onsdag, januar 10, 2007

Tilbake i Notodden

Så var ferien over for denne gang, og eg er tilbake på skulen. Det er kjekt å vere tilbake,men det var vidunderleg å vere heime i ein månad.......Yesss det er kjekt å vere student,særleg når det kjem til feriane,og om 6 veker er det vinterferie,og så er det påskeferie,og i mai er det masse raude dagar, og sååå er det sommarferie:) Men nok om det, her er det litt kaldt,kanskje minus, og klart ver, for ein gongs skuld. Det har vore så masse tåke i haust/vinter,og det er berre grått.


Eg las på bloggen til Liv Kjersti at kven som ville kunne ta utfordringa om 6 rare ting om seg sjølv, så då gjere eg det.

*6 rare ting om meg sjølv*

1: Eg må alltid koste av lakenet med handa før eg legg meg om kvelden.

2: Eg ler ofte av ting som ingen andre ler av...

3: Eg samlar på pinnar og stein.

4: Eg hater å få hår på hendene når eg vaskar,og ja eg kunne brukt hanskar,men eg kan ikkje fordra det heller.

5: Eg grøssar på ryggen når eg kjører inn i tunnelar.

6: Eg har ein svakhet for sko,og særleg dei med høge hælar, fem av para er så høge at eg klarer ikkje gå med dei. ( har sikkert 25 par sko)

Eg utfordrar Malin til å skrive om sine rare ting:)

torsdag, januar 04, 2007

snart helg:)

Så var jula over for denne gang, og i dag tok eg vekk mesteparten av pynten. Denne Isolde nissen har eg hatt i mange år,nærmer seg snart 20 år, trur eg. Eg synest han er så flott,og det er så nydeleg arbeid som er gjort på han,fra innerst til ytterst. Eg kjøpte han av ei dame i Tysvær på ei julemesse for 800 kr, dengang syntes eg det var mykje penger,men eg hadde så lyst på han,og har ikkje angra på det kjøpet.



Denne veska sydde eg til meg sjølv før jul.Eg trong ei ny veske som ikkje var så stor,og siden eg har sydd så mange vesker til andre var det kjekt å sy noko til meg sjølv. Veska er sydd av lin og bali stoff, og er quilta med silketråd. Biletet er printa ut på overføringspapir og strøket på stoff.


Denne er eg ikkje heilt ferdig med,den skal få litt pynt på seg,enten perler eller knappar,og hank/skulder reim. Låsen kjøpte eg hos Desiree,har vore på jakt etter slik lenge,og endeleg fant eg. Det var litt putle å sy den på, men det gjekk med litt tålmod.


Er litt kry av amaryllisen min,eg er like fasinert når det kjem slike flotte blomar utav ein knopp. Det er ein knopp til heilt nede,så denne håpar eg å ha glede av lenge.

mandag, januar 01, 2007

nyttårsafta:)

Nyttårsafta feira me på Vea hos Berit og Geir, og dette flotte bordet hadde mi kjære søster dekka, og me åt og åt og åt masse godt.



Rein Egil og Bent måtte leike seg med kvar sin pose med klær som dei skulle ta på seg,men dei er ikkje heilt fortrulege med bh`ane ser det ut som.


Me fekk og besøk av ein knallflinke tryllekunstnar på 7 år ut på kvelden.


Denne vesle karen syntes det vart for mykje bråk så då tok han på hørselsvern og sovna......


Så er me over i 2007, og godt nyttår:)