Viser innlegg med etiketten smykker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten smykker. Vis alle innlegg

onsdag, april 14, 2010

Litt nytt fra Chic Antique

Det er alltid kjekt når det kjem nye varer,
og i dag kom desse tøffe bokstav- og tallsjablongane i metall.
*
Kjempetøff å ha som pynt,
men også flotte til å bruke som sjablongar.

Søte og nostalgiske metalltags
*
Fine til pynt på ein knagg eller på ein pakke.
*
Hjarta i metall med nostalgisk bilete.
Desse er utruleg søte:))
*
Koselege temperaturmålarar med forskellige motiv
som er like fine inne som ute.
**
Herlege metallboksar i pastellfargar med duftelys.
**
Rosa med blomeduft.
*
Lysegrøn med duft av roser og vanilje.
Boksar med lokk er alltid kjekt og kan fortsatt brukes
om lyset er brent opp.
Gjenbruk likar me:)))
**
Eg har laga ein del nye armband og smykke
nå når våren er komen her i vest.
Det er alltid kjekt å pynte seg litt.
*

Min favorittfarge gjennom mange år er lys turkis og aqua.
Den blir eg aldri lei.
*
Rosa glassperler i armband.
Pastellane står sterkt nå i vår,
og litt farge gjere godt nå når sola skin
og vårklærne skal finnast fram.
***













tirsdag, april 10, 2007

Smykker og litt til...

Eg er veldig glad i perler og i å lage smykker, men det på bildet har eg ikkje laga. Det er eit emaljesmykke som eg har arva etter mamma mi. Eg har ikkje brukt det så mykje fordi eg var så ung da eg fekk det, og eg følte det var eit litt "voksent" smykke. Nå er eg så pass gammal at eg kan bruke det, he he:) Eg må få meg ein 50-tals kjole som passar til stilen.

I dag har eg laga smykker og armband til eg fekk vondt i ryggen...
Her er eit lite utval av det eg laga i dag:)


Herre/gutte smykker, med røffe perler på lintråd.


Langt smykke med treperler knyta på dobbel lintråd.



Langt kjede med kvite og blanke perler.



Langt kjede i blått og brunt, med låsen framme.



Armband i mange glade og friske fargar.





Eg skal lage bordkort til bryllupet vårt, og her er første prøve...
Dette kan nok brukast, men eg skal få tak i tjukkare metalltråd/streng. Eg har lyst å lage hjerteform, og denne strengen var for tynn til å forme skikkeleg.