Viser innlegg med etiketten Kjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjole. Vis alle innlegg

fredag, januar 21, 2011

Brukt på nytt


Som de sikkert veit så syr eg kjolar, men som oftast til andre.
Så av og til er det kjekt å sy noko til meg sjølv, og akkurat slik som eg vil.
I går kveld kom denne kjolen til.
Han er sydd av grå chenille og halsen, vrangborda på ermane og kanten nede
er fra ei strikkajakke som eg ikkje brukar lenger.
Eg likar godt lange ermar som går litt ned på handa, frysepinne som eg er.
Kanskje eg skal pynte han litt meir, men det har eg ikkje bestemt enno.
Helg igjen, hurra:o)

fredag, juni 11, 2010

Se min kjole....

Eg syr og syr alt anna enn det eg burde.
Når eg har masse bestillingar så vil eg helst gjere andre ting
og ideane poppe opp som flågesoppar ein haustdag.
**Det har blitt nokre fargeglade kjolar dei siste dagane,
og desse skal få vere med inn til
SkånevikTorgdag i morgon.
Eg har også sydd barnekjolar i samme stilen.
Det kan jo vere det er ei mor og dotter som vil ha like soppkjolar.
**
Eg ville også ha meg ein ny sommarkjole,
og då vart det litt dusare fargar.
Forskjellige støva lilla og rosa stoff
vart til ein lang kjole som kanskje heller skal bli kort.
**
Eg har ikkje bestemt meg for lengde.
Kanskje han kan vere lang ei stund,
og så er det fort gjort å klippe av.
Stoffa er fra Stoff og Stil fra i fjor
og mønster er sjølvkomponert.
**




mandag, mai 03, 2010

Solskinsmandag

"Be happy for this moment
- this moment is your life"
*
Plutseleg var det over ei veke siden sist blogginnlegg.
Vekene og helgene går skrekkeleg fort,
og nå kunne eg faktisk tenkt meg å stoppa tida litt.
Dei to siste helgene har eg vore kjøkkenhjelp i 3 konfirmasjonar.
Travelt, men veldig kjekt å kunne hjelpe til.
*
Eg har knipsa litt bilete fra butikken i dag,
og som du ser, så er det strålande sol ute:)
Trekassane er gamle dynamitt- og margarinkassar
som er fine til å ha til pynt og nytte,
både ute og inne.
Dei er kjekke å ha aviser og blader oppi,
eller stable oppå kvarandre og ha som skohylle.
Uendeleg mange bruksmogelegheiter med trekassar.
Sjølv om det er sol ute så er det ikkje den store varmen,
og i natt var det frost.
Terrasselivet må visst vente ei stund til.
Det hjelper litt å dekke sommarlege bord inne
slik eg har gjort med Greengate serviset.
*

I dag har eg hatt besøk av ei koseleg journalistdame
som skreiv om butikken min.
Eg fortalde om meg og mitt og det eg lagar sjølv,
og om trenden innan interiør og gjenbruk.
Det skal bli spanande å lese det ho skriv
og sjå bileta.
*
Puter og kjolar er blitt ein stor del av arbeidet mitt.
Eg syr og syr kjolar til store, små, lange,
tynne og trinne jenter i alle aldrar.
Putene som eg syr av gamle broderier
får også mykje merksemd.
"Alle" har eit forhold til broderte puter, klokkestreng,
løparar og bilete fra barndommen.
Kjekt å kunne bruke på nytt,
dette som nokon har brukt mange,
mange timar på å brodere.
*
Miss Dee smykke som eg har på meg,
+ mange fleire modellar, både armband og ring,
fås kjøpt i butikken.
*
Ha ein strålande fin dag, og ein god ny veke,
du som kikkar innom.





mandag, mars 29, 2010

Om å fryde seg...

Ingen påske uten Pjusken,
og i år når eg drog fram eska han og familien har budd i sidan i fjor,
så hadde dei jammen meg fått nokre fleire kyllingar.
Nå er dei oppe i 8 ongar,
og eg lurar på kva tid dei har tenkt å gje seg.
Pjusken har eg skrevet om tidlegare,
og det kan du lese om HER og HER
*
Perleblomar høyrer våren til
sjølv om dei må vere inne enno.
Det er koseleg å ha litt fargar innomhus
til det startar å sprette fram ute.
*
Tusenfryd minnar meg om barndommen.
Me hadde hagen full av raude tusenfryd når eg var liten,
og dei var så fine å plukke små bukettar av.
Nå får dei stå på spisebordet og pynte opp til påske.
*
I går kveld kosa eg meg med kaffelade.
Det vil seie kaffi og kakao av mørk sjokolade,
med ein dæsj krem og kanel på toppen.
Det var slett ikkje så lurt
for det var heilt umogeleg å få til å sove når eg la meg.
I grunnen burde eg ha lært snart....
*
Medan eg kosa meg med kaffeladen og radio
så gjorde eg ferdig heklekant på kjolar.
Godt kva som eg gjort,
og nå er det berre resten igjen.
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom.
Klem H





torsdag, februar 11, 2010

Siden sist...

....har eg sydd litt meir kjolar,
til både små og store jenter.
Eg har ein del bestillingar som eg må få unna,
og så er det kjekt å ha nokre kjolar hengande
i butikken også.




...brun som kva???
Nei det går ikkje,
men lyseblått og brunt er fint saman.
Denne heng i butikken.
I måro er det helg att,
kor i all verden vart denne veka av????



fredag, januar 22, 2010

Sømmeleg, bør det vere....

Kjolen er sydd i mjuk og god chenille,
og har applikasjonar sydd på maskin, framme og bak.
Bokstaveleg talt...

onsdag, august 12, 2009

Sommerfuglbusk og andre buskroser...

Hagen vår er ikkje så stor, men stor nok når det skal plantast
litt rundtomkring og fyllast i bedda.
I fjor kjøpte eg to sommarfuglbuskar og nå bløme dei
med vakre lillarosa og nusselege blomar.
*
Dette bedet går fra plenen og rundt halve huset,
og nå prøver eg å fylle det med litt forskjellige planter.
Litt som klatrar som klatrehortensia og klematis,
og noko som skal henge utover steinkanten,
ei pjuskete peon som Rasmus nesten har tatt knekken på,
og eit løytnanthjerte som ser ut til å trivast.
Videre er det planta både plommetre og epletre,
og så får me sjå om dei vil trivast oppi her.
*
Som du ser så har eg god gravehjelp....
Tinni synes det er veldig kjekt å vere med ute,
og er kjempeglad når han kan grave litt her og der.
Eg vil helst at han graver der...
*
Bedet går rundt huset og ved inngangspartiet
har eg planta litt forskjellige roser.
Dei fleste ser litt pjuskete ut etter alt regnet,
men forhåpentlegvis så kan dei bløme ei stund til.
Nokre er kryproser og andre er buskroser,
og så får eg sjå korleis det blir.
Eg likar godt å grave og plante,
og kosar meg ute i molda:)
*
Medan eg sat på Etnemarknade fekk eg gjort ferdig ein kjole,
og den finn du hjå Frøken Fryd, og her.
Eg har hatt og har ein god del bestillingar på kjolane eg syr,
og det går an å få kjole sydd etter mål,
og i valfri farge og dekor.
***
Ha ein finfin dag du som kikkar innom.
Smil H




onsdag, mars 11, 2009

Ei duft av vår...

Ny kjole i frisk turkis.
Sommarfarge nr 1 for meg, og kanskje for deg.
*
Kjolen er sydd i behageleg chenille,
og har påsydde hjerter og knapp.
Hekla blonde rundt hals, erme og nedrekant.
Ca str M.
Den er til salgs her
*
Litt nye varer har eg også lagt ut i Frøken Fryd sin nettbutikk.
Koseleg velkommenskilt i sink,
og det alltid like kjekke marmeladeglasset
som her har fått oppheng i sink.
Søte ballerinasko til ei lita jente med sølvglitter
og lange silkeband til å knytte oppover foten.
Velourtoalettveske med litt sølvpynt
kan også vere kjekt å ha:)
Alt dette og meir til, finn du her finner du HER.
***
Ha ein finfin onsdagskveld du som kikkar innom.
Her har SOLA vore framme i heile dag.
:)

mandag, januar 26, 2009

Se min kjole 2...

..den er blå som havet...
Eller ivertfall petroleumsblå.
Chenillekjole med turkis heklekant,
applikert hjerte og knapp fra "snella og petronella".
Kjolen er i ca str 38/40, trekvart lange ermer,
og går til litt over kne.
*
Klikk på bileta, så blir dei større.
*****
Støva rosa chenillekjole uten armar.
Svart alpakka er hekla rundt alle kantar,
og applikert hjerte med "snella og petronella" knapp.
Lite englebilete er applikert nede på kjolen og bak i nakken.
Denne er også i ca str 38/40,
og går til litt over kne.
***
Kjolesyinga har tatt heilt av her i huset,hehe,
og fleire er under produksjon:)
*
I dag er sola framme
etter ei storm-og regnfull helg.
Det er godt å sjå at det går mot lysare
og varmare tider.
VÅR- du må berre komme.
***
Ha ei fin veke du som kikkar innom,
og tusen takk for alle gode ord de legg igjen.
*superduperbloggjenter*



torsdag, januar 22, 2009

Se min kjole...

...den er søt og rosa.
*
Prinsessekjole til ei lita jente.
Her har eg brukt rosa fleece,
og hekla med brun alpakka rundt kantane.
På brystet er det applikert eit hjarta
med ei rosa prinsessekrune inni,
eit lite hjarta på bakstykket,
og engleknapp bak i halsen.
Kan passe til ei jente på 2-3 år.
(Malin du må berre begynne,
nå er kjolane klar)
*
Kjole i brun chenille med lys turkis hekla kanter,
og applikert hjerte på framstykket med engleknapp.
Eit lite hjerte er applikert på bak i nakken også.
Damestr 38-40
*
I dag er eg glad eg kan vere inne,
for hjelpe meg, så det bles ute.
"Det blåser stikker og strå",
er det noko som heiter,
men eg trur det er meir
trer og tømmerstokkar
det bles her i dag.
Brrr.
*