søndag, juni 25, 2006

Så var ei veke til over,og i morgon reiser eg,Bent og Marie til Danmark. Me gler oss veldig til ei veke med kos og avslapping ilag. Me skal ta ferje fra Kristiansand i morgon kveld til Hanstholm,og skal overnatte på vandrehjem i Ålborg. Me har tenkt oss på tivoli der ein av dagane,resten av veka tar me som det kjem,men me håpar jo sjølvsagt på fint og varmt ver.


HURRA FOR:

-Danmarkstur
-tax fri...
-sol
-plen som spirer
-Malin og Kenneth var på besøk
-Marie er heime igjen
-Bent som eg e så gla :)

tirsdag, juni 20, 2006



Fisketur i Stemmetjødnå ein søndag for nokre veker siden. Her er det min kjære som skal ta ein aure på land.Me fekk sånn ca 9 aurar med oss heim,men me mista fleire. Knallkjekt å fiske:)

mandag, juni 19, 2006



Så flott er utsikten fra terrassen vår,ikkje rart at me likar oss her. Her har me sola fra tidleg morgon til langt på kveld.Så her ute satsar me på å få vere mykje i sommar:)


Eit lite utval av steinsamlinga mi,arrangert oppi eit bambusfat med ein liten skulptur. Eg er veldig glad i stein, og plukkar med meg alle plasser eg kan finne nokre.


Her er Olga Merethe,marsvinet vårt. Er ho ikkje skjønn???? Ho er heilt tam, og elskar å bli klødd og kost med. Ho bur i lag med sønnen sin Krølle,som kom som ei overrasking i lag med bror sin ein dag i midten av februar. Me hadde fått henne vel 2 mnd tidlegare, og då var ho gravid. Me fekk gitt vekk den eine av ongane til ein familie oppi feltet,men Krølle vart buande her hos oss. Kjekt for dei å ha lag.



Er ikkje denne søt? Den måler ca 9 x 7 cm, og er sydd saman av 20 små biter. Den er handquiltet rundt alle bitene,og glidelåsen er sydd i for hand,det er lettest når det er så lite. Eg har sydd 4 slike i helga som skal vere presangar.

Dette nettet vart bursdagsgave til søster mi,Berit,ho blir 49 år den 28 juni. Då er me i Danmark på ferie,så då fekk ho den like godt i går. Den falt i smak, heldigvis. Her er det brukt lin som eg har quilta før eg har applikert på sirklane. Det er kjekt å gi vekk noko ein har laga sjølv.


Helga er over,og den har gått med til å male huset på laurdag i finveret,og sying for meg på søndag i regnveret. Bildet er ovanfor er av ein løpar eg sydde i vinterferien,inspirert av Marimekko serviettar. Blomane er applikert på lin med frihandsaum,det gir ein litt røff effekt som eg likar. Elles er det regn i Skjold i dag og,så då er det syrommet som fristar mest.

lørdag, juni 17, 2006

Dette bilde er eit av tre,men eg fekk ikkje til å legge dei to andre inn, dei vart på hovudet.....
Bilda er laga til sangen "Angel" fra filmen "Englenes by",ein aldeles nydeleg grinefilm....
Her har eg applikert og mala på stoffet,og så har eg sydd med forskjellig tråd med maskin, og sydd på perler for hand.
Eg har kalla bildene "As time goes by,,".
Det hadde vore lettare å skjøne tittelen om ein hadde sett alle tre bildene på ein gong.
Kan prøve igjen ein gong Malin er heime,kanskje ho kan hjelpe meg:)


Her er då linveska som eg har sydd på i nokre dagar. Det tar litt tid når eg held på, fordi eg syr etter mønster inni håve mitt og det er ikkje alltid det stemmer slik det skal. Her hadde eg tenkt å bruke nokre trehandtak som eg hadde,men dei passa ikkje...merkeleg,så då fann eg desse på sybutikken på Oasen,og dei passa perfekt.

Akkurat nå held eg på med eit nett i lys lin som eg applikerer sirklar på,i lime og turkis. Det skal vere gave til ei fantastisk kjekk dame.( Kan ikkje sei kim det e,i tilfelle ho les her,he he)

Elles i dag har eg berre lata meg ute på terrassen i fine veret,og lese ut ei bok. Den var veldig kjekk,hette "Havfruestolen" og er skriven av Sue Monk Kidd. Kan anbefalast:)

Tenk, i går fekk me (Bent) sådd i plenen og, så nå e det berre å vente på at det skal bli grønt.Det er berre eit felande styr med vatning kvar kveld.......

HURRA FOR:

- SOL

- nysådd plen

- brunfarge

- symaskin

- helg

- grillmat,nam nam

- :)



Her er eit bilete eg har applikert med frihandsquilting på maskin og sydd på fjær. "Hønemor" er tittelen på dette. Eg har sydd fleire typar av desse,og dei er kjekke som gåver.

tirsdag, juni 13, 2006

Fortsatt sol:)


Nå har eg endeleg fått te å legge inn bilde på bloggen min.Malin e ei knallflinke jenta:)
Dette e då ei veske eg har sydd av lin,og detalj med skrift er fra eit plast nett som har vore Marie sitt. Har og quilta litt med maskin og for hand.
Så nå e det håp om at eg kan legge ut bilder av fleire ting eg har laga. Er inne i ein periode der eg er veldig fokusert på vesker,så me får sjå kva det blir utav dette.





HURRA FOR:

- bilder på bloggen
- sol
- brownies
- tid te å sy

mandag, juni 12, 2006

Hipp hurra for ferie:)

I dag har eg første feriedagen min, og det e heilt herleg.
Heile forrige veke gjekk med te tverrfagleg eksamen,det gjekk sånn passe greit,men eg føle alltid at det e nåke eg har gløymt når eg e ferdige.
På torsdagen fekk me vete at me IKKJE kom opp i muntleg,det var godt,sjølv om eg var heilt innstillt på at det gjorde me.
I helga har me slappa av og gjort minst mulig,men på laurdag raka me utover eit lass med mold på det som skal bli plen,det var eit skikkeleg drittarbeid. Molda var full av harde klompar og røtter,men det var ikkje stein i ho, som han lova.....
I dag har det vore det fina veret,med sol og varme,men det har blese godt. Så det har vore ein fryd å ligge på terrassen og sole seg.

mandag, juni 05, 2006

Hurra for solå:)

Tenk å vakne te sol og skyfri himmel, det e rett og slett fantastisk.
I dag har me ikkje gjort ein fornuftig ting, bortsett fra å sola oss. Men det e faktisk ganske fornuftig når ein ser kor sjelden solå vise seg. Me e faktisk blitt solbrente.
I går var me oppe te Stemmetjødnå og fiska, det var knallskoi, for me fekk masse aure. Eg e faktisk blitt ganske flinke te å kasta, men så har eg hatt ein goe leremester i Bent og. Me fekk masse napp, og det er spennande for då vett ein at det e fisk. Så det vart vel 9 aurar te slutt, og dei hadde me te middag i dag.Knallgodt:)
I måro er det å fortsette med eksamen, eg har grubla litt på oppgåva i helga,men at nåke så enkelt kan vere så vanskeleg, det er ufatteleg.
Men eg får mane fram alle kreative krefter og idear eg kan, og så får det gå som det går.På fredag e eg ferdig,så det så.


HURRA FOR:

- SOL:)
- varme
- grilla aure
- ny veke
- snart ferdig med eksamen
- soft shake sjokolade


Nå skal eg ut å gå tur, ha ein fortsatt fin mandagskveld:)

fredag, juni 02, 2006

yesss! Endeleg var det helg:)

Så var det endeleg helg, og ei lang ei tilogmed:)
I går var eg ferdig med engelsk eksamen og. Det gjekk greit sjøl om eg var skikkeleg forkjøla. Men det er løye koss ein held ut når ein trør i seg 2-3 paracet. I dag begynte me på den tverrfaglege eksamen, oppgava hette "ung 2006",greit nok det når ein e 36 år....men eg får vel te eit eller anna.
I dag kom Malin heim og, kjekt det. S å kan me plage henne litt og. Marie har vore på Mostraspelet i dag, i øs pøs regnver, og klarte sjølsagt ikkje å ta med regnkledå eg HADDE lagt fram. Me det hadde visst vore kjekt likevel.
I måro skal ho på speidar tur te Etne, dei skal ligge i lavvo til mandag. Håpar dei får fint ver:)
Bent har krøpe opp på loftet for å sjå film, ein eller aen krigsfilm,trur eg. Den varte visst i 3 timar, elle nåke sånt. Eg trur heller eg går å legge meg, så kan han sitte der og glo,he he.


HURRA FOR:


- endeleg helg
- lasagne
- snille ongar
- kjekke sambuar
- ferdig med 3 eksamenar
- sikkert snart frisk igjen:)

Ha ein fortsatt fin fredagskveld (det e den beste kvelden i heile veka)

-