fredag, desember 30, 2011

På tampen av året



Takk til deg som er inne og les kva eg skriv,
og til dei som er så snille og legg igjen ei lita helsing.
Nytt år og nye mogelegheiter står for døra.
Må 2012 bli eit godt år for alle.
Posted by Picasa

tirsdag, desember 20, 2011

Kong Vinter

...kom på besøk,
og forsvann like fort, og brått var han tilbake igjen.
Eg fekk knipsa nokre bilete utanfor
medan snøen låg der kvit og fin.


onsdag, desember 14, 2011

Lys i mørket


"Og vi tenner våre lykter når det mørkner
og alle lyder pakkes inn i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si`r go`natt"

torsdag, desember 08, 2011

Pip Pip


Fin julepynt som henger på ei vrihasselgrein i butikken.
Nydeleg glasskongle fra Greengate og søt pip pip fra Lisbeth Dahl.

onsdag, desember 07, 2011

tirsdag, desember 06, 2011

Hus & Him


Søndag tende me 2 lys og dei står der og skinner for seg sjølv.



 På kjøkkenet har eg snudd litt om på uttrekksenga og bordet,
flytta ut eit skap og hengd opp ei tallerkenhylla i staden for.


På bordet står eit lite grantre i vatn,
 og det er det einaste som har fått litt pynt på seg.


torsdag, desember 01, 2011

Julemånaden

1. desember og julemånaden er i gong.
Adventskalender,
 lys, sviblar, gode dufter,
forventning, glede, undring,
minne og tradisjonar.

mandag, november 28, 2011

Adventspynt

 Det er koseleg å pynte både ute og inne i adventstida,
og i går, i blesten, var eg ute og laga hjarta og juletre av grangreiner.
Hjarta pynta eg med nokre lerkegreiner og hngde på utedøra.
Julatre stappa eg i ei potte batt det fast i hylla bak.
Skjeivt og skakt vart det, men veldig sjarmerande.
Kanskje det får litt pynt på seg når det nærar seg jul,
og om det fortsatt står på plassen sin.

Inne i vindaugskarmen har dette flotte piltreet fått plass.
Det er laga av Drude på Søre Skogen, verdens flinkaste pilflettar.
Det er den pynten som er komen på plass hjå meg.
Eg får ta det litt etter litt og så kjem eg vel i mål til slutt.
Ha ei fin adventsveke.
Hildeklem*

torsdag, november 24, 2011

Tida går...

...og det har blitt meir jul i butikken.
Nå er både søte små englar og nissar komne fram fra eskene sine.

Sinkstjerner med tall til adventslysa ligg saman med ei lita nissejente
 og ei fyrstikkeske.
Koselege ting du kan pynte med.

Tøff klokke som kan henge på ein knagg,
og som viser at tida går litt for fort nå fram mot advent og jul.

Kjekt at du kikkar innom,
og nå skal innlegga komme litt oftare.
Eg har hatt problemer med å få publisert innlegga mine,
men i dag fann eg feilen, hurra.

Ha ein finfin dag!

tirsdag, november 08, 2011

Pittelitt jul....

I butikken er det ikkje mykje jul enno, men pittepittelitt har eg laga til.
Søte soppar på klyper er kjekt å ha både her og der,
og ikkje berre på tre.

Finfin madonna med barn som heller ikkje er julepynt,
men som kan vere det.....

Dette opphenget har 24 krokar, og kan fint brukast til adventskalender.
Ein pakke til kvar dag, fint innpakka med tal på.

Spennande tider me går i møte.
Eg lurer på om nokon lagar pakkekalender til meg???

Søte små lykter som kan hengast til pynt.
*
Til helga håper eg at butikken skal vere
godt i gang med advent og julepynt:O)
Treng berre litt ommøblering først....

torsdag, oktober 27, 2011

Haust i heimen

Haust og jordfargar passar godt saman.
Litt sollys på veggen skadar heller ikkje,
gor det har me ikkje sett for mykje til denne hausten.

Reinsdyrputa i sofaen har eg sydd av trykk kjøpt hjå Stoff og Stil,
og eg har sjølvsagt ei uglepute også.

Snart er oktober over,
og då ønskjer eg velkommen til november
og så smått litt juleførebuing i butikken.

mandag, oktober 17, 2011

Kundekveld

Posted by Picasa
Velkommen til kundekveld,
onsdag 19. oktober kl 19.00
hjå Frøken Fryd i Sal Skjold,
som ligg rett bak butikken.

Klikk på bilete så kan du lese plakaten.

mandag, oktober 03, 2011

Putekrig

Eg har endeleg fått både tid og lyst til å sy puter igjen.
Engleputa er sydd av ein utrangert duk, blonder og knappar.
*
Denne er for dei som er glad i sukkertøyfargar.
*
Rokokkodama med paraply får pryde denne puta.
Pynta med heklebrikke og blonde.
*
Badedame som saman med del av ein klokkestreng,
70-tals stoff og små heklebrikker som eg vann inne hjå Unni Strand
er blitt ei retroinspirert pute.
*
Som de ser så likar eg så mykje,
så kanskje RomantiskRetro er mi greie.

torsdag, september 29, 2011

Fine klær til små og store jenter...

....finn du hjå Frøken Fryd,
og her kjem eit lite utval av det som er i butikken no.
*
Søte, mjuke og fine kjolar og tunikaer
til små jenter fra 6 mnd - 10 år.
Alle fra Sagen Vintage Design.
*
Til store søte jenter er det nydeleg jakke/kåpe,
linkjole, tunika med hette, tights, lang genser med og uten erme.
Dette er også fra Sagen Vintage Design.
*
Miel sine klær er romantiske med passform for kvinnelege former.
Nydelege tunikabluser i to fargar.
Har også underkjolar, tights og sjal herfra.
*
Fra Vintage by Fé har eg fine tunikakjolar, jakker med knyting,
blusar, sjal med pelskant, og gode tightsbukser og skjerf.
Flotte klær med det "lille ekstra"
*
Haustens flotte vesker er fra SoNize.
*
Du er hjarteleg velkommen til å ta
turen innom butikken i Isvik,
eller klikk deg inn på nettbutikken her.
*

mandag, september 05, 2011

Nygammal

Endeleg kom fine, gamle lampen min opp på kjøkkenveggen.
Han har fått ny ledning med jorda støpsel, og ei stooor pære fra Biltema.
Lampa heng akkurat passe over den gamle skuvsenga som også står på kjøkkenet.
Oppi der har eg tenkt å sitje og kose meg med glansa interiørblade og drikke te,
men sjå her, kven som har tatt plassen min.


torsdag, august 25, 2011

Messetid

Nå er det klart for gave og interiørmesse på Lillestrøm.
Eg og min kjære reiser bort fredagsmorgon,
og skal handle inn haust og julevarer til Frøken Fryd.
*
Alle gode gamle leverandørar skal besøkast
og kanskje finn eg nokre nye også.
Det er ivertfall nok å velgje imellom:O)
*
Me skal bu på hotell inne i Oslo,
så me får kose oss med god mat og drikke om kveldane.
Eg håpar også å treffe nokre kjende fjes
som driv butikk både her og der:O)
Ha ei fin og god helg.

tirsdag, august 09, 2011

Blafrenytt i butikken

I dag kom det masse påfyll av Blafre sine kjempeflotte produkter.

Blafre sine fargeglade og retromønstra boksar og flasker
er elska av små og store kunder hjå Frøken Fryd.

Traktorboksane er veldig populære:O)

Uglene er enda meir populære,
og dei er min favoritt, sjølvsagt:)

Det kom fleire nye mønster på boksane og flaskene.
Pengepung og penal er nye produkter hjå oss:)
Det kjem nok enda meir nytt utover hausten.

onsdag, juli 27, 2011

Mi djupaste medkjensle..

...til alle som har mista sine kjære den 22.7.11

*- Eg ser du har det vondt,

men eg kan ikkje grina

alle tårene for deg.

Du må grina dei sjøl,

men eg vil grina med deg.

Eg vil grina med deg.

Bjørn Eidsvåg

onsdag, juli 13, 2011

Kleskorg

Eg har vore på leit etter ei korg til å ha kler i,

både når eg henger opp og når eg tar ned tørre kler.

*

Sist eg fekk varer fra Hübsch så var den perfekte kleskorga der.

Passe stor og passe solid til å frakte kler i.
*
Desse to fine melkekvite vasane fann eg sist eg var på loppemarked.
Vasar får eg aldri nok av.....