Viser innlegg med etiketten romjul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten romjul. Vis alle innlegg

tirsdag, desember 28, 2010

Julekavalkade

Eit lite bileteras fra jula vår, inne og ute.
Sink er ein stor favoritt heile året.
Enkelt og rustikt,
som kan pyntast opp eller ned.
*
Miniugla har flytta oppi pottegrana.
*
Otto måtte både undersøkje og smake på pakkane.
*
Nydelege små bjeller fra Greengate,
med fin ringlelyd.
*
Eg har ikkje våga å tenne på lysa,
men fine er dei uansett.
*

Juletreet har faktisk fått stå nesten i fred av kattepusane,
men av og til er dei bortom og slår til ei bjelle
eller nappar litt i ein fugl.
*
Stjerne i vindauget må eg ha,
og i år vart det to nye i stova.
*
Naturen har pynta seg i sin finaste drakt til jul.
Fjorden er islagd og snøen ligg fin og kvit oppå.
*

Istappane heng flotte, men farlege fra hustaka.
***
Jula har vore roleg og avslappande for vår del.
Me gjekk til dekka bord på julafta,
og elles har me stort sett halde oss heime.
Håpar du også har hatt ei fin julehelg:)








mandag, desember 28, 2009

22. 23. 24. luke, litt på etterskudd...

Det er ikkje alt som går slik ein har tenkt,
men her kjem dei tre siste lukene i adventskalenderen min.
Det vart jul, og koseleg var det også.
*
Pittelitt julestemning fra heimen.
Eg prøver å nyte romjula
og har ikkje tenkt å hive ut verken pynt eller tre enno.
*
Collagen under her var årets julekort,
og som du ser så var ikkje alle like blide.
Nokre måtte haldast litt godt fast...
*
Julafta var me heime med ongane mine + svigerson,
1. dag var me 12 til middag,
og 2. dag var me i juleselskap hos svoger min.
Søndag var ein skikkeleg lat og slappe av dag,
med filmar på tv, og snop i skåla.
***
I dag er eg på jobb,
og Frøken Fryd har all julepynt til - 50 %.
*
Ha ei fortsatt fin romjul:)


fredag, desember 26, 2008

Juledagane...

...er herleg avslappande
med god mat, god tid og late dagar.
* Som de ser av bilete har me hatt,
og har fortsatt eit nydeleg ver.
Klart, stille og kaldt.
Eg gjekk meg ein tur i dag tidleg,
før resten av huset hadde stått opp,
og fotograferte litt på min veg.
*
Inne har me det godt og varmt.
Både eg og Rasmus kosar oss
på kvar vår måte.
*
Desse støvlane ønska eg meg,
og eg må ha vore snill siden eg fekk dei,
og mykje meir.
*
Eit lite utval av det eg fekk i pakkane mine.
*
Julafta var me 11 stk til middag,
og me kosa oss med nydeleg pinnekjøt
som svigerforeldra mine hadde
salta og tørka,mmm.
Pakkar var det i massevis,
og desserten vart ikkje spist før i tolv tida.
Då var alle mette og fornøgde,
og i halv to tida gjekk gjestene heim,
og me kraup til sengs i 2 halv 3 tida:)
I går, første dag, var me heime og spiste sein frukost,
såg Mamma Mia dvd`n og hadde ribbe til middag.
Kaffe og dessert seinare på kvelden.
Mat, mat, mat...
Eg trur eg kjem til å trille ut døra
på mandag når eg skal på jobb igjen..
***
Ha ei fortsatt fin jul,
og kos deg masse.