Viser innlegg med etiketten året i bilete.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten året i bilete.. Vis alle innlegg

fredag, januar 07, 2011

Året i bilete, del 2

Juli var den store pusekattmånaden hjå oss.
Då var Otto, Balder, Nusse Sofie og Tigergutt
babyane våre, og me storkosa oss både 2 og 4 beinte.
****
Balder, Nusse Sofie og Tigergutt har fått nye og goe heimar,
og eg har vore på besøk hjå 2 av dei.
Fortsatt nydelege pusekattar.
Sjarmøeren Otto bur hjå oss:)
*
August var det marknad og eg sydde masse puter og ugler
som var med til Etne.
Messetur til Danmark vart det også på slutten av månaden.
*
I september blømde både klematis og sommerfuglbusk,
og dei 3 eplene på treet vart modne og smaka veldig godt.
Større avling vart det på dei 3 hageblåbærbuskane,
og på plommetreet.
***
I oktober var det hyttetur med speling, utpakking av
nye varer som kom til butikken i store mengde,
og Ottopusen er med der det skjer noko.
***
I november var det juleplanlegging i butikken,
minstejenta vart 17 år,
julemesse i Haugesund, kundekveld i butikken
og 1. søndag i advent.
Den månaden gjekk som vanleg alt for fort.
*
Desember var som november,
kjempetravelt på jobb med masse kjekke kunder,
flott vintervær ute, og koseleg innomhus.
Julehelga var me heime og slappa av med god mat og drikke,
Nyttårshelga tok me på fjellet og slapp unna det verste regnværet,
men glattisen venta oss når me kom heim.
***
Eit år går veldig snart,
og enda snarare når du summerer det opp i bilete.
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom!!!!




tirsdag, januar 04, 2011

Året i bilete, del 1

2010 fortsatte der 2009 slapp, med store mengder snø og sprengkulde.
*Fordelen med snø var lysare dagar og mogelegheit for å kunne ta fine bilete.
Snøen låg og låg, det var is på fjorden, og små og store kosa seg.
*
Når ein, som meg, ikkje er så glad i vinteraktiviteter så må ein finne på noko inne.
Eg sydde og sydde, ugler, kjolar og hjarte.
Februar kom og gjekk og snøen låg fortsatt.
*
I mars lysna det, og vårkjensla kom med blomar
som tusenfryd og perleblom.
Påskepynten vart funnen fram både heime og hjå Frøken Fryd.
Berre Fridapusen tok livet med ro.
*
I april vart den fyrste kvitveisen funnen, og då er det VÅR.
Det vart syinga av både puter og vesker denne våren,
og fortsatt var det koseleg med levande lys inne.
*
Mai kom, men ikkje den store varmen,
og sommarblomane sto på staden kvil.
*
I juni fekk Fridapusen 4 søte små.
Det blømde både her og der, men løvetannen takka for seg.
*
Vesle Ottopusen er ikkje gamle karen her,
og ute for første gong, til fotografering.
***
Del 2, juli-desember,
kjem ein annan dag.