Viser innlegg med etiketten Julebesøk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julebesøk. Vis alle innlegg

søndag, desember 30, 2007

Nest siste dagen....

...er dette i 2007. Eitt år går så veldig fort, og nå er det snart eit heilt nytt og ubrukt år som står foran oss. Romjula er snart over, og me har kost oss masse, slappa av og tatt det heilt med ro.

Me har ikkje farta så mykje denne romjula, men ein kveld var me på kino og såg "Eventyr i New York", koseleg romantisk film.
Ein annan kveld såg me "Wild Hogs" på dvd,ein ustyrteleg morosam film om 4 godt vaksne menn som skulle på sitt livs motorsykkeltur, med diverse forviklingar.
Me har fått gått nokre turar i frisk luft innimellom regnbygene også, men i dag skin sola og gradestokken viser berre nokre få grader:)


I går kveld hadde me besøk av eit vennepar, og det var skikkeleg koseleg. Me serverte då juletaco og godt i glaset. Etterpå var det himmelsk lapskaus og vaniljeis + litt julekaker og snop.Kaffe og cognac til dei som likar det!

Besøket hadde med seg pakke til mannen i huset. Han vart så "utruleg fornærma" fordi han ikkje fekk pakke fra Mona og dattera, slik som eg fekk til jul....
Så då fekk han denne søte nissejenta som plaster på såret, og som sjølvsagt måtte plasserast ilag med mine englar, Josef og Maria figurar. Søt var ho ivertfall:)


Eg fekk ein nydeleg Primula plante og ei flaske raudvin.
Primula er den nydelegaste blomen eg veit om når jula er rydda bort. Då må eg ha mange slike rundtomkring i huset. Når den blomen er på plass så er det ikkje lenge til våren er her:)
Det godt me stadig har noko kjekt å sjå fram til.
I ettermiddag skal me ta oss ein tur til Beritsøster på Karmøy. Må ha ein tur ut der i romjula, det høyrer med:)
Så håpar eg at alle som kikkar innom har hatt, og fortsatt har, ei fin og koseleg romjul.
Takk for alle fine og koselege ord de legg igjen her hos meg:)