I helga var det litt sol,
og både eg og Rasmuspusen er raske med å nyta dei få solstrålene som er .
Mandag fekk eg fine roser av han kjekke B
og eg laga gulrotmuffins.
Fin bursdag.
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..


Perlehalsband og armband fra to av tantejentene mine med familie.
To fine glass og telys fra minsta gullet mitt.
L ys og serviettar fra eine svigerinna mi som var heime ein tur.
Eg har jobba, jobba og atter jobba denne mnd, men nå har eg berre to vakter att.
Når eg kjem heim fra jobb seinare i dag skal eg
Som sagt var ho eit snillt og roleg barn, men ho var nysgjerrig og ville gjerne vere med der det skjedde noko. Ho låg ofte på eit teppe og kikka rundt seg med store blå auger, og så sov ho godt når ho hadde fått melkeskvetten sin.
Her har vesle gullet fått mange tenner i munnen, men håret det ville ikkje vekse før ho var godt over to år.
Kvar sommar måtte mamma lage blomekrans til å ha i håret,og så måtte det takast bilde..
Då jenta vart 3 år fekk ho seg trehjulsykkel,og her syklar ho stolt rundt på kjøkkengolvet i gamlahuset på Bjørkhaug.
Den vesle jenta vaks til og lika veldig godt å male og teikne. Det gjorde ho så snart ho hadde ei ledig stund. Her er det trolldeig som får farge på seg.
Den vesle familien auka med ein lillebror i nov- 87, og han var kjekk å leike med når han vart større. Her er det eit aldri så lite selskap, og konsentrasjonen er på topp. Tutten var heller aldri langt unna....
Dokker var med der du ferda, og her er det i Hervik hos bestemor og bestefar du er. Halane er på plass i håret, og eit smil hadde ho alltid på lur.
Ho lika å pynte seg med kjole, og få fletter i håret. Dette er nok mamma sin 20 årsdag. Den sommaren var varm og fin, og alle var brune på armar og bein.
Til kvar jul skulle det lagast julekort, med fotografering på førehand. Søskenkjærleiken var stor mellom desse to.
Her er det 7 års bursdag og du er blitt skulejenta.

Jenta er snart vaksen, og har fått seg ring i nasen....og håret er snart langt igjen.

Så alle er hjarteleg velkommen innom på kaffi og kaker:o)