torsdag, november 25, 2010

Ventetid...

1.søndag i advent er rett rundt hjørna,
og lysa står klare.
Dette plar vere ei travel tid,
men eg prøver likevel å få til litt
kos innimellom.
Juleverkstad med nokre venninner
og ongane har eg planar om neste laurdag.
Då lagar me forskjellige julapynt,
og avsluttar med risengrynsgraut.
***
I kveld er det kundekveld hjå Frøken Fryd
fra 19.30-22.30.
Då slår me til med
-20% på alt i butikken,
og
-50% på alt til advent, all lilla pynt
og tekstiler.
Dette gjelder kun i kveld og i butikken i Isvik.
VELKOMMEN innom

fredag, november 19, 2010

Titt titt

Her kikkar ei knappugle over kanten på kassen,
og vil seie
GOD HELG
*
Ho har fleire sysken som også
vil vere med.
*
Eg og uglene har ei travel helg.
Fredagskvelden er det tilrigging av plassen vår
på julemessa i Haraldshallen i Haugesund.
Laurdag og søndag skal me vere der
og selge produkta våre fra Frøken Fryd.
Velkommen
innom om du er på desse kantar




onsdag, november 10, 2010

Jula sniker seg inn...

...i butikken min, litt etter litt.
*
Denne flotte lysestaken i sink er kjempefin i vindauget
om du har smale karmar,
eller du kan ha han på peishylla.
***
Sukkersøte fuglar på rekke og rad.
Pastellfarga julepynt har eg masse av,
men sjølvsagt flott nostalgisk julepynt også.
Kjekt å ha litt for einkvar smak.
***
GOD JUL bokstavar er fine å pynte med både her og der.
Eg har også med LOVE, HOME og FAMILY.
Store flotte kvite trebokstavar som står godt.
*
Eg har fått inn nokre nydelege skjerf som
passar godt til tunikaene eg har.
Dette svarte er heilt tynt med grå broderier,
og langt nok til å legge dobbelt rundt halsen.
***
Dette er i lysgrå tynn strikk og blonder,
også langt nok til å ha dobbelt rundt halsen.
Bilete yter det ikkje full rettferd.
Det er knallfint :-)
***
Det er travle dagar og kveldar med å pakke ut varer,
lage til julebutikk, sy ferdig bestillingar,
og produsere til butikken.
Eg håpar vekene kan gå litt sakte
nå fram mot JUL,
slik at eg får gjort alt eg har lyst til :-)


onsdag, november 03, 2010

Jul i butikken...

...er det ikkje blitt heilt enda,
men på søndag skal eg bruke dagen til å få fram julepynt
og snu litt om inne i butikklokalet.
***
Eg lagar litt av pynten sjølv,
og i dag vart det nostalgisk pynta kremmerhus.
***
Kremmerhusa er i papp,
og så kler eg dei med papir,
limar på eit nostalgisk bilete
og blonder, perler, kors hjerter.mm.
Det er koseleg å ha litt forskjellig julepynt i butikken,
både handlaga og innkjøpt.
Det ser ut som kundane likar dette ivertfall.
***
Ein enkel og grei måte å pynte lys på er
å bruke eit overføringsmerke.
Eg har fleire forskjellige englar, madonna,
adventstall og julebilete.
Desse kostar fra 15 kr og oppover.
****
Eg har mange forskjellige adventstall,
og desse fra Chic Antique i glass, er nydelege.
***
Ugler er koselege heile året,
men denne som kan hengast på juleteet,
er spesielt søt, synes eg.
***
Eg gler meg til å kunne pynte til jul i butikken,
men ventar ei stund til eg byrjar med det heime.
***
Ha ei fine dag du som kikkar innom