Viser innlegg med etiketten julesymboler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julesymboler. Vis alle innlegg

torsdag, desember 02, 2010

Symbolsk pynt

Stjerna er mykje brukt som pynt i juletida.
I adventstida har dei fleste av oss, ei,
eller fleire stjerner hengande i vindauga.
I toppen av juletreet er det mest vanleg å feste ei stjerne,
og den skal symbolisera Betlehemstjerna
som viste veg for dei tre vise menn.
*
Hjarta er eit symbol som er i bruk
i dei aller fleste religionar og kulturar.
Hjarta symboliserar kjærleik, medkjensle og barmhjertighet.
Dette syner me, forhåpentlegvis, kvarandre i jula,
og hjarta er eit av julas mest brukte symbol.
Berre tenk på alle pepperkakehjarta du har baka og ete,
alle flettakorgene du har laga,
og alle hjarta du har teikna eller klipt ut:)))
***
"Hvor du enn går
så ta med hele ditt hjerte"