Viser innlegg med etiketten Norske Interiør Blogger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Norske Interiør Blogger. Vis alle innlegg

torsdag, februar 09, 2012

Vårleg vegg


 Om det ikkje akkurat er vår ute så har eg laga det litt vårleg i hylla på kjøkkenet.
Gult og turkis er fine og friske vårfargar.


 Ugler i mange variantar samlar eg på.
Den gule tøyugla har eg sydd, den lyseblå kjøpte eg hjå Patina for ei stund tilbake,
og den kvite fekk eg til jul av yngste dotter mi.


Eg har fått ein ny Mummikopp kvar gong eg har vore og gitt blod,
men nå har eg så mange at eg må finne noko anna.
Fine er dit ivertfall, kvar og ein.
Litt vår på kjøkkenet hjelper når det er snø og is ute.
Vil du sjå fleire vårlege vegger så kan du kikke inn HER
(Eg var litt for sein å vere med, men pyttsann)

onsdag, juli 06, 2011

Sommartid

Dette er mitt vesle bidrag til


"sommarparadis"

* Kroken ved inngangspartiet er ein god plass å setje seg ned

og ta ein kaffikopp eller lese avisa.

Her er det lunt for vinden

og på ettermiddagen kjem sola også.
*

Eit lite sommarparadis for meg

med favorittfargen turkis på benken

og favorittblomane hortensia,

syrin og lavendel i potter og kar.


onsdag, juni 02, 2010

Stilleben

"Skjønnhet er i sin helhet et spørsmål om øyet som ser"
Margaret Wolf Hungerford
*
Det er koseleg å leike seg med å lage stilleben,
og siden dette er utfordringa i juni inne hjå NIB
så tenkte eg å hive meg med.
Eg driver også og øver meg på innstillingane på nytt kamera,
så då slo eg to fluger i ein smekk.

Her tar me det me har for handa og danderar etter beste evne.


(Klikk på bileta om du vil sjå dei større)
Dette var mine bidrag,
og nå håpar eg du kanskje vart
pittelitt inspiret til å lage deg eit stilleben sjølv.
Ha ein fin dag du som kikkar innom.