tirsdag, april 19, 2011

Ugler i påsken

Ønskjer deg og dine ei retteleg fin og god påskehelg

med masse god mat, snop i bøtter og spann, noko godt i glaset,

påskekrim, påskenøtter, SOL, fregner, marsipan, tid til dine kjære,

kortspel, skitur, fjelltur, late dagar og seine kveldar.


onsdag, april 06, 2011

Søt, søtere, søtest...

Eg likar å pakke fine og søte pakkar på jobb,
og pyntar gjerne med eit hjarte og fine band.
Akkurat nå er det rosa og kvitt det går i,
men eg skiftar ofte papir og tilbehør.
Det er veldig kjekt å gje vekk ein pakke som er fin
både utanpå og inni :o)
* Søte øyredobbar med Swarovskisteinar
som passar til både små og store prinsesser.
Litt glamour er ikkje å forakte,
og eg syns me kan pynte oss litt i kvardagen også.
**Snuppesøt lita veske eller portemonè
som kan vere kjekk å ha i veska for oss jenter
som må ha både det eine og det andre med oss.
***
Både veskene og øyredobbane finn du
i butikken Frøken Fryd i Isvik.

tirsdag, april 05, 2011

Grease

På laurdag 2.april var det premiere på "Grease" her i bygda,
og det var ei fantastisk framsyning,
og eg storkoste meg fra start til slutt.
Eg veit kor mykje arbeid som ligg bak,
av øving, øving og atter øving, til det sat som ei kule
både fra skodespelarane, musikkorpset og Level 6.
Det har vore rundt 70 personar involvert i stykket
både på og bak scenen.
* Bilete lånt fra www.grannar.no/
*
Kjempeflinke skodespelarar,
og her var det til og med ein spesialkonstruert bil med på scenen.
Det er nesten så eg høyrer latteren til Rizzo (Therese Nesheim)
*** Bilete lånt fra www.grannar.no/
Dei søte jentene i Pink Ladys har pysjamasfest
og synger "Freddy My Love".
*
Eg kunne skrevet side opp og side ned med skryt, for det fortener dei,
men det har heldigvis både Grannar og Haugesunds Avis tatt seg av.
Spring og kjøp billettar om du vil ha med deg den
fantastiske Grease framsyninga i Skjold.
Fredag 8. og laurdag 9. april
er det sett opp ekstraframsyning:o)