Viser innlegg med etiketten juleklubb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten juleklubb. Vis alle innlegg

torsdag, desember 20, 2007

Snop, og andre godbitar.....

Fra naturen si side kan eg nyte denne godbiten. Eg er like fascinert kvar morgon eg ser utover fjorden. Det er berre nydeleg:o)

Ein annan av naturens godbitar er denne flotte planten. For nokre dagar siden sto den i bristeferdig knopp, og kunne nesten minne om våren i sin saftige farge.

Nå står Amaryllisen der i all sin prakt. Det er eit like stort under kvar gong eg ser prosessen fra løk til full blom.

Dette er den vakraste blomen eg veit om til jul, og nå har eg to....eg snopa meg ein til i går som berre er i knopp:o)

Så over til gårsdagens store happening:o)
Ein av dei koslegaste førjulstradisjonane eg har er julesnopklubb med to venninner. I går var me hos Ingrid og opplegget er det same fra år til år. Juletradisjonane tuller ein ikkje med.
Først er det gløgg og litt småsnakk til Berit kjeme. Ho er alltid pittelitt seint ute:o)
Så er det risengrynsgraut med mandel, og eg fekk mandelen *juble*
Og så er det klart for den store snoplaginga. Me lagar alltid dei same snopsortene. Ingrid lagar peppermyntekuler med moccabønner, Berit lagar marsipan med valnøtt og sjokolade og eg lagar peanøttsjokolade. Nytt av året var at eg hakka peanøttene før eg blanda dei i sjokoladen.....Mykje sjokolade her:o)
Etter denne strie tørna så er det godt med litt kaffi og smaking på julebaksten, og denne gangen var det Ingrid sin me smaka på.
Så er det klart for den andre store begivenheta denne kvelden. *Pakkeleiken*
Reglane er som følger:
Utstyr: innpakka gåver, terning og klokkealarm.
Den går ut på at alle har med seg minst 3 pakkar som me legg på bordet. Terningen trillast og når ein får 6 så kan ein velge ein pakke, men ikkje opne han. Når alle pakkane er fordelt så skal dei pakkast opp. Deretter settes klokka på ringing etter ca 20 min. Så er det å trille terningen, og for kvar sekser får ein ta ein ting hos dei andre som ein vil ha. Dermed er kampen igang. For det er alltid noko alle vil ha, og tinga skiftar eigar for kvar sekser. Ein kan sitte med alle tinga, og brått så er alt borte. Spenninga stiger ettersom tida går og klokka kan ringe. Når klokka ringer så stoppar leiken, og dei tinga ein har hos seg, får ein.
Eg fekk 6 ting i går:o)

Her er resultatet etter kveldens snoplaging. Nissane på bilete var ein av tinga eg fekk i pakkeleiken:o)

Første gangen me hadde den leiken var Ingrid høggravid, og eg var seriøst sikker på at ho kom til å føde i løpet av kvelden. Temperaturen og engasjementet pleier å stige medan me held på.
Elles kosar me oss, pratar om laust og fast, og har det veldig kjekt i lag.
Desse to har eg gått barne og ungdomsskulen i lag med så me er gode venninner. Me treffest sånn ca annakvar månad elles i året, men julasnopeklubben er årets høgdepunkt.
Eg var vel heime sånn ca halv to i natt, og då sov resten av huset, bortsett fra Rasmuspusen, han tok godt i mot meg når eg kom. Så då fekk han ei kosestund med meg før eg kraup under dyna.
ha ein fin førjulsdag alle som kikkar innom:o)