lørdag, juli 22, 2006

Så nydeleg kan Skjoldafjorden vere ein juli morgon. Ein skulle nesten tru at nokon har stroke han.
Eg er komen inn på skulen og, fekk svar i går. Eg vart glad,men det er litt skummelt samstundes. Så nå skal eg til å bli faglærar i forming,hmmm.....Kan sikkert bruke det til noko anna og,he he.Nei eg berre tulla. Eg gler meg til å komme i gang,det er berre synd at det er så langt heimafra,6 timar med buss,men, men,det går nok bra.
Elles går dagane veldig fort, eg er ikkje så flink som eg hadde tenkt å vere i ferien,men eg mala litt i går til det vart for varmt. Plenen må me snart klyppe og,for det er ikkje så mykje hjelp i om eg har marsvina utpå.Sjølv om dei likar det veldig godt.
Rasmus pusen er blitt ein liten ramp,men ein skjønn ramp. Det er enten bånn gass, eller så sove han. Han likar seg fortsatt best inne,men han vågar seg ut på terrassen og plenen avogtil.



Sjå dei fine skoa eg har kjøpt meg i dag. Eg synest dei er kjempesøte:)
Eg og Malin var i by`n i dag. Eg skulle egentleg berre ha meg eit par flasker vin, men siden det var øveskya i dag så kikka me litt i butikkar og. Eg kjøpte nå berre eit par sko,Malin kjøpte 3 par.....


I dag kjøpte eg meg lin tråd til å lage smykker av, og det var veldig kjekt. Berre te å tre perler på og knyte knute for kvar perle. Så det er det eg har gjort i kveld. I måro er det fiskefestival i Vikebygd og dans om kvelden. Det kan jo komme te å bli kjekt:)

søndag, juli 16, 2006

Helg i fina veret:)

Familien Wannberg inviterte oss på reker og vin, på hytta i Nedstrand. Her sitter Bent, Signe og Endre,og nyter eit glas kvitvin på terrassen.Me hadde ein kjempekoseleg fredagskveld og laurdagsføremiddag ilag med dei alle 6.
Me fekk og vere med ein liten tur ut i båten,og me freste rundt litt. Her er det Henny og mamma Signe som kose seg i det nydelege veret.


Sjå den flotte utsikten det er fra hytta !!!! I bakgrunnen kan ei skimte Bogøynå og Hervik.

onsdag, juli 12, 2006

Symani.....




Eg har ikkje sydd noko nytt i det siste, men er i tenke og planlegging stadiet til eit vogntepe. Difor viser eg då bilete av syrommet mitt,g det er eg veldig glad i,og glad for at eg har. Eg rote så fryktelig når eg syr,så då er det greit å prøve og halde det sånn nåkelunde på ein plass.( og ikkje over heile huset)
Det grønne og svarte, er eit veggteppe eg sydde for fleire år siden. Eg har brukt den same teknikken i andre arbeider og. Veldig kjekk og enkel teknikk.
Øverst er ein liten pung,og dei er berre kjempesøte. Litt puslete å sy, men veldig kjekt.
Rasmus pusen ligge på fanget mitt når eg skriver dette, og han syntes tastaturet var veldig spannande. Nå er han sovna, det er enten bånn gass, eller så sover han.
I dag er det regnver så kanskje eg skal sy litt,men då må eg jage Malin opp. Ho sover på syrommet mitt, stakkars jentebaden.




Siden Malin mase sånn om at eg må vise meir av det eg lage, så får eg heller gjere det då. Det eine av desse har eg på bloggen fra før,men siden desse tre er i same naive stil, kan dei kanskje sjåast som ein serie.

tirsdag, juli 11, 2006





Rasmus er siste tilskot til familien, og som de kan sjå så er han lika oppteken av sko som oss andre. Han er ein liten triveleg krabat med masse fart i. Han har lagt sin elsk på marsvina, og klatrar oppå og inni buret deira,men er ikkje heilt sikker på om dei er lika begeistra for han. Han er eigentleg berre tøff på avstand, for når me tek Olga eller Krølle utav til han, er han heller skeptisk. Han klatrar og klyv på alt han ser, deriblant glasdører, senga mi, kjøkkeninnredning,koffertar,mm. Han vaknar midt på natta og remjar og skrik, så heile huset vaknar, og eg tek han oppi senga mi, og der sovne han,vettu......Men me er skrekkeleg gla i han!!!
Hei Bent her, detta e visst fysste gong eg e innpå blogga litt, å d e ikkje så møkje fornuftigt eg har å komma med, å d har eg forsåvidt aldri. Så d e nok best at Hilde tar seg av den biten. Men Hilde glømte nåke viktigt i dag når hu blogga om Skånevik å d va at eg klarte få m meg ei trommestikka te trommisen i Blues Brothers. Å d e heilt fantastsik altså. Å den fekk ligga på armen min i teltet heila heljå, trommestikkå på høyre arm ogHilde så klart på venstre armen. D e løye kor gla ein kan bli for ei oppfliste trommestikka men d blei eg altså, fytt i grisen. Nå ligge hu på nattbordet så eg kan kikkapå na når eg går å legge meg, når eg står opp å eg kan kikka på na hvis eg vakna midt på nåttå å ikkje får sova. Heldige eg! Takk for nå å go natt. Det vil nok bli ei stund te neste gong. :-) Bent
P.S. Ingrid kule sokkar du hadde strikka

mandag, juli 10, 2006



Brått var eg tebake!!!!

Eg måtte ha meg ei veske til eg skulle på ferie og bluesfestival,og dette vart resultatet. Etter at biletet vart tatt har eg sydd på ein rufsete lin blom på høgre sida, det passa egentleg godt.

Blues festivalen i Skånevik var heilt topp!!!!! Me låg i telt på plenen ved skulen, og der var det dusj og do som me kunne bruke. Fredagskvelden var det The Blues Brothers som var det store, knalltøft. Er litt lei meg for at eg ikkje gjekk opp litt tidlegare og fekk med meg Bjørn Berge,men men,eg har høyrt han før,og kan ikkje få med meg alt. MEN eg snakka med han etterpå,så det så!!!!

Laurdagskvelden var det Whitesnake som var høgdepunktet,snakk om at dei gamle e best!!! Salen kokte, og dei spelte så svetten og testosteronen spruta. Det var heilt vannvittig og eg var tilbake til 80 - talet fullstendig.

Teltet holdt tett og, sjølv om det regna nåke heilt vannvittig natt til søndag. Elles hadde me stort sett opphald, og det er jo kjekkast når me skulle vere ute heile helga. Det er ein sang eg har fått nok av etter helga, og det er "båten Anna", den spelte naboane på campingen døgnet rundt,jippiii......Skjønne meg ikkje heilt på sånne folk.

I mårå skal eg på Spa ute på Oasen hudpleie. Eg fekk gavekort av Bent te jul....og nå skal eg endeleg bruke det, kan tru eg glede meg. 3 timar med berre dulling og velvære.

Eg holdt nesten på å gløyme å skrive at me har fått oss kattonge, Rasmus hette han. Han er svart med kvite labbar,og er så liten og skjønn atte.

HURRA FOR:

-Rasmus pusen

-Skånevik Blues festival

-80 - tals-rock

-Spa- behandling

-Sommar is

- Pepperoni pizza

-Sova i mi egen seng

Ha ein fantastisk flott kveld adle i saman:)

torsdag, juli 06, 2006

Snart helg, og blues i skånevik.


Jippi, i mårå e det helg,og me skal til Skånevik og ha det kjekt på bluesen,og kanskje bli litt småløgne utpå kvelden. Me skal ligge i telt,eg og Bent.*romantisk*
Idag har eg og Marie vore på Amanda senteret og shoppa litt. Eg fant meg faktisk litt kler og det var jo kjekt. Alltid kjekt med nåke nytt. Marie fant seg og, og det var endå kjekkare.

Bilde ovanfor er eitt av ein serie på tre, og det er morosamt å eksperimentere litt . Eg male litt innimjødlo, for det synest eg er ei grei avveksling til syinga. Kjekt å halde på med litt forskjelligt.

HURRA FOR:

- sol sol og sol
-varmt
-bade i sjøen
-nye buksa
-2 nye toppar
-nytt undertøy....
-makrell til middag
-helg i mårå
-komentarar på bloggen
-nå skal eg legge meg..zzzzz

onsdag, juli 05, 2006

Sommar og sol.

Nå er me heime igjen etter ferietur i Danmark. Me har hatt det kjempekjekt, vore på Tivoli i Ålborg, og i Legoland. Begge deler var kjekt,men eg trur Marie likte tivoliet med berg og dal -banane best. Etter to netter i Ålborg, sette me oss i bilen og kjørte nedover til Juelsminde. Det er den koslegaste vesle byen eg har vore i. Me låg på vandrehjem,og det var 50m til stranda,og når ein gjekk ut døra var ein i handlegata. Eg fann tilogmed ein quiltebutikk der,så då fekk eg kjøpt meg litt stoff og:)
Biletet er av Marie når ho badar i bølgene på badestranda i Juelsminde.Det var ei flott sandstrand der, med masse fantastisk fine runde steinar. Eg kunne nesten ikkje gå ein meter uten at eg måtte plukke med meg ein stein,så det vart nokre som fekk vere med heim til Skjold.
Her heime hadde plenen vakse nokre cm, og den lyste grøn og fin mot oss når me kom heim. Dei siste dagane har me logge rett ut på badestranda og solt oss.Det er rett og slett fantastisk. I dag har me bada og kost oss,til og med Bent bada i dag, så då er det bra.

HURRA FOR:

-SOLÅ
-Skjeljavikjå
-Krabbar
-Jentene mine som badar med meg i sjøen
-Bent som bada i dag!!!!
-Grillmat
-Heimen vår
-Skal sikkert bada i mårå og...