laurdag.

fredag, februar 20, 2009

Fredagen er oransje

Dagens farge er ein av mine favorittar.
Den gir energi og glede,
og eg har litt forskjellige oransje ting i heimen.
*
Bilete med katten er ein litografi av Eva M. Lange,
kunstglassa er fra Galleri Å`godt,
og gåve fra min kjære.
Tekstilbileta sydde eg for nokre år siden,
og sola er utsnitt fra ein serie på tre bilete.
Trehjarta har eg spikka og mala,
og er festa på toppen av eit relieff.
Vil du sjå fleire oransje bilete, klikk her
***
Ha ein fin fredag du som kikkar innom.

torsdag, februar 19, 2009

Gule gleder på ein torsdag

Dagens farge er gul, og den er til å bli glad av.
Eg likar godt gulfargen,
men eg måtte leite litt for å finne gule ting å ta bilete av .
*Til frukost så drikk eg eit glass appelsinjuice,
og frostpinne som eg er, så må eg fyre i omnen.
Innst i den kvite orkidea mi er det litt gult,
og ei av alle kokebøkene som eg samlar på har gul perm.
Eg brukar sjelden kokebøker,
men eg storkosar meg med å lese i dei....
Blomen er mønster på ei gamal skål
som me hadde heime når eg var liten.
Mange gode minne fra middagsbordet knytta til den.
Hanken er fra ei lita mugge som nok er kjøpt på Fretex.
Vil du sjå fleire fargerike innlegg, trykk her
*
Ha ein flott torsdag du som ser innom meg.

onsdag, februar 18, 2009

Grønn onsdag

Grønn er ein farge som tiltalar meg.
Den ber bud om vår og spirande liv,
og er ein roleg og behageleg farge.
*Eg fann litt forskjellige grøne ting heime
som fortel litt om meg.
Hjartesmykket i raku med mørkgrønn glasur
er det første rakusmykket eg laga, og er veldig glad i det.
I boka med hjarta på, samlar eg dikt og fine ord.
Glasshjarta er i perlesamlinga mi, som eg lagar smykker av,
og hjarteforma er noko av det finaste eg veit om.
Eg har ikkje så forferdeleg grøne fingrar,
men er glad i grøne planter slik som "pletter i luften" planta.
Biletet med teksten "God som gull", fekk eg til morsdagen
av eldstejenta mi, for nokre år siden.
Knappar samlar eg også på, og har mange,
men er stadig på jakt etter fleire.
Mummikopp samlinga mi veks sakte, men sikkert.
Eg får ein ny kvar gong eg er på sjukehuset og gir blod.
Vil du sjå fleire fargeglade innlegg, sjå her
***
Ha ein fin og god onsdag!!

tirsdag, februar 17, 2009

Tysdagen er BLÅ

Blått er ikkje den fargen eg vel først,
men eg har likevel ein del blå ting rundt meg.
Eg går stort sett i ei eller anna blå dongeribukse,
men elles er det ikkje mykje blå klær eg har.
Turkis derimot er ein farge som eg er veldig glad i,
særleg om sommaren.
Dette trehjarta er mala i turkis,
og høyrer saman med eit 3-delt relieff eg laga i fjor på HSH.
Eg samlar på kunstglas,
og i nokre av dei er det flotte blåfargar.
*
Maleriet som det er eit utsnitt av,
er brunt med blå firkantar.
Min kjære vann det på kunstklubben på jobb,
men det var eg som fekk velge bilete:)
Blå himmel og blått hav,
er noko av det vakraste eg veit om.
(Konklusjonen må bli at eg likar blått,
sjølv om eg ikkje blir heilt einig med meg sjølv.)
Vil du sjå fleire fargeglade innlegg, trykk her

mandag, februar 16, 2009

Måndag er raud

Eg er med på fargevekeutfordringa hjå Koselig,Koselig.
Vil du sjå fleire raude måndagar klikk deg inn her.
*
Eg tenkte å bruke denne fargeutfordringsveka
til å ta bilete av ting som symboliserar meg.
Måleband, stoff og sytråd,
har fulgt meg så lenge eg kan huske.
Fortsatt er det, noko av det kjekkaste, eg held på med.

fredag, februar 13, 2009

mandag, februar 09, 2009

Endeleg måndag...

Tittelen henspeilar på eit føredrag som eg var på for eit par veker sidan
Det var veldig interessant og morosamt,
og tok for seg korleis ein kunne gjere arbeidsdagen betre
ved å vere positiv og imøtekommande.
Det er jo flest kvardager,
så kvifor skal me gå rundt og klage over mandagane.
Jippi, endeleg måndag, seier eg i dag:)
*
Litt nye øyredobbar og armband laga eg før helga.
Raude engleøyredobbar, og ein liten pusekatt heng i ein annan.
*
Turkis er ein av mine favorittfargar,
og saman med sølv er det lekkert.
Skulle berre vore litt brunare,
og ikkje skummamelkfarge som eg har nå...
*
I kveld startar eg opp sykurs for nybyrjarar.
10 unge damer skal lære seg å bruke symaskin,
og sy enkle ting som oppbevaringspose, sminkepung og pute.
Elles har me fått masse snø, sola skin, og det er mange minusgrader.
Brrrr, hææælig:)
*
Ha ei fin og god veke du som kikkar innom.


søndag, februar 08, 2009

Color

Color can speak
to the soul
in a thousand
different ways.
Oscar Wilde

fredag, februar 06, 2009

God helg

Husvasken til helga tok min kjære i går.
Så har me kvelden fri til å kose oss med andre ting.
Eit glas vin eller to på badekarkanten hadde ikkje vore dumt...
God helg til alle som kikkar innom.
Klem.



onsdag, februar 04, 2009

Onsdagsdill

Er ikkje dette verdens søtaste prøvedukke, så veit ikkje eg.
Den kom inn i butikken i dag, ilag med ein del andre ting.
*
Litt shabby småmøbler kom også.
Hylle med knaggar under,
og ei lita speglhylle med skuffer og knaggar.
*
Det er veldig kjekt å få inn nye ting nå når det vårast.
Eller eg trudde det var begynt å vårast så smått,
men i dag lavar snøen ned....hmf!!!
*
Søt og rustik englebyste,
nusselege småfuglar, og keramikkegg.
Desse finn du her
***
I kveld skal eg og min kjære på Vamp konsert.
Det plar vere ei fantastisk oppleving,
og eg har vore på konsert med dei mange ganger.
Nå er det ny vokalist, og det skal bli spanande å
høyre han i levande live.
Vamp er eit fantastisk liveband.
Dei er så energiske,
og gir alt på konsertane sine.
***
Det er godt å ha noko å gle seg til :)


mandag, februar 02, 2009

Putemandag..

Eg likar godt å sy puter, og i dag vart det to nye.
Nostalgisk englepute i i kvitt, svart og beige.
Eg la utover materiale som eg kunne tenke meg å bruke,
nokre gamle blonde, ein brodert duk, englebilete,
knappar og forskjellige stoff.
*
Kontrastar er flott,
og her er det ein metallknapp mot skjør blonde.
*
Ei litt røffare pute i jordfargar.
Her tok eg utgangspunkt i ullbroderiet og badebiletet.
og har brukt linstoff, bomull, blonde og band.
Begge putene målar 35 cm x 60 cm,
og har glidelås i ryggen.
*
Ha ei fin veke du som kikkar innom.