mandag, desember 31, 2007

Godt nytt år

er me komne til vegs ende av 2007, og eit nytt og ubrukt 2008 står foran oss.
Året som gjekk har vore eit godt år på alle måtar, og det håpar eg at 2008 også vil bli.


med dette så vil eg ønskje alle som kikkar innom,
kjende, ukjende, venner og familie,
ei fin og koseleg nyttårsafta, og eit godt nytt år på alle måtar.
God og varm nyttårsklem til deg som ser innom.

søndag, desember 30, 2007

Nest siste dagen....

...er dette i 2007. Eitt år går så veldig fort, og nå er det snart eit heilt nytt og ubrukt år som står foran oss. Romjula er snart over, og me har kost oss masse, slappa av og tatt det heilt med ro.

Me har ikkje farta så mykje denne romjula, men ein kveld var me på kino og såg "Eventyr i New York", koseleg romantisk film.
Ein annan kveld såg me "Wild Hogs" på dvd,ein ustyrteleg morosam film om 4 godt vaksne menn som skulle på sitt livs motorsykkeltur, med diverse forviklingar.
Me har fått gått nokre turar i frisk luft innimellom regnbygene også, men i dag skin sola og gradestokken viser berre nokre få grader:)


I går kveld hadde me besøk av eit vennepar, og det var skikkeleg koseleg. Me serverte då juletaco og godt i glaset. Etterpå var det himmelsk lapskaus og vaniljeis + litt julekaker og snop.Kaffe og cognac til dei som likar det!

Besøket hadde med seg pakke til mannen i huset. Han vart så "utruleg fornærma" fordi han ikkje fekk pakke fra Mona og dattera, slik som eg fekk til jul....
Så då fekk han denne søte nissejenta som plaster på såret, og som sjølvsagt måtte plasserast ilag med mine englar, Josef og Maria figurar. Søt var ho ivertfall:)


Eg fekk ein nydeleg Primula plante og ei flaske raudvin.
Primula er den nydelegaste blomen eg veit om når jula er rydda bort. Då må eg ha mange slike rundtomkring i huset. Når den blomen er på plass så er det ikkje lenge til våren er her:)
Det godt me stadig har noko kjekt å sjå fram til.
I ettermiddag skal me ta oss ein tur til Beritsøster på Karmøy. Må ha ein tur ut der i romjula, det høyrer med:)
Så håpar eg at alle som kikkar innom har hatt, og fortsatt har, ei fin og koseleg romjul.
Takk for alle fine og koselege ord de legg igjen her hos meg:)



fredag, desember 28, 2007

Kvilestein


Vi treng ein plass som er vår!
Eit rom vi kan lukka augo og finna
tilbake til når livet krev.
Ein kvilestein, ei elvebreidd, eit fjell
eller ei famn.
Noko som alltid vil forbli vårt
fordi vi eingong var der.
Bente Bratlund Mæland
*
The last Sky Watch Friday in 2007
We all need a place to rest,
and this place give me peace in mind.

mandag, desember 24, 2007

GOD JUL

er treet pynta og gåvene innpakka. Rasmus pusen har undersøkt alle pakkane som er komen i hus dei siste dagane. Han har testa kvaliteten på pakkebanda særleg.

Slik vart årets tre. Det er pynta med kuler i raudt og gull, englar og gullglitter.

Julafta skal me feire her hos oss sjølv ilag med foreldra til mannen, og eine søster hans med mann og dotter. Mine ongar er hos faren denne jula, men kjem heim til oss andre juledag. Eg savne dei allereie, sjølv om Malin og Svein var innom her på kvelds før dei kjørte videre.
Kl halv fire skal me i kyrkja, og då reknar eg med at alt er klart før me går dit. Då skal eg også ha sett "3 nøtter til Askepott" og Disney filmsnuttar.
Me skal spise verdens beste pinnekjøtt som svigerforeldra mine har salta og tørka sjølv, kålrotstappe og poteter til. Desserten er riskrem med jordbærsaus og mandel i.


vil eg ønske alle som kikkar innom ei fin og fredeleg julehelg med kos og hygge:)

HYMNE TIL JOSEF
*
Den unge Maria vandret
engang til Betlehems by
forteller den gamle legende
som alltid er like ny
*
Det var ikke rom i herberget
Men stallen var lun og varm.
Så fødte hun der sin første sønn
støttet av Josefs arm.
*
Stjernesoler og visemenn.
Hyrder og englekor.
Hva tenker den mørke Josef
som aldre mælte et ord?
*
Gjennomstrålet av himmelsk glans
lyste de hellige to.
Hva tenkte den mørke Josef
som bare var trofast og god?
*
Kanhende han svøpte sin kappe
litt bedre om barnet og moren.
Slik vernet han ordløs menneskets drøm
den hellige Josef av jorden.
Inger Hagerup


lørdag, desember 22, 2007

Pitte litla julafta....

...kallar me denne dagen. Og dagen i dag har gått med til å levere ut gåver, vaske, rydde gjesterommet og slappe av.

Nå er det ferdig pynta i heimen, berre julatre som manglar, men det kjem inn i morgon. Det siste eg gjer før eg legg meg på litla julafta er å pynte treet. Så setter eg meg ned og nyter synet medan eg har ei stille stund for meg sjølv.

Sofan har fått nye puter i velour stoff kjøpt på fretex. Dei har enkle applikerte hjerter til pynt.

I gangen har ullnissen min fått plass i lag med eit par lykter. Nissen har eg hatt i mange år, og han er eg veldig glad i:)


Eit par søte englar pyntar opp på kommoden.



På loftstova er det englane som råder. Desse tre er så søte og morosame der dei står.




Dette er den første julepynten eg kjøpte meg. Engelen har porselens hender og hode, og kjole i sateng og blonder. Eg trur eg var rundt 15 år når eg kjøpte den.





I loftsvinduet heng ei lykt til telys og ein engel som er så stygg at han vert fin. Eg likar englar med personleghet, og det har han her mykje av.






Nå skal eg snart sjå " Nå er det jul ....igjen" på tv2. Den er så koseleg, og blant dei filmane eg må sjå når det er jul.
Ha ein koseleg lørdagskveld alle som kikkar innom:)







torsdag, desember 20, 2007

Snop, og andre godbitar.....

Fra naturen si side kan eg nyte denne godbiten. Eg er like fascinert kvar morgon eg ser utover fjorden. Det er berre nydeleg:o)

Ein annan av naturens godbitar er denne flotte planten. For nokre dagar siden sto den i bristeferdig knopp, og kunne nesten minne om våren i sin saftige farge.

Nå står Amaryllisen der i all sin prakt. Det er eit like stort under kvar gong eg ser prosessen fra løk til full blom.

Dette er den vakraste blomen eg veit om til jul, og nå har eg to....eg snopa meg ein til i går som berre er i knopp:o)

Så over til gårsdagens store happening:o)
Ein av dei koslegaste førjulstradisjonane eg har er julesnopklubb med to venninner. I går var me hos Ingrid og opplegget er det same fra år til år. Juletradisjonane tuller ein ikkje med.
Først er det gløgg og litt småsnakk til Berit kjeme. Ho er alltid pittelitt seint ute:o)
Så er det risengrynsgraut med mandel, og eg fekk mandelen *juble*
Og så er det klart for den store snoplaginga. Me lagar alltid dei same snopsortene. Ingrid lagar peppermyntekuler med moccabønner, Berit lagar marsipan med valnøtt og sjokolade og eg lagar peanøttsjokolade. Nytt av året var at eg hakka peanøttene før eg blanda dei i sjokoladen.....Mykje sjokolade her:o)
Etter denne strie tørna så er det godt med litt kaffi og smaking på julebaksten, og denne gangen var det Ingrid sin me smaka på.
Så er det klart for den andre store begivenheta denne kvelden. *Pakkeleiken*
Reglane er som følger:
Utstyr: innpakka gåver, terning og klokkealarm.
Den går ut på at alle har med seg minst 3 pakkar som me legg på bordet. Terningen trillast og når ein får 6 så kan ein velge ein pakke, men ikkje opne han. Når alle pakkane er fordelt så skal dei pakkast opp. Deretter settes klokka på ringing etter ca 20 min. Så er det å trille terningen, og for kvar sekser får ein ta ein ting hos dei andre som ein vil ha. Dermed er kampen igang. For det er alltid noko alle vil ha, og tinga skiftar eigar for kvar sekser. Ein kan sitte med alle tinga, og brått så er alt borte. Spenninga stiger ettersom tida går og klokka kan ringe. Når klokka ringer så stoppar leiken, og dei tinga ein har hos seg, får ein.
Eg fekk 6 ting i går:o)

Her er resultatet etter kveldens snoplaging. Nissane på bilete var ein av tinga eg fekk i pakkeleiken:o)

Første gangen me hadde den leiken var Ingrid høggravid, og eg var seriøst sikker på at ho kom til å føde i løpet av kvelden. Temperaturen og engasjementet pleier å stige medan me held på.
Elles kosar me oss, pratar om laust og fast, og har det veldig kjekt i lag.
Desse to har eg gått barne og ungdomsskulen i lag med så me er gode venninner. Me treffest sånn ca annakvar månad elles i året, men julasnopeklubben er årets høgdepunkt.
Eg var vel heime sånn ca halv to i natt, og då sov resten av huset, bortsett fra Rasmuspusen, han tok godt i mot meg når eg kom. Så då fekk han ei kosestund med meg før eg kraup under dyna.
ha ein fin førjulsdag alle som kikkar innom:o)


mandag, desember 17, 2007

Ein dag med store kontrastar.....

...kan eg vel kalle dagen i dag. Den starta så flott med eit nydeleg ver som de kan sjå av bilete. Dette er fjorden me ser fra huset vårt. Rasmus pusen ville ut tidleg i dag, og når Marie og Bent gjekk ut døra så sette eg meg til å sy ferdig nokre bestillingar. Etter nokre timar skulle eg ha meg litt mat og gjekk ned på kjøkkenet. Tenkte at nå må nå Rasmus pusen komme inn snart å få seg litt mat.

Eg syntes eg høyrde ein lyd og gjekk ut for å sjå, og utforbi døra låg ein våt, skitten og forkommen Rasmus. Eg bar han forsiktig med meg inn, og såg at her var noko galt. Stakkars lille søte Rasmus min. Eg undersøkte han forsiktig, men han ville helst ikkje at eg tok i han. Eg fant ikkje noko synleg skader på han. Så eg la han på eit teppe framfor omnen, og der låg han heilt i ro og berre pusta tungt. For meg så såg det ut som han var påkjørt, så eg ringde til dyrlegen. Der kunne eg komme sinare på dagen, og dei timane gjekk veldig seint. Eg grein nokre tårer for Rasmus pusen som hadde det så vondt, og eg ville jo ikkje miste han.
Medan eg venta på at Bent skulle komme heim og me kunne kjøre så begynte han å røre litt på seg.

Han låg slik som på bildet, og ville helst ha fred og ro.

Me fekk han til dyrlegen og han undersøkte Rasmus, og tok tempen på han for sikkerhets skuld. Han kikka inni munnen, på augene og kjende på beina og magen, men det kjendes fint ut. Dyrlegen meinte at han hadde nok fått seg ein trøkk, og var forslått. Han gav han ei sprøyte med smertestillande slik at han ikkje skulle ha vondt. Utover ettermiddagen kvikna han til og ville spise, og om kvelden var han nesten seg sjølv igjen.


Så i kveld var han såpass at han kunne inspisere resten av pakkane, og dei vart godkjende.
Så var me heldige denne gongen, men Rasmus har vel kanskje brukt opp det eine av sine 9 liv.
*
Dette innlegget skreiv eg mandag, og plutseleg så fungerte ikkje tastaturet, hmf, så då måtte eg berre lagre det til eg fant ut kva som var galt.
I ettermiddag (tirsdag) fann me ut at det var nokre ledningar som var lause etter julevasken, og så fekk me fiksa det.
Kjende nesten panikken ta meg når eg skjøna at eg ikkje kom meg inn på pc`n *fnis*



lørdag, desember 15, 2007

Så har vi vaska golvet.....

men ikkje pynta tre, for det gjere eg ikkje før litla julafta.
I dag har eg og mannen min, gjort grundig reint i heila huset. Det var godt å få det gjort, så nå blenkje det i vindauga, golva skine, og hybelkaninene har flytta ut for jula. Eg har pynta litt, men berre litt enno. Resten tar eg litt kvar dag fram mot helga.

I eine kjøkenglaset har eg sett eit par ministjerner, og lysestakane har fått litt raud julepynt dei også. Over heng ei stjerne og lyser så fint opp mot naboane.


I eine glaset mot aust står ein enkel adventstake i lag med ein sylindervase med mandariner.

Eg kjøpte meg ei tallerkenhylle på Fretex for ei stund sidan, og den er blitt mala, og fekk komme opp på eine kjøkenveggen.
Der har eg sett opp julebøker for liten og stor. Aldri godt å vite kven som kjem på besøk og vil bli lest for.
Eg elskar å lese høgt for både små og store barn. Særleg Astrid Lindgren sine forteljingar:o)


Inni eine stoveglaset fekk eit lyskjegletre stå, saman med eit par englar.



I vindauget ved sofagruppa står Maria, Josef og Jesusbarnet saman med to englar.
Desse er eg veldig glad i.




Over omnen har eg hengt opp ei vrihasselgrein, og den har fått masse brune hjerter, glas hjerter og gullstjerner til pynt. Eg har flytta ut noko av tinga som står framme til dagleg nå når julepynten skal fram, elles så vert det så fullt alle stader.





Gullstjerne som heng på greina.






Glashjarta er i fleire storleikar.








I kveld er eg begynt å pakke inn julegåvene, og det er noko eg likar.
Det er så kjekt å pynte pakkane fint, og lage til-fra lappar som passar til.
Skal ta bilete så eg kan vise mine gåver som skal rundt om til familie og venner.
I morgon har eg og mannen tenkt oss ein tur til by`n. Det skal vere ein støttekonsert til Frelsesarmeen på torget, og der skulle det vere med mange flinke artistar.
Så er det jo kjekt å kikke rundt på den julepynta by`n vår, og kanskje spise middag på ein cafe.
Me får sjå kva me finn på.
Elles skal alle få ein klem for alle dei fine og koselege kommentarane de legg igjen her hos meg.
Det er veldig kjekt å lese, og eg blir glad for kvar og ein:o)
Ha ein fin 3. søndag i advent.







fredag, desember 14, 2007

Morning has broken

Soloppgang over fjorden.
Bilder tatt med eit par timars mellomrom.


Sunrise photo taken with a few hours interval.

onsdag, desember 12, 2007

Endeleg ferdig..

..ikkje med juleførebuingane, men med siste heimeeksamen. Nå er det berre å dure bort i morgon tidleg og levere han:o) Så nå har eg berre nokre bestillingar som eg må gjere ferdig, så er eg klar for å gjere ein stooor innsats i heimen.
I morgon kveld er det nattope på to av kjøpesentra, så då får eg nok kjøpt resten av julegåvene eg treng. Det er ikkje så mange som manglar, for eg har funnet litt her og der, til dei forskjellige.

I kveld har eg skrevet julabrev som skal sendast rundt til slekt og venner som me ikkje ser så ofte. Det er både koseleg å skrive og få julekort, og me har faktisk fått eindel allereie:o)

Pakken til min hemmelege venn i gave interiør alongen vart send på mandag, eller var det i går, hmm, så nå går eg å vente på å få pakke i posten. Gler meg:)
Så må alle ha ein fin onsdagskveld, og kos dåke i denne førjulstida:o)

mandag, desember 10, 2007

Kim du nå va...

Ein av dei finaste sangen eg vett om, fra Vamp.

Nyt han, og ha ein fin mandagskveld.

lørdag, desember 08, 2007

"Jul i gamle dagar" og lys i mørketida.

Stemningsbilete fra Sunnhordland museum.
Her er kakebordet i bestestova dekka, og alt er klart til gjestene kjem.


Nydelege gamle møbler som eg gjerne skulle hatt med meg heim.

"Klovastovo"er rekonstruert slik det såg ut i omlag 1910, og her er bordet dekka klart med rømmegraut og spekemat, og det er berre å setje seg ned å ete.


Bordet er dekka med brodert juleduk i lin, gamle glas og tallarkar.



I kjøkenet der eg og ei til steikte potetlefser ved peisen.
Det var ganske kaldt ute i dag, men me fyrte og hadde det godt og varmt på det koselege kjøkenet i lag med alle små og store som kom innom.




Ongane som kom innom fekk prøve å bake ut lefse, og steikje.
Det var ikkje alle som våga prøve, men alle ville ha smaksprøvar på ferdig smurt potetlefse.
Dei gjekk ned på høgkant, både hjå små og store.






I går var eg ute på ein liten handletur og kjøpte litt små ting på ein veldig koseleg butikk som heiter "Room 4 More".
Det er ikkje av den rimlegaste butikken eg veit om, men avogtil er eg der og snope litt.
Eg fann nokre fletta lyslykter, eit par raude og kvite stoff, litt anna dill, og eit duftelys i ei lita skål.
Eg pleier å spørje kva ting koster når det ikkje står på, men det gjorde eg ikkje denne gangen.
Så duftelyset på bilete over kostar då den nette sum av 229 ,-.......
Til trøyst så duftar heile huset av ei herleg lun eple duft, og eg brenn det med andakt *fnis*







torsdag, desember 06, 2007

Spøkelser og andre rare skapningar...

... kan du treffa på museumet i helga. Me fekk ein lite smakebit på dette i dag då me kom for å lage til jul i husa. Me fekk beskjed om å berre gå inn for det var opplåst i begge husa. Me gjekk inn i "Futastovo" der me skulle dekke bordet i bestestova. Ho eine i klassen min tok i døra inn til stova og dytta for å få ho opp, men den var nok låst likevel, og gjekk ivertfall ikkje opp. Me venta til Jane på museumet kom, og ho lurte på kvifor me ikkje gjekk inn. Nei, me fekk ikkje opp døra inn til stova fordi det var ikkje opplåst. Joda sa ho, og tok i døra og gjekk inn. Hmmm, det var jo nettopp låst, sa me. Å ja, då er spøkelset vårt på ferde igjen, sa Jane.
Så dette skal bli ei spanande helg:o)


I dette huset budde han ,som dømde den siste kvinna i Noreg, til døden for hekseri.
Lystige saker.

Eksamensutstillingen min, var eg og tok ned i dag. Her heng og står dei 10 arbeida som skulle stillast ut.
Det gjekk strål A nde. Hehe:o) Fornøgd nå 9na?


Så nå er det berre helga på museet igjen, + å skrive ei refleksjonsoppgåve etter helga.
Snart kan eg konsentrere meg om å lage til jul i heimen:o)



Rasmus pusen har gode dagar inne i korga si. Det er så ruskevèr ute at han likar seg best inne for tida. Han er ein going som maler berre nokon vil klappe han litt. Det beste han veit er å bli klødd under haka og på magen:o)
Eg skal ta meg ein bloggrunde i kveld og få ltt julestemning, det er så utruleg masse flott som vert vist rundt omkring.
Ha ein strålande kveld alle saman.