Viser innlegg med etiketten skilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skilt. Vis alle innlegg

tirsdag, februar 15, 2011

Nostalgia

Nye varer er komne i butikken, noko står utforbi og skal berast inn,
og anna kjem om nokre veker.
*
Søte, søte Bambiar :o)
***
Skiltet treng ikkje noko nærare presentasjon.....
*fnis*



tirsdag, januar 11, 2011

Tøffe skilt

Nye varer er begynt å komme inn i butikken,
og i går kom ei ladning skilt.
Eg var utseld for dei fleste skilta før jul,
så det var godt å få inn alle favorittane mine igjen.
***Masse fine og morosame tekstar til eit kvart høve.
***
Dette kan hengast litt strategisk ved oppvaskkummen....
***

Kjempefin kjærastepresang:)
***
Det kan vere tøft å henge mange skilt, tett i tett, på ein vegg.
Eg har mange fleire enn dei som vises her, både mindre og større.
Om du vil kikke litt på skilta og evighetskalenderane + mykje anna,
så kan du klikke deg inn her her .
***





mandag, september 13, 2010

Stol på meg

Gamle stolar og krakkar fra loppemarked kan trenge ei fornying.
Dette treng ikkje koste ei formue,
men krever ein liten eigeninnsats.
***
Denne enkle stolen fekk eg av ei dame,
og den trengde ei lita oppussing.
Eg skrudde av armlen og bein som heng i eitt,
og gav dei eit par strøk kvitmaling.
Det var det eg hadde for handa akkurat då.
Stoffet stifta eg på under og bretta det til i kantene.
På baksida av ryggen bretta eg stoffet inn og spikra det fast.
Enkelt og greit.
Skal ikkje fortelje at eg greidde å skru beina på bakfram,
og at det var ganske tungt, både å skru utav og inni, desse skruane.....
Stolen sto ikkje høgt i kurs då, nei....
***
Krakken kjøpte eg for 20 kr på eit miniloppemarked,
og brukte eit kjøkkenhandkle fra Bloomingville
til å fornye trekket.
Denne er av den høge typen og veldig god å sitje på.
***
Fleire koselege og nostalgiske skilt, og evighetskalenderar,
er komen inn i butikken.
***
Mandag, ny veke og nye mogelegheitar.



fredag, september 03, 2010

Dilla på skilt

Eg har dilla på skilt og fine ord,
så når eg fann ein leverandør som hadde skilt med fine ord på
så var eg seld.
***Hjå Frøken Fryd er det nå eit relativt
godt utval i skilt med fine og,
eller morosame ord.
Her kjem eit lite utval.
***
Skilta kostar fra 49,- for dei minste
til 149,- for dei største.
***


***

Denne er fin.....
***
og denne....hehe
***
Dette under her er min kjære sin favoritt.
Kan ikkje skjøna det.
***
Ha ei nydeleg helg:)