onsdag, oktober 20, 2010

Tre med patina

På loppemarkedet for nokre veker siden kjøpte eg denne korga
som er til vinballong i glas.
Eg har ikkje tenkt å setje vin, men ei korg har eg alltid bruk for.
Det syns vesle Ottopusen også.
***Eg skrubba og vaska den i grønsåpe,
og då vart den så fin atte.
***
Eg har ei til som står på lageret,
og som eg må ta heim og vaske rein.
Desse vert nok fine til jul fulle med kongler,
eller eg kan ha noko heilt anna oppi.
***
Dette trauet har eg hatt i mange år,
kjøpt på auksjon ein eller annan plass....
Godt brukt og fin patina på dette også.
Eg likar tre som er slitt, brukt og har den varme fine gløden
som kjem etter som åra går.
Dette har, som du ser, kattane lagt sin elsk på.
***
Må vise pittelitt fra Frøken Fryd også.
Nydeleg englevinge fra Krasilnikoff
til å henge bilete og kort på.
***
Kjempefin ramme med glass på begge sider,
og som har opning i sida.
Har den i 2 str,
og dette er den minste
som målar 4 x 5,5 cm.
***
Ha ein fin haustdag du som kikkar innom.
HildeS




fredag, oktober 15, 2010

Frøken Fryd 2 år

Hipp, hipp, HURRA !!!!
*** Legg att ein kommentar
så kan du vere den heldige
som vinner ei gåve fra Frøken Fryd.
Trekkes på søndag.
***
Oppdatering.
Vinnerar av ei overrasking fra Frøken Fryd er
Nr 2
Nr 14
og
Nr 21
som har lagt igjen ein kommentar.

mandag, oktober 11, 2010

Risposesying

Eg har ei lita koseleg venninne, eller lita og lita, ho er 10 år,
og kjem og hjelper meg på butikken av og til.
I dag, etter at ho hadde prisa og sett ut varer,
så fann me på litt anna.
Først hjalp ho meg med å fylle ris i risposane eg har inni uglene,
og når det var gjort så skulle ho få sy litt.
***Risposar kan brukast til å kaste med og sjonglere med,
og dette ville ho sy.
Eg skar ut kvadrat på 12 x 12 cm
og ho sydde rundt 3 sider.
****
Nøyaktighet er viktig, og å feste tråden godt.
***

Ho sydde saman to forskjellige stoff, fylde med ris,
og bretta saman opninga slik at saumane ligg mot kvarandre.
Dette gjer at posen får ei trekantform.
***
Sikksakka tett over opninga, klippe tråden,
og vips...
**
Ein flott rispose.
**
Det vart mange risposar i forskjellige fargar og stoff.
Heile 7 stykker tilslutt.
***





mandag, oktober 04, 2010

Lopper

Det var skrekkeleg vanskeleg å velge ut
kva som er mitt beste loppefunn til NIB si oktoberutfordring,
fordi akkurat når eg har kjøpt ein "ny" ting
så er det den som er best, hehe.
***
Denne lampen kjøpte eg for nokre år siden på ein av
Misjonselskapet sine gjenbrukstasjonar.
Enkel og rein i forma og knallfin grønfarge.
Berre synd at han har ein del malingsprikkar på seg.
Denne bittelille pusekatten i porselen
kjøpte eg på laurdag på loppemarkedet her i Skjold.
Masse, masse flotte lopper til kjekke prisar.
***
På laurdag fann eg 2 til av lysestakane/vasane som eg samlar på,
og stetteskåla i midten.
Eg vert så glad når eg finn desse fantastisk fine tinga
på loppemarked og gjenbrukstasjonar,
så smalinga mi veks jamt og trutt.
5 kr stk. betalte eg,
og det kan eg vel kalle eit kupp:)))



fredag, oktober 01, 2010

U for ugle

Eg likar ugler,
små,
store,
i glass,
keramikk,
tøy,
levande,
men ikkje utstoppa....
*
Desse fine kvite uglene kjem fra Madam Stoltz,
og har hol til vanlege lys og små juletrelys.
Finfine:-)

UGLEbokstavane fås kjøpt ein og ein,
og så kan du skrive det du vil.
GULE eller GLUE...
Har heile alfabetet utanom ÆØÅ
***
Søt ugleknagg som også finns i rosa,
og som magnet.
Kjekt å ha !!!
***
Til opplysning:
Laurdag 2. oktober kl 12.00 - 16.00
er det stor LOPPEMARKNAD
Skjold Arena i Skjold v/ E 134
ca 2-3 mil aust for Haugesund.
***
GOD HELG