lørdag, mars 31, 2007

Laurdag og

eg har pynta pittelitt til påske, inne og ute. Eg kjøpte meg det veldig kjekke interiørbladet rom
123 i dag, der er det masse inspirasjon å hente. Dette ligg på kjøkkenbordet ilag med nyinnkjøpt høne og ein husfred ( vågar å håpe at eg klarer å halde liv i han medan eg er heime i påsken)


Pynt på terrassen.

Gule stemorsblomar, fine blom med ikkje så fint namn...


Påskeliljer ved inngongsdøra.



Glashøna står på badet heile året.





Så med dette vil eg ønske alle ei retteleg fin helg, og ein fantastisk påske til dei som ikkje ser innom før etter påske.




torsdag, mars 29, 2007


I gangen har eg ein gamal kommode som eg kjøpte på auksjon for mange år siden. Speilet kjøpte eg på fretex i for nokre veker siden.
Dagen i dag har gått med til venninnebesøk med kaffi i hagen, og planting av påskeliljer og stemorblomar i potter til å ha utforbi døra. Eg får lyst til å gjere så mykje ute nå når det er så fint ver, men det er litt tidleg, det er faktisk mars ennå....Ein skulle ikkje tru det når ein sit ute i solsteiken, fantastisk herleg:)

onsdag, mars 28, 2007

Onsdags føremiddag

og eg har heilt fri til å gjere det eg har lyst til. Så nå har sengklærne havna på terrassen til lufting, og eg skal vaske vinduer. Eg hadde tenkt å sitte ute på terrassen i dag, men det blese eindel, men kanskje eg må ta eit teppe med meg å setje meg ut likevel.Det er så godt med sol, og vår i lufta. Utsikten på terrassen er me ganske fornøgd med, einaste er at det er ikkje så mykje trafikk ute på fjorden.

*PROSJEKT LUBBER*
Eg er begynt å strikke lubber. På skulen skulle me velgje mellom forskjellige teknikkar me ville lære, og då ville eg lære å strikke lubber. Så då var det å kjøpe garn og pinnar, og setje i gang.

Her er då hælen under arbeid. Er ganske kry av meg sjølv....


Her er lubben nesten ferdig, snarter det tåfelling. Eg har strikka den andre lubben samstundes, så nå er det snart eit par lubber ferdige. Eg har kjøpt meir garn, så det kan hende det blir fleire par lubber i påsken:o)




mandag, mars 26, 2007

Påskeferien

begynner for meg i mårå ettermiddag. Eg reiste bort til Notodden med nattbussen som går fra oss kl 23 og er framme i 05.15 tida. På skulen jobbar med sjølvalde teknikkar nå, og der har eg vald sokkar og broderi, så får me sjå kva det blir utav det. Fra to til åtte i kveld skreiv me på pedagogikk oppgåva, og me vart ferdige og fekk levert. Tenk eg har ikkje skulearbeid som ventar i påskeferien, herleg.
Så i mårå kl 15.30 sette eg meg på bussen heim igjen. Att og fram er lika langt.

søndag, mars 25, 2007

Fisketur

Me var så heldige å bli inviterte med til Etne for å fiske i dag, men det vart ikkje fisk, men pannekaker stekt over bål, nam nam:)





Det er ivertfall ikkje noko å sei på innsatsen til desse karane...


Fleire bilder













Eg prøve meg igjen siden eg fekk publisert sist eg prøvde. Her er fleire bilder fra turen i går.


Gårsdagens tur

og eg hadde med meg fotoapparatet for ein gongs skuld. Tok litt bilder på min veg gjennom vikjo.
Eg har hatt litt problemer med å få publisert det eg blogge, det vil liksom ikkje, og eg blir lettare irritert av sånt, argh.

onsdag, mars 21, 2007

Sol og

varmt har det vore i dag, sjølv om eg ikkje har vore så mykje ute i dag. Eg gjekk ein tur ned til sentrum, og der har dei ein fantastisk kjekk hobbybutikk med alt eit hobbyhjarta kan tenke seg. Eg handla berre ulltråd og pinnar til lubber. Eg har nemleg tenkt å lære meg å strikke lubber... eller hælen, det er den eg ikkje kan, så var det sagt.
Denne søte kofferten, eller kanskje det er ein matboks... kunne eg tenkt meg. Den er berre heilt skjønn:)


Denne søte Barbapappa figuren gjer meg heilt nostalgisk. Det var jo dei figurane som var på barne TV når eg var liten. Det var kjekt det:)
I morgen er det "åpen dør" på skulen, og me får håpe det kjem masse folk for å sjå på alt det flotte som er utstillt. Klassen vår skal vise fram ytringsoppgåva vår i form av forkle, i store auditoriumet. Der vert også power point presentasjonane våre vist samstundes. Det blir spennande å sjå korleis alt blir.
Elles takk til alle som legg igjen ei helsing på bloggen mi, det er veldig kjekt, og eg føler eg har fått nokre nye venner:o)

tirsdag, mars 20, 2007

Tirsdagskvelden


er tv kveld her på hybelhuset, ivertfall for oss som bur i 1.etg. Så til dei frustrerte fruene serverte eg pepperoni pizza i kveld, og det vart godt mottatt. Eg såg seks som oss og, men eigentleg synest eg det er ein ganske deprimerande serie. Vanlegvis ser eg ikkje så mykje på tv, men her borte må eg i tv stova viss eg skal vere litt sosial, og snakke med folk på kveldane. Så sånn er det.
Nå skal eg krype under dyna, for i mårå er det nok ein travel dag:o)

torsdag, mars 15, 2007

Dagen i dag

skulle eg brukt til å skrive, og det har eg gjort, litt.. Når eg har ting som eg MÅ gjere, finn eg alltid på andre ting eg heller har lyst til. Så i dag fekk eg så frykteleg lyst til å rydde. Soverommet fekk seg ein omgang med støvsugaren, og nytt sengtøy på senga. Eg flytta og inn ein gamal toalettkomode som har stått i gangen. Den høyrer saman med nattborda som vises på bilde under. Eg har tenkt å male dei kvite/lyse til sommaren, og trur det kan bli bra. Eg har kikka rundt på andre sine bloggar der de har mala møbler, og dei har blitt kjempe fine:o)




Medan eg var i gang med å rydde så tok eg eit tak på kjøkkenet og. Rydda alt vekk fra benkene og siden det vart litt fullt på bordet satte eg dette brettet på golvet.

Og kven trur de som var på pletten å, joda, Rasmus er med der det skjer.
Dette fletta brettet var heilt supert til å kvesse klørne på...


.. sitte på..



....og ligge på.
Eg trur han føler seg som ein aldri så liten konge,
den godeste Rasmus pusen.





onsdag, mars 14, 2007

Som vanleg

når eg jobbar med noko er Rasmus med,og som de ser her ligg han midt oppi det.
Eg har jobba med den skriftlege delen av ytrings oppgåva i heile dag, hmm, ting tar tid.

Eg og Marie er heime aleine i dag. Bent er ute og reiser med jobben, men han kjem heim i måro kveld:)

I måro reiser Malin, Ingrid og Silje til Barcelona. God tur jentene:) kosa dåke masse.

tirsdag, mars 13, 2007

Rasmus

han kosar seg når eg er heime, og det har eg vore siden fredag. Det var meininga at eg skulle reise tilbake til Notodden på søndags kveld, men magen min har ikkje vore heilt samarbeidsvillig dei siste dagane så då frista det ikkje å sitje 6 timar på bussen. Eg har jobba med rapporten fra praksis, er så å sei ferdige, og eg jobbe med ytringsoppgåva som skal presenterast neste veke. Eg kjeme vel i mål, men det er litt skrivearbeid igjen.
Som de ser på bildet kosar Rasmus seg i senga vår, der har han sove i heile dag, luringen:)



Forrige helg eg var heime fekk eg lyst til å male igjen, så då vart det desse to bilda. Det øverste henger over senga vår, og det andre henger i stova. Det er kjekt å byte på det som heng på veggene avogtil. Bildene måler ca 70¤100 cm.




mandag, mars 12, 2007

Til min kjære Bent...


"I love you because
you understand dear
Every singel thing
I try to do.
You`re always there to
lend a helping hand,
dear.

I love you most of all
because you`re you.

No matter what the
world may say about me,
I know your love will
always see me through.
I love you for the way
you never doubt me.
But most of all I love
you `cause you`re you.

I love you because,
because my heart is ligther
Honey every time, every
time I`m walking
by your side.

And I love you,
yes I love you because the
future is a little bit brigther.
And the door, the door
of my happiness,
you open wide.

No matter what may
be the style or season,
I know your heart
will always be true.
I love you for
a hundred
thousand reasons,
But most of all
I love you,Bent
`cause you`re you.


torsdag, mars 08, 2007

Kvinnedagen


er i dag,men har ikkje merka så mykje til det....
Tenk i måro er det helg, og eg skal heim. Gjett om eg gler meg:)
Eg var så sliten og trøtt etter praksisen i dag at eg sovna når eg kom på hybelen. Bent ringte og vekka meg kvart over 5... mon tru om eg får sove i kveld.
Ja ja, sove kan eg gjere ein annan gong.
Vi er alle litt rare,
og livet er litt rart,
og når vi finner noen
som er like rare som oss,
slutter vi oss til dem
og blir enda rarere sammen
og kaller det kjærlighet.
anonym

onsdag, mars 07, 2007

Dagen i dag


har vore fin. For tenk i dag har det vore strålande sol:)
På veg til skulen i dag var det oversvømmelse nede ved vegen. Det er frost i bakken, og når snøen smelte så vert det masse vatn....
Det gjekk greit i praksisen i dag og, men eg er glad når me er ferdige på fredag. Eg har visst meir enn nok å gjere med oppgåver. Jippi.
På fredag skal eg sitte på med Ailin heim,det er så møkje kjekkare å sitje på med henne enn på bussen. Snilla jento:)

tirsdag, mars 06, 2007

Tirsdagskvelden

kan vere ganske fin. Eg fekk nett mail av Svein med eit nydeleg bilde av Malin. Eg har hatt vond i hode i heila dag, men nå kjenner eg at det lettar. Det er bra for eg skal sjå CSI i kveld. I dag har eg vore i praksis i 6 kl, prosjektarbeid om mellomalderen. Eg har ei gruppe på 7 elevar som er på sløyden og lager sverd. Dei synest faktisk det er kjekt:)



Tenk å fått ei slik eske med konfekt....nam,nam, seier berre eg. Men eg har lova meg sjølv å ikkje ete snop i vekene,så då så, men det er lov å drømma.....
Her borte regne det så det går nesten ikkje an å gå ut, snø med regn oppå er ikkje så kjekt, men nå er det snart vår, og gjett om eg gler meg te det.