Nina hadde klar del 2 av jule-sy-mysterium då eg kom på jobb og slo på pc`n.
Stichery var det me skulle finne utav i dag.
Siden eg aldri har prøvd meg på stichery før
så vert dette litt i overkant spanande for meg...
Eg er ikkje så veeeeldig glad i å brodere,
og tenker med gru tilbake på ein engel som
eg skulle brodere i 7 klasse.
Eg brukte det skuleåret på den, og vart likevel ikkje ferdig...
Jaja, sånn kan det gå.
Men eg har bestemt meg for at dette skal eg prøve
med ope sinn og ukueleg optimisme.
*

Eg følgde linken som Nina har lagt ut,
og fann masse søte små nissejenter og gutar.
Eg plukka ut ei jente med katt
og ein gut som matar småfuglane.
Ein katt til som eg får sjå om det er plass til.
og fekk meg ein kopp kaffi,
mmmm, den var særdeles god.
Men tilbake til utfordringa stichery.
Nina skriver om ein Pigma penn som eg skal teikne med,
og då lurer eg på kvar eg får kjøpt den??
Er den å finne på ein vanleg bokhandel
eller er det på sybutikken dei har den???
Eg får øvesy meg pittelitt på eit tøystykke
til eg får sette i gang jakta på Pigma....
*
Ps. Som du ser Nina, så har eg byta ut
dei raude stoffa med grått og beige.
Eg vart ikkje fornøgd med dei raude.
Så då vart det sånn....
*
Fortsettelse i morgon.