tirsdag, juli 31, 2007

Bursdagsgåver og nye gardiner:o)

I går hadde eg som sagt bursdag, og eg er av den oppfatning at me skal feira det som kan feirast. Som sagt så gjort. Det kom ein del på besøk utpå kvelden og eg fekk masse pakkar *Smiler*


Denne urna fra Lene Bjerre er nå mi til odel og eige.


Eit rosetre om skal få busetje seg i hagen.

Ei lita bok om hell og lykke,og ei Claudio Ferrichi lommebok *yes*


Ein artig sukkulent i tøff potte *me like*



Flotte gore tex fjellstøvlar, så nå kan eg endeleg kaste dei gamle med hol i:o)




Blomebukett og penger vanka det også. Det er veldig koseleg å ha bursdag, og eg er ikkje eldre enn at eg vert veldig glad for presangar *fnise*.
For ei stund siden så var eg inne på bloggen til Stina, Hemma på landet, der ho viste bilder fra stova si. Der såg eg nokre fine liftgardiner ho hadde , og eg lurte på kor ho hadde fått tak i dei. Liftgardiner hadde ho mellom anna kjøpt hos Ellos, kunne ho fortelje. Eg leita meg fram til Ellos sine nettsider, og bestilte 4 liftgardiner til vinduene i stova. Så tenk i dag låg hentelappen i postkassa, og nå er gardinene komne opp.

Her er den eine gardina komen opp. Me har ikkje hatt gardiner i stova, og har eigentleg syntes det har gått greit, men det vart mykje lunare og koselegare med gardiner.

Her er min gode medhjelpar når gardinene skulle monterast. Rasmus er med der det skjer!


Eg er så fornøgd over å ha fått gardiner:o)
Dette er vinduene ved spisebordet...


og her er vinduene ved sofagruppa. *Me loves*
Elles i dag har eg gjort ferdig til eg skal inn på Etnemarknaden med saker og ting eg har laga.
Det blir spennande å sjå korleis det går.

Tusen takk til alle som stikker innom her og legg igjen ein kommentar. Det set eg stor pris på, og eg blir veldig glad:o)







mandag, juli 30, 2007

Eg, ein "Rockin`Girl Blogger"?

Eg er blitt nominert til "Rockin`Girl Blogger" av både 9na og Catta, og dette synest eg er skikkeleg stas. Tusen takk begge to :o)


Eg ser at det er mange som er blitt nominerte til denne eksklusive tittelen, så eg måtte prøve å finne nokre som ikkje var nominerte enno.
Dei nominerte er:*trommevirvel*
Malin som har bloggen mmmalin. Ho er eldste datter mi, og det er ho som har æra for at mammo er hekta på blogging. På bloggen hennar kan eg halde meg oppdatert med kva ho held på med, sjølv om ho bur i Stavanger.
Flower power nominerer eg fordi ho har så mange kreative idear og løysingar som ho deler med oss. Det er alltid like kjekt å kikke innom på bloggen hennar.
Trines hus og hage er neste kvinne ut. Ho har ein flott blogg der ho viser fram dei nydelegaste hage og blome bilete.
Så er turen komen til Aina som har bloggen Modern country. Ho skriver så entusiastisk om det meste og viser alltid flotte bilete.
Til slutt og ikkje minst så vil eg nominere Sol som har bloggen My kind of blog. Ho er nominert fordi ho er ein fantastisk fotograf som lar oss få sjå alle dei nydelege bileta ho tar.
Rock on girls:o)

Bursdag:o)

På dette bildet er eg 1 år, og det er 37 år siden....
Så med andre ord: EG er 38 år i dag*hurra for meg*

Så alle er hjarteleg velkommen innom på kaffi og kaker:o)



torsdag, juli 26, 2007

Vesker og sånn...

Den siste veka har eg sydd, sydd og sydd vesker, og her er resultatet så langt. Svart linveske som eg har quilta med fleirfarga silketråd. Lang skulderreim og glidelås.

Eg har sydd på eit nostalgisk bilete som passa i fargane. Her har eg brukt tungesting/knappholsting til å feste bildet med.

Ei litt lengre veske i svart lin og stoff med skrift på. Denne er quilta med gråsvart melert silketråd, og litt sterk rosa. Her er det også lang hank og glidelås. Eit lite bilde i svart/kvitt vart sydd på.


Ei enkel framside med quilta pynt i turkis og limegrønt.




Baksida har innsydd balistoff i friske fargar.




Eit lite bilete av Venus er sydd fast med maskin og ein stikning er sydd rundt.




Ei større veske med innsydd Balistoff og applikert blome, quilta med turkis og grøn silketråd.


To litt mindre vesker i halvlin, quilta med silketråd og påsydde nostalgiske bilete.


Hjarta er applikert på med stoppefoten. Det gir eit litt røffare uttrykk.


Her ser ein saumane betre.
Begge veskene har lange hankar og glidelås.

Sånn nå har eg vist litt av det eg har putla med den siste veka. Det er knallskoi å sy vesker, og når eg syr, så får eg heile tida idèar til nye. Så får me sjå kor mange det blir:o)








mandag, juli 23, 2007

Mandag??? Ka meine du???

Hjelpe meg så fort dagane og vekene går. Eg har litt problemer for tida med å halde orden på vekedagar og helga. Det går litt i surr nå som eg jobbar både dag, kveld og natt, og i tillegg helger. Eg er ikkje van med sånt så eg trur det er torsdag når det er mandag og mandag når det er lørdag....Heldigvis så har eg komt meg på jobb til rette tider. Eg er klar for fri nå, og er inne i sista jobbeveka mi.
Her i huset er det akkurat nå eit aldri så lite kappløp mellom mannen i huset og Rasmuspusen ...
Katten spring først og maen etter...Dei kallar det for gøyma og leita. Han skuldar på at Marie er hos far sin denne veka, så han har ikkje henne å terge på så nå er det Rasmus så får gjennomgå, eller omvendt. Rasmus er heilt sprø for tida, han galopperer gjennom huset, klatrar både inne og ute, heng i sprossene på vinduene, og stjel smykkene som eg lagar. Han strekker seg opp på bordet og tar eitt og eitt smykke i munnen og drar dei ned på golvet, og ber dei med seg i munnen. Han ser unekteleg litt rar ut:o) Kan det vere at han er forsinka vårkåt, eller noko. Eg har forklart han tidlegare at han er kastrert, men eg trur han lukker øyrene når eg snakkar om det.

Siden eg har jobba så mykje i det siste,så er det lite eg har fått gjort på hobbyfronten, men nokre nye smykker er det blitt, og lin vesker er under produksjon.

Her har eg brukt brune og turkis perler på dobbel lintråd.


Eg måtte bruke englane som eg kjøpte på Panduro. Dei vart ganske søte:o)




Herresmykker i svart og kvitt. Dei store kvite perlene med kinategn kjøpte eg i dag på ein full fart tur til by`n i eit anna ærend. Grunne kjem lengre nede.





Eit lin smykke til, med perler i turkis og brunbeige.




I helga var me i Vik, bygda oppforbi oss, der det vart arrangert fiskefestival. Me fiska ikkje i år, men me spiste grilla laks med masse godt tilbehør, og snurringar baka i det gamla bakeriet på "Plassabakeriet". Det var nydeleg og varmt vèr den dagen , og forskrekkeleg masse folk så me traff mange kjente som me slo av ein drøs med. Om kvelden var det dans i telt, men siden eg hadde lova å ta ei nattevakt for ei anna på jobb, så vart det ikkje dans på meg. Min kjære var der, men det trur eg han trega litt på om søndagen, hehe.


Som tidlegare nevnt så var me ein kjapp tur til by`n i ettermiddag, fordi vaskemaskinen har slått seg enda meir vrang enn han har vore tidlegare. Nå står han berre å bråke,tar inn vatn, og blinke med alle lysa sin, men vaske vil han ikkje. ???#*hmf%¤#
Me hadde reperatør på han tidlegare, men det var ikkje så mykje å gjere. Han har hompa og gått fram til før helga, så var det beint slutt. Så nå må me ha oss ny vaskemaskin. Det var mykje anna eg kunne tenkt meg å brukt dei 1000- lappane på, men, men.


Sånn, nå har eg fått klaga litt:o)
Det hjelper å få det ut, om så berre på bloggen. Den er god å ha!
Eg har fri i morgon, og skal jobbe ut denne veka, inklusiv helga, så er eg ferdig for denne gang.
Eg vart spurt om eg kunne tenke meg å jobbe viss dei trong vikar, og det sa eg ja takk til. Det er ein veldig kjekk og takknemleg jobb.







onsdag, juli 18, 2007

Onsdagsfri.

I kveld har me kost oss med "Brothers and sisters", og jordbær med vaniljesaus og krem,mmmm:)

Nå er muringa utforbi ferdig, og det vart veldig bra. Så nå er det min jobb å plante, og få det fint...

Muren går bak huset mot høgre, der er det bratt skråning opp mot naboen. Mot venstre i bildet skal det murast fleire meter mot garasjen vår, men det får me ta seinare. (lommeboka sa stopp for denne gang). Det blir grøne buskvekster oppi her, trur eg. Forslag tas imot med takk:)

-Pakke fra Panduro-

Jippi.
I dag kom pakken, eg har venta på, fra Panduro. Oppi den var det masse perler og dill til å lage smykker av.


Denne medaljongen var så nostalgisk og fin.

Desse firkanta delene målar ca 1*1 cm, og det var fire forskjellige englemotiv på dei. *favoritt*





Eg har laga litt smykker i dag, og her er eit med katte anheng.






Herresmykker i svart og limegrøn på linsnor.





I dag har eg hatt fri fra jobben, og har vore på hytta til søster mi Berit. Eg har hjalp henne med å lage seg blogg, og komme igang. Så alle som er innom her, må også kikke innom til Beritsøster. Sjå på lista mi over koselege bloggarar.
Her er det så surt og trist ver for tida, men det skal visst bli bedre til helga. Eg måtte fyre i omnen i kveld, så hutre var det....*Sommar,jada*








søndag, juli 15, 2007

Fisketur.

I dag har eg og min kjære vore på fisketur. Eg er glad i å fiske, men eg har aldri fiska med makk i elv før, så dette skulle eg få prøve i dag. Berre for å ha sagt det: eg kan ikkje fordra makk, så den måtte min kjære sette på kroken for meg..... Eg får frysningar av å sjå på dei, sjølv om eg syntes litt synd på makken og, der han hang fast. Hmmm, litt merkeleg, men sånn er det.
Det vart ikkje så mykje aure på oss. Me fekk nokre små som me måtte hive uti igjen, ifølge han som kan dette....Det var ein fin tur, men det regna ganske mykje til å begynne med (flott fiskever), det var veldig ulendt terreng, tett buskas av einer og anna grønt der me gjekk opp og ned ved elva. Siden det er min kjære som er elva fiskar av oss to, så fekk han fiske litt aleine uten å måtte tre på makk for meg. Eg hadde jo fotoapparatet med meg, og då er eg berga.


I skogen er det mange fine motiv. Einerbusken er fin og grøn når sola dukka opp etter regnskyllen.

Ein bitte liten sopp dukka opp nede ved ein trestamme.



Desse to plantene er ein vill orkide, men eg huskar ikkje namnet på dei.

Eg ønsker meg veldig eit digitalt speilreflekskamera. Det er så kjekt å fotografere, men eg kunne tenkt meg å kunne tatt bilder ennå nærare enn eg kan nå. Det er lov å ønske seg:o)

Blåklokker vaks det også rundt elva. Fine blomen:o)

Som de kan sjå av bildet er min kjære i sitt rette element her. Det er ein fin plass dette, og i enden her ser det brua som går over elva.


Ganske idyllisk.
Turen var flott, det vart ikkje fisk, men me var fornøyde likevel. Det var godt å vere ute ein heil søndag, men eg vart så trøtt når me kom heim at eg slokna på sofan ei god stund. Sikkert ikkje så lurt når eg skal tidleg på jobb i morgon, men,men.

Her er mine ganske så gjennomvåte sko og føtter....Hehe, deilig.
Ha ei finfin veke alle som kikkar innom:o)