..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
onsdag, mars 27, 2013
tirsdag, april 19, 2011
Ugler i påsken
med masse god mat, snop i bøtter og spann, noko godt i glaset,
påskekrim, påskenøtter, SOL, fregner, marsipan, tid til dine kjære,
kortspel, skitur, fjelltur, late dagar og seine kveldar.
tirsdag, april 06, 2010
Pynt og mat...
...er vel ein grei måte og oppsummere påsken på.
Pynten hjå meg er oftast vårblomar
og nokre hårete kyllingar
som stikk hovudet fram.
*
*
Egg er også fine å pynte med,både på fat i lag med andre typiske påsketing.
Eller liggande på eit bord saman med ein turkis vasemed ein kvast perleblom oppi....
Egg laga for nokre år sidan,men som er veldig in i år sidan det er i rett farge.
På trappa vaktar desse skrekkinngytande småfuglanepå eit altfor stort egg, typisk gaukegg,
og på døra slik at ikkje uvedkommande skal trengje seg på.
*
I påsken har det gått med nokre kartongar med egg,både til frukost, som her,
og i bakverk og dessertar,
som her.
(akkurat nå vart eg aldri så lite nervøs fordi det kom ein diger edderkoppkrypande på golvet her eg sitter, æsj)
*
Tilbake til påsken; me har kosa oss med god mat, gode venner,
familie, god mat, god vin, quiz, gått tur, sett film,
god mat, lese bøker, og kosa oss med god mat....
Dei andre i familien har også kosa seg med påskeegg og snop,
men siden eg uheldigvis har eit eller anna gale med smaksansen min for tida
så har alt snop smaka rett og slett forferdeleg beiskt.
Einaste positive er at eg har ikkje lagt på meg, haha.
***
Dermed er påsken 2010 finito finale slutt,
og kvardagen er heldigvis tilbake.
mandag, mars 29, 2010
Om å fryde seg...
Ingen påske uten Pjusken,
og i år når eg drog fram eska han og familien har budd i sidan i fjor,
så hadde dei jammen meg fått nokre fleire kyllingar.
Nå er dei oppe i 8 ongar,
og eg lurar på kva tid dei har tenkt å gje seg.
Pjusken har eg skrevet om tidlegare,
*
sjølv om dei må vere inne enno.
Det er koseleg å ha litt fargar innomhus
til det startar å sprette fram ute.
*
*
Me hadde hagen full av raude tusenfryd når eg var liten,
og dei var så fine å plukke små bukettar av.
Nå får dei stå på spisebordet og pynte opp til påske.
*
*
Det vil seie kaffi og kakao av mørk sjokolade,
med ein dæsj krem og kanel på toppen.
Det var slett ikkje så lurt
Det var slett ikkje så lurt
for det var heilt umogeleg å få til å sove når eg la meg.
I grunnen burde eg ha lært snart....
*
så gjorde eg ferdig heklekant på kjolar.
Godt kva som eg gjort,
Godt kva som eg gjort,
og nå er det berre resten igjen.
*
onsdag, april 08, 2009
Familieauke til påske
stakkar pjusken,
eg måtte starte leiteaksjon etter han i går.
eg fant han ikkje når eg leita i påskepynten min,
men trur du ikkje han og kjærasten
hadde gøymt seg i eit påskeegg,
og fått 4 ungar siden i fjor.
så nå har me ein heil søt og pjuskete familie.
***
god påske til alle som kikkar innom,
fra meg og pjusken.
fredag, mars 27, 2009
Vår pakke i posten...
ja det fekk eg her ein dagen.
eg vant inne hjå "My kind of blog"
når ho hadde vårkonkurranse på bloggen sin.
*
pakkane, ja for det var fleire, var så nydeleg pakka inn,
og eit nydeleg kort der ho har teke bilete.
inni pakkane var så så masse
koselege og fine ting.
ein pose karameller, 2 turkis telys,
eit trehjarta, ei hette til syltetøyglas,
og eit sinkhjerte med ei lita flaske på.
nydelege ting som eg vart kjempeglad for,
og rasmus vart veldig glad for silkepapiret...
tusen,tusen takk:)
*
og desse sølvmetall egga fra Lisbeth Dahl,
er så søte og fine.
her er både til oppheng og delbare til snop.
*
*
kjem fra minimega.
frøken fryd er faktisk den første butikken
i Noreg som sel desse produkta.
pittelitt kry av det ja:)
***
nå er det helg etter ei travel veke.
herleg, og sola skin,
men det er ein iskald vind,brrrr.
*god helg*
torsdag, mars 12, 2009
Påskegotteri...
...er eit must,
og for ein snopegris som meg
så er alltid håpet at eg skal få eit diiigert påskeegg.
Akkurat det har ikkje skjedd ennå,
og det er sikkert like greit.
Eg får påskeegg altså, men i normal størrelse.
*
og litt påskesnop også, siden det nærar seg.
Metallboksar med nydelege nostalgiske motiv,
og fylt med søte minidrops.
Posar med fylt konfekt og fløytekarameller,mmmm.
Godt at dei er innpakka,
elles hadde eg nok forspist meg...
*
fylt med påskegodt.
Desse er koselege presangar til store og små.
*
Elles går dagane, vekene og helgene skremmande fort.
I helga var me på teater og dans på bygdahuset her me bur.
Teatergruppa sette opp stykket "Den svevande jomfru"
og det var ganske morosamt,
og dei lokale skodespelarane var kjempeflinke.
Etterpå var det dans til langt på natt.
Kjempekjekk kveld.
Mandag starta eg opp med nytt sykurs,
men denne gangen for litt vidarekomne.
12 syglade damer sydde i veg,
og masse flott vart påbegynt.
Skal sjå om eg kan få tatt litt bilete av tinga dei lagar,
og kanskje eg kan få vise dei på bloggen min:)
Ha ein finfin torsdag alle saman.
tirsdag, mars 25, 2008
Tilbake til kvardagen
Desse bileta er tatt på laurdagen når finveret kom.
Torsdagen og fredagen var me stort sett innesnøa.
Det er ikkje fare for å bli solbrent heller slik som Kenneth har kledd seg....
god drikke ,og ikkje minst snop og kortspel.
Han fekk mykje motbør denne påsken.
Me spela Mattis i fleire timar kvar kveld, og han fekk kjørt seg skikkeleg, stakkar:)
Me var 7 stykker som reiste opp på onsdagskvelden, og Malin og Svein skulle reise til Kvamskogen på fredagen, men då var vegen stengd grunna uver.
Fredagsnatta kom Anette og sonen hennar William,
etter å ha stått i kø i 10 timar fordi vegen var stengd......
Laurdagen kjørte Malin og Svein,
men då kom Kirsten, Jens, Markus og Cassandra for å ligge over til søndagen.
Det gjekk fint med 11 stk under samme tak, og me storkosa oss både små og store.
så neste år er det nok ein storfamilie som er med oss på påsketur:)

Eg er begynt på eit nytt teppe i bestemorruter, men i fargar som er meir meg.
Her heklar eg 7 omgangar slik at rutene vert større, og tilfeldig fargekombinasjon.
Når noko vert lagt på golvet ser Rasmus sitt snitt til å leggje seg på det.
Her er det intet unntak)

Eg er begynt på eit nytt teppe i bestemorruter, men i fargar som er meir meg.
Her heklar eg 7 omgangar slik at rutene vert større, og tilfeldig fargekombinasjon.
Når noko vert lagt på golvet ser Rasmus sitt snitt til å leggje seg på det.Her er det intet unntak)
men på søndagskvelden når me kom heim, så lava snøen ned.
Rasmus er skikkeleg skeptisk til om han skal våge seg ut.
*
Tusen takk for alle koselege kommentarar
de har lagt igjen hos meg medan eg har vore vekke.
Eg har ikkje fått kikka innom alle saman enno
fordi eg skriv på ei oppgåve i kunst og kunstformidling.
Eg måtte berre ha ein liten pause, og då var det jo greit å lage eit lite blogginnlegg.
*
Ha ein kjempefin tysdag alle koselege bloggvenner:)
onsdag, mars 19, 2008
Påskeferie
Nå er me klare for å reise på fjellet, og påske egga til alle mine kjære er også reiseklare.
Pjusken passar på at ingen sniker oppi dei.
Kos dåke med appelsiner, kvikklunch og kakao, det skal ivertfall eg gjere:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















