I dag tidleg når eg skulle gå på skulen, låg denne pusen utanfor døra. Litt bortforbi sto ein hannkatt og vakta på henne, og eg lokka jo sjølvsagt, puspuspus. Vanlegvis plar ikkje framande kattar komme når eg lokkar, men ho her hoppa rett opp i fanget mitt og mol i vei. Det var ein god start på dagen:)Eg fekk levert arkitektur oppgåva i dag, så då pakka eg i bilen, og satte nasen vestover. Veret vart finare og finare til lengre vest eg kom, og midt oppå fjellet vart eg stande i kø i vel ein time, grunna arbeid i ein tunnel. Eg hadde ikkje noko som hasta, så då sat eg der og glodde ut vinduet og høyrde på musikk.
Her er eit bilde tatt medan eg kjøre. Som de ser er det fortsatt litt snø igjen på fjellet. Kjekt for dei som likar det....
Vel heime igjen,men til nesten tomt hus, berre Rasmus pusen sto klar når eg kom:) Min kjære er i heimevernet denne veka, og Marie er hos faren, men dei kjem i morgon. Siden eg er eindel vekke får ikkje plantene så ofte vatn med det resultat at Hoya`en eller porselensblomen som han også vert kalla, bløme for harde livet. (bilde oppforbi)



