Viser innlegg med etiketten syprosjekter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syprosjekter. Vis alle innlegg

mandag, oktober 11, 2010

Risposesying

Eg har ei lita koseleg venninne, eller lita og lita, ho er 10 år,
og kjem og hjelper meg på butikken av og til.
I dag, etter at ho hadde prisa og sett ut varer,
så fann me på litt anna.
Først hjalp ho meg med å fylle ris i risposane eg har inni uglene,
og når det var gjort så skulle ho få sy litt.
***Risposar kan brukast til å kaste med og sjonglere med,
og dette ville ho sy.
Eg skar ut kvadrat på 12 x 12 cm
og ho sydde rundt 3 sider.
****
Nøyaktighet er viktig, og å feste tråden godt.
***

Ho sydde saman to forskjellige stoff, fylde med ris,
og bretta saman opninga slik at saumane ligg mot kvarandre.
Dette gjer at posen får ei trekantform.
***
Sikksakka tett over opninga, klippe tråden,
og vips...
**
Ein flott rispose.
**
Det vart mange risposar i forskjellige fargar og stoff.
Heile 7 stykker tilslutt.
***





tirsdag, februar 16, 2010

Tysdagspyssel

Eg syr litt hjarte som så mange andre gjer,
men hjarta er noko av det finaste eg veit,
og vert aldri lei av den forma.
Her er det ein gamal linduk som har fått nytt liv
som hjarte, og fleire skal det bli.
I helga var eg like heldig som mange andre jenter,
og få ein flott tulipanbukett.

Kvite og rosa tulipanar saman med gåsongar og blåbærlyng
gir skikkeleg vårkjensle.
Våren lar fortsatt vente på seg her vest,
for snøen ligg kvit og tjukk,
og har ikkje tenkt å gå sin veg enno.
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom!







fredag, januar 22, 2010

Sømmeleg, bør det vere....

Kjolen er sydd i mjuk og god chenille,
og har applikasjonar sydd på maskin, framme og bak.
Bokstaveleg talt...

torsdag, januar 21, 2010

Ugla bugla



Eg syr litt innimellom alt anna,
og nå er det ugler og småfuglar det går i.
Det er nok lengtinga etter våren.....