torsdag, februar 09, 2012

Vårleg vegg


 Om det ikkje akkurat er vår ute så har eg laga det litt vårleg i hylla på kjøkkenet.
Gult og turkis er fine og friske vårfargar.


 Ugler i mange variantar samlar eg på.
Den gule tøyugla har eg sydd, den lyseblå kjøpte eg hjå Patina for ei stund tilbake,
og den kvite fekk eg til jul av yngste dotter mi.


Eg har fått ein ny Mummikopp kvar gong eg har vore og gitt blod,
men nå har eg så mange at eg må finne noko anna.
Fine er dit ivertfall, kvar og ein.
Litt vår på kjøkkenet hjelper når det er snø og is ute.
Vil du sjå fleire vårlege vegger så kan du kikke inn HER
(Eg var litt for sein å vere med, men pyttsann)

torsdag, februar 02, 2012

På tapetet....

 Eg er på jakt etter tapet til soverommet, og kikka inn på to nettsider der det var masse fint.
Alle dese likte eg veldig godt, så får me sjå kva det endar opp med.

onsdag, februar 01, 2012

Litt nytt

Litt nytt er komen i butikken min, og meir er ventande inn framover.

 16 store esker med Greengate kom på fredag, medan eg var reist til Lillestrøm på messe.
ReserveMona måtte ta fram superkreftene,
 og med hjelp fra ein snill sjåfør så fekk ho det inn på lageret.
Dora White er nytt er eit nytt mønster og passar godt saman med Spot beige og Naomi.

På kle og sko fronten er det litt nytt i butikken, og masse som kjem snart.
Eg har fått første sendindinga fra Creamie barnekler, og det er berre lekkert....
Fine ballerinasko, tøffe kanvas med kilehæl og supertøffe støvletter er på plass,
men det kjem meir, mykje meir, både av sko, vesker, skjerf, klær, smykker.m.m.
Så gled deg til å møte våren hjå Frøken Fryd*