I dag har folk vore i "kikke og plukke på ting" humør, så salget har ikkje tatt heilt av i dag. Det er mykje snåle folk som kjem valsande innom. Eg får mange kommentarar der eg sitter, så som; "Ja ha, e det du så sete her ?", " E de du så mala desse bildene?", " Koffer mala du ikkje fjes på di ?" "Har du ikkje syster di med deg ?" " Har du laga alt detta?????" "E de deg sjøl du har mala, elle?" og så videre. Så då smiler eg og nikkar og jattar med.Eg har hatt god tid til å studere alle som går forbi, og det er ganske interessant. Eg har studert kva dei har på seg fra topp til tå, hårfrisyre, vesker, ryggsekker, briller og korleis dei snakkar.
Konklusjonen på ein gjennomsnittsmann som har vore innom er; Mann i 50 års alderen, lettare skummamelk farga hud, iført knelang shorts med rutete skjorta oppi, har svarte sokkar i sandalene, og går rundt lettare fortvila over handlevillig kone, og tvihelde på lommaboka. Yess, der har du an:o) hehe.
På ein marknad er det mykje fint ein kan kjøpe, (og litt stygt og). Eg kom over nokre ting som går i kategorien *har ikkje bruk for, men må ha*Eg er svak for keramikk, og her fann eg litt. På bildet over er det eit brett med keramikk knappar *fine*
Nydeleg krus kan ein ikkje få for mange av. På dette står det "Fyll hjertet med glede",Tenk å finne eit hjerteforma keramikk smykke med englar på!!!
Det er fantastisk fint *Me loves*
Så nå koser eg meg aleine hima, Marie er reist til søskenbarnet sitt, og mannen i huset er på fisketur med fiskaklubben "Otard".
Dei skal ha årsmøte og middag i kveld. Damer ingen adgang, basta!!!
Skikkeleg seriøse greier. Dei må ha turane og møtene sine laaaaangt fra folk for det er ein høglytt gjeng på 8 mannfolk, i sin beste alder.
Eg har trykt i meg ein pose med smågodt og skal snart legge meg. Tenk at ein kan bli så ufatteleg sliten av å sitte heilt i ro i mange timar....
