torsdag, oktober 27, 2011

Haust i heimen

Haust og jordfargar passar godt saman.
Litt sollys på veggen skadar heller ikkje,
gor det har me ikkje sett for mykje til denne hausten.

Reinsdyrputa i sofaen har eg sydd av trykk kjøpt hjå Stoff og Stil,
og eg har sjølvsagt ei uglepute også.

Snart er oktober over,
og då ønskjer eg velkommen til november
og så smått litt juleførebuing i butikken.

mandag, oktober 17, 2011

Kundekveld

Posted by Picasa
Velkommen til kundekveld,
onsdag 19. oktober kl 19.00
hjå Frøken Fryd i Sal Skjold,
som ligg rett bak butikken.

Klikk på bilete så kan du lese plakaten.

mandag, oktober 03, 2011

Putekrig

Eg har endeleg fått både tid og lyst til å sy puter igjen.
Engleputa er sydd av ein utrangert duk, blonder og knappar.
*
Denne er for dei som er glad i sukkertøyfargar.
*
Rokokkodama med paraply får pryde denne puta.
Pynta med heklebrikke og blonde.
*
Badedame som saman med del av ein klokkestreng,
70-tals stoff og små heklebrikker som eg vann inne hjå Unni Strand
er blitt ei retroinspirert pute.
*
Som de ser så likar eg så mykje,
så kanskje RomantiskRetro er mi greie.