onsdag, januar 25, 2012

Soverom Room Sketcher

 Eg har planar om å gjere nokre forandringar på soverommet,
og nå har eg leika meg litt med Room Sketcher.
Me treng meir oppbevaringsplass, og skap og hyller får eg aldri nok av.

 Her var det berre til å dra møbler og pynt på plass,
 og vips så hadde eg nytt soverom.
Det vart kanskje litt for klassisk i stilen,
men møblene og løysingane likar eg.

 Skapplass på to vegger hadde vore herleg å hatt,
og ei ny god seng.
Ønske meg*


lørdag, januar 21, 2012

Lengtar mot vår



Ja, eg vett det er litt tidleg å snakke om våren,
 men akkurat nå lengtar eg mot vår, lys og litt meir varme.
*GOD HELG*

tirsdag, januar 17, 2012

Vårleg inspirasjon fra Bloomingville

 
Så snart me har fått jula unna så er det på tide å tenke på våren, særleg når ein driv butikk.
Varer skal plukkes ut, og gave og interiørmessa i Lillestrøm skal besøkes siste helga i Januar.
Bloomingville er den første leverandøren eg fekk,
 når eg starta butikken min i 2008.


Eg syns alltid dei har masse flotte varer til greie prisar,
og dei har hyggelege mennesker som jobbar hjå seg:O)
I år er det ein del fargeklattar som gult, oransje og raudt,
men også lyseblått, rosa, lilla og grønt.



Fortsatt er det mykje sink og kvitt i interiøret,
men eg synes det er herleg med nokre skikkelege fargeklattar her og der.
Kos deg med bileta medan me ventar på vår og varm SOL.

fredag, januar 13, 2012

Inspirasjon fra Hübsch


Hübsch er eit relativt ungt engrosfirma, nett runda 1 år, Hurra,
og dei har sååå masse fine og lekre interiørvarer.
Det er alltid like spannande å sjå kva som kjem til kvar sesong,
og vår-12 kan me vel seie at
 Industri møter Natur med eit aldri så lite innslag av fargar.




Bileta har eg funnet på nettsida til Hübsch
og eg har laga collagar over fine saker og ting
som eg kunne tenkt meg å hatt i butikken min,
og heime.

torsdag, januar 12, 2012

Eit snev av vår


Gangen har fått eit snev av vår over seg,
i håp om at det kanskje kan verte litt ryddigare der ute....

lørdag, januar 07, 2012

Summer garden

 Greengate vår/sommer 2012
SUMMER GARDEN
er bestillt inn til Frøken Fryd

 Greengate er flinke til å fylle på med nye mønstrar til kvar sesong.
Nytt i år er Dora White-Rosie-Ivy Blue-Ivy Green-Ivy Pale Blue-
Penelope Blue-Pernilla White-Cornelia

Nå kan VÅREN berre komme....

tirsdag, januar 03, 2012

Nytt år og nye mogelegheiter...


...og dermed har eg og Frøken Fryd  lyst til å gi vekk denne nydelege boka
"Vintage By Nina"
til ein av våre leserar som legg att ein kommentar.
Du kan også følge Frøken Fryd si side på Facebook.
Den heldige vinnaren vert trekt på fredag 6 januar.

Ha ein fortsatt fin dag!
*
*Oppdatering*
Den heldige vinnaren av boka
 "Vintage by Nina"
vart Christine med bloggen

Gratulera så mykje!