torsdag, desember 31, 2009

Ein rusletur siste dagen i 2009...

...tok eg og Tinni i dag tidleg, eller så kjempetidleg var det ikkje.
Kvart på 10 gjekk, me og då var det - 12 grader,
og sola var på veg over åskarmen.
*
Det er så nydeleg ute nå når det er snø, kaldt og klårver.
Rett og slett vakkert !
*
I aust er sola på veg og det gir nydelege siluettar.
*
Her i bygda er det nokre få flotte eldre hus,
og dette er det eine.
Eg seier kvar gong eg går forbi her;
at eg skulle ønskje det var eg som budde der.
*
Eg og Tinni travar videre for å halde varmen.
Det var iskaldt på fingrane å fotografere,
og det høyrtes ikkje ut som fotoapparatet
likte kulda så godt heller.

*
Her er det nokon som har gått seg ein tur.
Innimellom trærne ligger det ei koseleg hytte,
men den er vanskeleg å sjå på bilete.

*
Dette er den andre plassen som eg skulle ønskje var vår.
Skogland heiter det her,
og det er ein nydeleg eigedom,
sjølv om den ikkje er så godt vedlikehaldt.
*
Oppover bakken mot skulen er det mykje snø,
og det er så vakkert når snøen ligg på trærne
og snøen glitrar som tusenmillionar diamantar.
*
er me komen til kyrkjebakken,
og utsikten utover Skjoldafjorden
er det ikkje noko å sei på.
*
Sola er komen litt lengre fram,
men kaldt er det fortsatt.
Eg har fått varmen i kroppen og fingrane etter
ein times tur.
Nå er det inn og ete litt frukost,
og så bake ei kake som eg skal ha med
til gode vener i kveld.
*
er turen min over
og det er snart dette året også.
***
Eg vil takke alle gode bloggvener
for koselege kontakt i året som gjekk,
og eg håpar me fortsett med det i 2010.
Ha ei fin og koseleg nyttårsafta alle saman,
og eg ønskjer at alle må få eit fint
og godt nytt år.
.
Nyttårsklem fra HildeS.











mandag, desember 28, 2009

22. 23. 24. luke, litt på etterskudd...

Det er ikkje alt som går slik ein har tenkt,
men her kjem dei tre siste lukene i adventskalenderen min.
Det vart jul, og koseleg var det også.
*
Pittelitt julestemning fra heimen.
Eg prøver å nyte romjula
og har ikkje tenkt å hive ut verken pynt eller tre enno.
*
Collagen under her var årets julekort,
og som du ser så var ikkje alle like blide.
Nokre måtte haldast litt godt fast...
*
Julafta var me heime med ongane mine + svigerson,
1. dag var me 12 til middag,
og 2. dag var me i juleselskap hos svoger min.
Søndag var ein skikkeleg lat og slappe av dag,
med filmar på tv, og snop i skåla.
***
I dag er eg på jobb,
og Frøken Fryd har all julepynt til - 50 %.
*
Ha ei fortsatt fin romjul:)


mandag, desember 21, 2009

20. og 21. luke


Her er det full vinter med snø langt oppetter husveggen
og i dag kikka sola også fram.
Nokon lurte på om det var juksesnø
eg hadde på vindauga i innlegget under,
men det er det ikkje.
Det snøa så mykje den dagen
at vindauga var nesten igjensnøa.
*
Pusekattane i familien syns ikkje snøen er det minste kjekk,
og nektar å gå ut.
Rasmus han ligg stort sett strekk ut foran omnen,
og kan til naud gå ut i fem minutt.
Fridapusen ho syns snøen er kjempeskummel,
og det er ikkje så rart når ho ikkje har opplevd det før.
Det som ikkje er skummelt
er å utforske alt det nye spanande
som kjem fram nå når eg pyntar til jul.
*
Fin dag til deg som kikkar innom


lørdag, desember 19, 2009

17. 18 og 19. luke

Det har lava ned med store våte snøfiller i heile dag,
og nå er det skikkeleg julestemning ute.
Eg synes det er fantastisk koseleg når det ser slik ut på vindauga,
og eg har det godt og varmt inne.
*Eg er komen eit stykke på veg med pyntinga i heimen,
men håpar at eg får gjort ein del, helst resten, i morgon.
Vanlegvis så plar eg pynte siste rest på lille julafta,
men i år har eg tenkt å vere ferdig litt før,
og heller kose meg med besøket som kjem om kvelden.
*
Ha ein fin laurdagskveld,
og god helg,
du som kikkar innom.

onsdag, desember 16, 2009

16. luke

Så var alle julekorta skrevne,
nokre har havna oppi konvolutt og skal sendast,
medan andre vert levert til mottakaren.
*Eg har brukt forskjellige mønstra juleark
som eg har bretta og knytta hyssing rundt.
Inni er det eit lite julevers, ei helsing
og bilete av 2- og 4 beinte i familien.
*
Vesle, søte Fridapusen er med der det skjer,
og ho har vakse mykje siden me fekk henne,
men stor er ho fortsatt ikkje.
*
Dagens gullkorn fra underteikna.
Romstrerer voldsomt i veska og tar utav ting.
Meg: Det er nå merkeleg at eg ikkje skal klare å finne bilnøklane
når eg hadde dei i handa for ei lita stund sidan????
Han: Står ikkje bilen din igang ute????
Meg: ...........
*
Jada, det er godt det snart er juleferie:)))

tirsdag, desember 15, 2009

13. 14. 15. luke...

..huhei kor det går unna,
og brått måtte eg slå saman 3 lukeopningar.
Nå er eg endeleg ferdig med alle putene eg har lova ferdig til jul,
men har litt anna som skal gjerast ferdig også.
*
Me var som sagt på Dagfinn Lyngbø show på laurdag,
og det var utruleg løye* ( dialektord for morsomt)
Eg lo fra eg kom til eg gjekk.
Det som ikkje var fullt så kjekt var at der me skulle ete
vart me sittande og vente i ein halv time før me fekk meny
og ein time etter det før me fekk maten.
Då var eg så svolten at eg kunne ete kva som helst,
og det enda opp med migrene utpå natta.
Men det var ein koseleg kveld uansett.
*
På søndagskvelden var me på julekonsert
med lokale aktørar,
og det var ei flott førjulsoppleving.
Så utruleg flotte og flinke sangarar
fra dei heilt minste til godt vaksne.
*
Veret er grått og trist som de kan sjå utav butikkvindauget,
men til helga skal det visst bli kaldegrader,
og nokon snakka om snø uti neste veke.
Det hadde vore utruleg koseleg og fått snø til jul,
stort sett kjem den vesle snøen me har uti februar/ mars.
Eg får setje meg til symaskinen igjen,
og gjere meg ferdig med det eg skal.
Dette var ein liten bloggelunchpause.


lørdag, desember 12, 2009

12. luke

Er berre innom for å ønskje alle
ei retteleg fin og god helg,
og fortelje at eg og min kjære skal på
Dagfinn Lyngbøs Evolusjon i kveld.
I lag med 2 av mine venninner med menner.
***
Gjett om eg gler meg, tjohei:)

fredag, desember 11, 2009

11. luke

Ny hylle er komen opp på veggen over sofaen,
og eg kosa meg med å dille og pynte i går kveld.
*Fin skugge på veggen.
*
Min kjære har avogtil nokre gullfine utsagn,
og i går kom eit av dei.
Eg ropte på han for å vise kor fint det var blitt med hylla.
Eg: Sjå kor fint det vart.
Han: Åja, heilt nydeleg....
Så snur han seg mot nokre andre møbler og seier lettare ironisk,
og så må me male desse kvite ....



torsdag, desember 10, 2009

10. luke

I dag har vore den store "sy ferdig julestrømper" dagen,
og nå er eg ferdig med dei 5 siste julestrømpene.
Enkle julestrømper i kvit lin, med strykemerkeengel,
stripete for og litt blonder.
Så får eg håpe kunden vert fornøgd.
*Glansbileteengel som eg har avfotografert,
og som kan vere fin som dekor på eit eller anna.
Versågod,
du kan ta han med deg om du vil bruke han til noko.
*
Elles har arbeidslysta,
til å gjere noko fornuftig heime,
vore svært liten dei siste dagane
Eg lurer på kor eg kan får kjøpt litt energi
og arbeidslyst til bruk etter kl 18???

onsdag, desember 09, 2009

8. & 9. luke

slår eg også i saman.
Som de ser så har eg selskap når eg
sitter og kikkar rundt i Blogglandia.
Fridapusen er med der det skjer,
og særleg der det kan vere noko som rører på seg.
Ei datamus, ein ledning eller fingrar over tastaturet...
og vert ho lei så tek ho seg ein liten kvil bak skjermen.
Der er det akkurat plass til ein liten pusekatt
*
Lys, masse lys må eg ha nå når det er mørkt
når eg kjem heim fra jobb.
Adventstaken står i kjøkenglaset,
og på bordet står eit brett med mange telysestakar.
*
"Det er bedre å tenne et lys,
enn å forbanne mørket"
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom.

mandag, desember 07, 2009

6. & 7. luke

I dag blir det "2 fluer i en smekk",
siden eg ikkje hadde noko lukeopning i går.
Laurdagskvelden kosa me oss ilag med gode vener,
og der var det mykje som sto på tapeten.
Maten var fantastisk god,
og var ei blanding av koldtbord og tapas rettar.
Litt aktiviteter måtte me også ha, og alle 8
hadde skrevet ned sant og usant om seg sjølv,
qumed iz Pondus og Beate spørsmål, pakkeleik,
+ litt gymnastikk som å gå med krølla tær,
og yoga.....
*Søndagen var ein roleg innedag, med full storm ute.
Det var nesten farleg å gå utforbi døra siden alt som låg laust
flagra med vinden.
*
Eg tok ein liten runde på kva kaker me skulle lage
og alle kom med sine favorittar.
Det vart desse :
*Havreflarn
*Potetmejølstoppar
*Krumkaker
*Maryland cookies
*Sjokoladekjeks
*Pepperkaker
*Sirupsnippar
Så håpar eg bakelysta er der
når eg kjem heim i ettermiddag:)

lørdag, desember 05, 2009

5. luke

"Du er utvalgt
av livets tilfeldigheter
til å bli elsket av meg.
For evig og alltid,
litt på tross av,
men mest på grunn av,
de mange ting
som gjør nettopp deg
så inderlig spesiell for meg".
***


fredag, desember 04, 2009

4.luke

Eg har ei fantastisk koseleg og snill svigermor,
og ho er så utruleg dyktig på alt som heiter handarbeid.
Ho strikkar vottar som eg sel i butikken,
og dette er eit par av dei eg har nå.
*Ho fekk meir garn i går kveld,
så framover kjem det flotte strikkavottar
i spreke fargekombinasjonar.
***

torsdag, desember 03, 2009

3. luke

I dag kjem litt bilete fra butikken min Frøken Fryd.
Eg har flytta litt om på tinga og pynta litt i førjulstida.
*
Den gamle døra er så fin til å henge saker og ting på,
og er passe rustikk bakgrunn til lin, englar,
lerkegreiner i kremmarhus og lysestakar
i duse jordfargar.
*
Snur me oss litt rundt så vert det nokre
sterkare fargeinnslag.
Gjenbruksputer, Greengate og lys,
og så har me litt raud julestemning.
*
På ein annan vegg er det dei søte pastellane som rår
i store og små maleri.
*
I dag er det den store sy-pute-bestillings-dagen.
Eg må ivertfall begynne om eg skal bli ferdig
med alle putene til jul, uten at det skal bli for mykje stress.
Stress er eit ord som eg ikkje likar,
og prøver å halde meg unna det både i tale og daglegliv.
Ikkje alltid lika lett, men...
*
Fin førjulsdag til deg som kikkar innom.
*klemtildeg*


onsdag, desember 02, 2009

2. luke

Så skriv kalenderen 2. desember,
og onsdag er det blitt allereie.
Tida går ikkje, ho kjem...seiast det,
men eg synes ho fyk avgarde.
*
Dagens bilete er pakkekalenderen til
Marieminstejenta.
Sjølv om ho er blitt 16 år så er det
koseleg med mamma sin pakkekalender.
Eg og min kjære gløymde å opne vår kalender i dag tidleg.
Kan du tenkja deg å vere så ør i hovudet,
og gløyma noko så viktig.

tirsdag, desember 01, 2009

1. luke...

...i kalenderen er opna,
både den eg og kjærasten har saman,
og "bloggkalenderen".
Hjartesjokoladekalenderen kjøpte eg i Rosendal,
og er ein adventskalender for 2.
Kvar dag er det eit sjokoladehjarta til kvar,
og ei oppgåve under.
I dag var det å kysse under mistelteinen,
men hjå oss så vart det under ei lerkegrein, hihi.
*
Eg hengde opp ein bjørkekrans over kjøkkenbordet i går...
*
..og gjett 3 ganger kven som syntes det var stas!!!
Yess, me gler oss til julatre kjem inn...


mandag, november 30, 2009

Boller og kakao....

....gjekk det mykje av på fredag og laurdag når eg var i Rosendal.
Varm kakao var godt og varme seg på når gradestokken
ikkje viste så mange plussgradene.
*
Kvar utstillar fekk ei bod som dei hadde tinga sine inni,
og der inni sat eg i 2 dagar.
(eg sov ikkje der inne altså, men på Rosendal Turisthotell)
Heldigvis så hadde eg godt med ullklede på meg,
så eg fraus ikkje, men eg kan ikkje påstå
at det var så skrekkeleg varmt heller,hehe.
*
Slik som dette såg det ut i litt av mi bod.
Det var masse koseleg mennesker,
både utstillarar og besøkande,
og nye og gamle kjende traff eg også.
*
I går var det 1. søndag i advent,
og eg fekk nå leita fram lysestaken
og ei stjerne til å ha i eine kjøkenglaset.
Advent kjem like overraskande pmeg å kvart år,
men det ordne seg alltid :)
*
Eg såg at det var nesten 14 dagar siden sist innlegg,
men dei siste vekene har berre flaksa av garde,
og eg med.
Likevel så har eg optimistisk tenkt å ha adventskalender på bloggen
med eit lite innlegg kvar dag.
Så får me sjå om eg klarer dette,hehe.
***
Ha ei fin og god adventstid
alle som er så snille og kikkar innom meg.


tirsdag, november 17, 2009

Engler daler ned i skjul...

...både her og der.
På laurdagens juleverkstad så vart det englar
på både syltetøyglas som vart flotte lykter,
og på kort, fyrstikkesker og andre små esker.
Me storkoste oss både små, ikkje fullt så små
og store i mange timar.
*Kjøkkenbordet mitt var dekka av
utstyr til å lage og dekorere med,
og konsentrasjonen vart på topp.
Som eine venninna mi sa;
"Eg har ikkje vore så kreativ på det eg kan hugse"
Men når ein jobbar hardt så vert ein svolten,
og då var det godt med risengrynsgraut
med mandel i...
*
På butikken er det også englar som gjeld.
Her har eg laga merkelappar med engleglans på,
og dei ligg oppi ei eske med lokk i samme stil.
Englar er fine heile året,
men eg syns dei er ekstra flotte å pynte med til jul.
Nostalgisk julepynt er det eg er mest glad i:)
*
Til helga skal eg vere med på ei julemesse i Haugesund
i Haraldshallen, og eg lagar julepynta ting for harde livet.
*
Siste helga i november skal eg vere med på
"Jul i Rosendal"
og der trur eg vert skikkeleg skikkeleg julestemning.
*
Kanskje eg ser DEG på ein av desse plassane??




fredag, november 13, 2009

God helg

Vil ønskje alle som kikkar innom
ei fin og god helg.
*
I morgon, laurdag,
skal eg har juleverkstad heime
i lag med 2 venninner og ongane deira.
Me skal kose oss med å lage julepynt,
og ete risengrynsgraut.
Det er viktig å kose seg innimellom :)

onsdag, november 11, 2009

Masse nytt og litt nyttig...

..seier venninna mi Ingrid om plassen ho jobbar.
Det samme kan eg seie også:)
Det kjem nye varer inn i butikken nesten kvar dag,
og nå er det rimeleg fullt.
Eg er særs glad i hjarte og englar,
og denne rustikke engelen synes eg er veldig flott.
Eit lite sinkhjarta er det alltid plass til,
og eskene som eg dekorer med nostalgiske bilete og blonder
er koselege til å oppbevare saker og ting i.
*
Søte englevinger som kan henge til pynt kor som helst,
og små musikkinstrumenter som kan pynte juletreet 
eller henge på ei grein.
Tøff, linfarga pute med trykk.
*
Søt og rosa lampe med klype kan vere fin gåve til jenterommet.
Eg har han også i lyseblått og kvitt.
Tøffe kruner til telys i antikksølvfarge.
Nydeleg handlaga papir fra Nepal,
med sølvtrykk og svarte noter.
Alt dette og mykje meir er å finne hjå Frøken Fryd i Isvik, 
*
Heime har eg pynta med nydelege lerkekvister 
i vasar rund tomkring i huset.
Lerkekvister med sine søte små kongler på,
 er så fine synes eg.
Det er eg forresten ikkje aleine om å syns.
Frida pusen har lagt sin elsk på desse,
 og hoppar opp på bordet og forsyner seg med både kongler og kvister.

Ho er ein aktiv liten turbopus og er inni og oppå det meste.
Vaskemaskinen er ho veldig interessert i,
og står og ser på når han går, og kryper inni når han er tom.
Glaskarmen er fin å ligge i, og alle andre plasser ho kjem til.
På bileta ser ho roleg og sindig ut, men skinnet bedrar,hehe:)
Så her i heimen er det full fart med firbeinte, 
me på to tar det litt meir med ro.
***
Ha ei fortsatt fin veke du som kikkar innom:)





fredag, november 06, 2009