Viser innlegg med etiketten Vesker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vesker. Vis alle innlegg

tirsdag, mars 16, 2010

Nytt av gamalt.

Eg har sydd meg ny veske av eit gamalt brodert bilete.
Veska er sett saman av gråblått linstoff
og nokre bitar bomullstoff som passa i fargane.
***
Veska er rommeleg og har glidelås i front,
og lang hank slik at eg kan henge ho over skuldra.
Litt pynt i form av fløyelsband, knappar
og ein liten dingeldangel sommarfugl.
***
Nå manglar eg berre ei vårkåpe/jakke
som passar i fargane,
og så er våren hjarteleg velkomen
her i vest:)))

torsdag, juli 26, 2007

Vesker og sånn...

Den siste veka har eg sydd, sydd og sydd vesker, og her er resultatet så langt. Svart linveske som eg har quilta med fleirfarga silketråd. Lang skulderreim og glidelås.

Eg har sydd på eit nostalgisk bilete som passa i fargane. Her har eg brukt tungesting/knappholsting til å feste bildet med.

Ei litt lengre veske i svart lin og stoff med skrift på. Denne er quilta med gråsvart melert silketråd, og litt sterk rosa. Her er det også lang hank og glidelås. Eit lite bilde i svart/kvitt vart sydd på.


Ei enkel framside med quilta pynt i turkis og limegrønt.




Baksida har innsydd balistoff i friske fargar.




Eit lite bilete av Venus er sydd fast med maskin og ein stikning er sydd rundt.




Ei større veske med innsydd Balistoff og applikert blome, quilta med turkis og grøn silketråd.


To litt mindre vesker i halvlin, quilta med silketråd og påsydde nostalgiske bilete.


Hjarta er applikert på med stoppefoten. Det gir eit litt røffare uttrykk.


Her ser ein saumane betre.
Begge veskene har lange hankar og glidelås.

Sånn nå har eg vist litt av det eg har putla med den siste veka. Det er knallskoi å sy vesker, og når eg syr, så får eg heile tida idèar til nye. Så får me sjå kor mange det blir:o)