mandag, september 18, 2006

Mandag på Notodden

Så er snart mandagen øve, og det er snart torsdag og eg skal him igjen.
Eg kom her i dag kl kvart øve 5 i dag tidleg,egentleg er det midt på nåttå itte mitt begrep,men sånn er det blitt når eg skal her te.
Har nett vore nere i byen og kjøpt meg meir garn for å hekle. May Liss, som bur i same huset som meg,helde på å lære meg å hekle.....Det er ganske kjekt,faktisk,må berre læra meg å lese oppskrifter for det kan eg ikkje,men men:)
Nå skal eg på hybelen å varme meg pizza te middag. Det er kjekt med fryseboks,siden eg lagde masse pizza forrige veke.

HURRA FOR:

Snart torsdag

Fint ver

Ferdig med praksisveke

Lære å hekle

Malin sin nye Mac ( Tobias)

Bryan Adams konsert

Bent som eg er så gla i:)

+ adle andre eg e gla i:)

søndag, september 10, 2006

Rapport frå studentlivet ved høgskulen i Notodden

Her er det eg og Rasmus som har oss ei kose stund. Han er ein kosete og til tider svært rampete katt. Han er nå snart 4 mnd ,og me skal snart få han kastrert. Det trur eg er det beste,både for oss og Rasmus:)
Marie byrja på undoms skulen nå i august,og då hadde ho lyst på nytt penal. Ho valde ut stoffa sjølv,og eg sydde det. Slik vart resultatet,og ho vart fornøgd:)




Som dåke sikkert har lese her på bloggen tidlegare så skulle eg begynne på faglærar utdanning i formgjeving,kunst og handverk ved høgskulen i Telemark, avd Notodden. Og siden eg skulle flytte på hybel der i vekene,så måtte eg jo ha med meg litt handarbeid om eg kunne tutle litt med om kveldane. Eg sydde meg ein del pungar og toalettvesker som det berre var handsaum igjen på,og tok med meg.


Eg er og glad i å lese,så då vart nokre uleste bøker med på flyttelasset til Notodden.


I Ole Brumm si lille "håndbok for studenter i alle aldre" sto det at ein skulle velge husvære med omhu..... Så eg bur i studenthybel på Høgås. Det er eit hybelhus for åtte personar,der to og to deler kjøkken og bad,alle har eige soverom,og tv-stova er felles for alle.Det er litt uvant,men det går greit. Det er kjekke folk som bur der,og me går godt ilag:)


Første oppgava me fekk på skulen, var å ta med eit eller anna som hadde med eit dyr å gjere. Det skulle me bruke når me presenterte oss for klassen,og me skulle lage dyret av ei trerot,eller noko anna.Etterpå skulle me iscenesette korleis alle dyra møttes på høgskulen for å bli faglærarar. Det vart ganske mykje moro utav det:)

Etter det vart klassen delt i to,og ei gruppe skulle spikke smørekniv og treskjei, og den andre gruppa skulle lage dyret i tekstil,uten bruk av kjenneteikn som hale, nase osb. Me skulle heller få fram ei kjensle , eller noko anna særskilt for dyret vårt.Eg hadde om katten,og valde å konsentrere meg om kontrastane til katten. Me måtte bruke eit stoff me fekk utdelt,og så måtte me bruke klostersaum, eller variantar av denne. Så det som dåke ser her er då min måte å løyse denne oppgåva på. Den heiter "Kattens kontrastar".

Så det er det me har jobba med i desse tre vekene eg har gått der oppe. Neste veke skal me ut i praksis på ein barneskule der oppe. Det vert sikkert kjekt.

Eg tar Haukeliekspressen opp og ned,og det går fint. Det er berre 6 timar på bussen ein veg!!!!

Om søndagane,som i dag,tar eg nattbussen. Den går herfra i 23 tida,og eg er på hybelen 05.30 i mårå tidleg. Yes!!! det er kjekt med lite søvn.