mandag, april 28, 2008

Best og pest

Eg vart utfordra av Lykkelene til å vise best og pest heime hjå meg.
Jaja, mensann, tenkte eg då.
Eg er jo fornøgd med heile huset vårt,
men det er to rom eg er veldig glad i,
og det eine er kjøkkenet vårt.
*
Kjøkkenet vårt er rundt 25 kvadrat, og har innreiing i lys eik fra Ikea.
Det er stort og lyst med 4 vindauger og god skap- og benkplass.

Min kjære var heilt bestemt på at me skulle ha amerikansk kjøleskåp,
og då måtte han jo få viljen sin,hehe.

Kjøkkenbordet fekk eg av søster Berit når eg budde aleine, og det er veldig glad i.
Stolane er fra barndomsheimen min.
Dei skal muligens få seg ein omgang maling til sommaren:)
*
Best nr 2 er badet vårt.

Badet er flislagt på golv og vegger, og på eine veggen er det felt inn ei turkis glasslist.
Så dermed går det meste av tilbehøret i turkis.



Litt dill og dall må til på badet.
Marie sin parfyme som ho fekk etter Riga turen min.





Badedame som Anita har sydd til meg, ei gamal ramme,
og stein fra inn og utland på eit noregsglass.




Ein liten manneskulptur laga av meg for nokre år sidan,
og eit skilt kjøpt hjå Veslestua.
*

Det er god plass på badet vårt, og til høgre på det nederst
bilete har me også vaskemaskinen.
*
(den fekk dessverre ikkje vere med på bilete)






PESTEN....

....er boda. (Dette er eine sida, den andre orka eg ikkje vise....)
Der står alt fra ved, fiskeutstyr,regnklær, tomflasker, blomepotter,
hageutstyr,sko og støvlettar, ting som er for gode til å kastast, men ikkje er i bruk,
stoffrullar,verktøy,ski, skjeiser, kjøkkenmaskin, m.m. i ei salig blanding,
og eit forferdeg rot.
De heilt umogeleg å halde det ryddig der inne, men til sommaren skal
me rydde og få i meir orden enn det er nå, håpar eg.
*
Dette var min best og pest,
og nå utfordrar eg Beritsøster og Åsemor
til å vise sine best og best:)
*
Eg er frisk igjen, og har sånn nokolunde kontroll til konfirmasjonen,trur eg:)
Bunaden er i hus, og nå har eg berre igjen å sy linning og feste på forkle,
og vaske og stryke skjorta:)
*
Ha ei fin og flott veke alle saman.









onsdag, april 23, 2008

Snart voksen....

...er denne jenta, men først er det konfirmasjon neste søndag.
Tida har gått fort siden ho var ei lita tulle med bustete hale på toppen av hovudet.

Minstejenta mi som er blitt stor.

På tur i skogen ein sommardag med blomekrans som mammo har fletta.

Eitt år, og på full fart opp trappa.
Eg blir så sentimental av å sjå på bilete av ongane når dei var små.
Kor i all verden er åra blitt av???
Kanskje derfor eg prøver å halde minstejento liten lengst mogeleg....


På skulen har me jobba litt med foto og stilleben.
Dette er eit av mange eg har tatt oppstilt inne.
Lakkskoa til Marie har eg brukt i ei anna oppgåve også.

På stranda er det også motiv og fotografere.
Bileta er redigert litt i Picasa.




I litt over ei veke har det vore fantastisk flott ver her på vestlandet.
Eg har kosa meg på terassen i varmt og flott solskin,
og har tilogmed fått litt farge:)
Det som ikkje var fullt så kjekt i dette flotte veret var at eg vart sjuk.
Så dei siste dagane har eg helst lege under eit teppe og syntes litt synd på meg sjølv.
Typisk når eg har masse å gjere at eg vert liggande sjuk, men i kveld er eg betre,
så nå er det nok på retur, heldigvis.
Eg er også blitt ferdig med bringeduken og belte til bunaden til Marie.
Så nå er det berre sjølve bunaden me ventar på, skjorta og forkle
er det ei stund siden me fekk i hus.
Sko er innkjøpt, men sølvet kjøper me når me henter bunaden.
Så får me håpe at jenta vert fornøgd:)
Eg har ikkje heilt kontroll på alt som skal gjerast til neste søndag enno,
men det ordnar seg alltid.
Eg må berre få bomullen utav hovudet først.....


Slik har fjord og himmel vore dei siste dagane, og dette kan me like!!!!
*
Eg har ikkje vore så aktiv på bloggefronten den siste tida,
men eg kikkar innom dåke avogtil,
sjølv om eg ikkje er så flink til å legge igjen spor.
*
Nå er det visst på tida å krype under dyna for meg.
Ha ei god natt, og ei nydeleg resten av denne veka:)
Klem til alle kjekke bloggvenner.








mandag, april 07, 2008

Broer som binder/ Bridges between

I dag vil eg ikkje vise ei bru som er laga over ein bekk, elv eller fjord,
men som er laga med noko som eg er svært glad for, og i.

Bøker har vore ein stor del av livet mitt siden eg lærte å lese i 1 kl.
Eg hadde ikkje så mange bøker som liten,
men eg hadde ei eventyrbok som eg var svært glad i.
*

Når eg skulle begynne i 2 kl så flytta me til næraste by fordi mamma fekk seg jobb der.
Eg måtte begynne på ein ny stor byskule,
og det var ganske skummelt, men etterkvart veldig kjekt.
Lærerinna vår las til oss om Lillebror og Knerten av Anne Cath Vestly,
og eg var heilt fortapt i denne historia fra første stund.
Etter at ho var ferdig med første boka tok ho oss med til biblioteket i by`n,
og der opna ei ny verd seg for meg.
Der fekk eg lånekort og kunne låne alle dei bøkene eg ville.
Eg lånte med meg resten av bøkene om Lillebror og Knerten, og las det eg var god for.
Eg pløyde gjennom alle bøkene av Anne Cath og Astrid Lindgren.
Eg las og las, alt eg kom over, også mi eldre søster sine Romantikk blader.....
Men det var bøker eg lika best.
Det å opne ei ny bok og ei heilt ukjend historie openbara seg foran meg,
det var toppen av lykke.
*


Dette syntes ei lita jente var heilt fantastisk å få lov til,
og eg var heilt forheksa av alle historiene som eg las.
Året etter flytta me tilbake til heimbygda mi, men heldigvis så skulle eg ha regulering på tennene så da måtte eg til by`n ivertfall ein gang i månaden.
Då var eg innom biblioteket og lånte med meg ein stabel med bøker til neste gang.
Når eg var rundt 12 år så var den store dagen komen
at eg fekk lov til å låne bøker i den vaksne avdelinga på biblioteket.
O fryd, det var nesten som å komme til himmelen.
*
Å lære meg å lese det var ei bru inn i ei ny verd.
Inn i ei verd som eg har brukt veldig mykje av mi tid i.
Som barn og ungdom var eg så oppslukt av historiene eg las
at eg var heilt fjern for dei rundt meg.
Eg fekk ein del kjeft for at eg alltid sat med nasen i ei bok
og ikkje fulgte med når nokon snakka til meg.
Eller eg sneik meg opp på rommet for å lese ferdig ei bok
når eg heller skulle ha gjort noko anna.
Som vaksen les eg fortsatt mykje,
men dei siste 5 åra har det vore mest skulerelatert det eg har lese,
men i feriane er det alltid med nokre bøker.
*
Dette var mi bru i dag. Brua over til bøkenes verden.
*
Today the brigde is not a real bridge, but a brigde in to the world of books.
I have allways read books since my teacher took us to the library when I was 8 years old.
I had never seen so many books and I could borrow them if I want, and i did often.
When I was older I allways had a book with me, and read all the time.
My family was not so happy for my reading everyvere and everytime, but I did it anyway.
This was my bridge today, the bridge over to the world of books.
*
*
Other bridge builders
*
Have a nice monday everyone who stop by:)




























































lørdag, april 05, 2008

Helg igjen:)

Denne helga har vore etterlengta etter ei travel veke.
Eg kom i mål med både kunsthistorieesamen og innleveringane av anna praktiske arbeid.
Det var ei god kjensle på onsdagkvelden når eg var ferdig med kunsthistoria
og kunne skrive den ut.
Det var ei grei nok oppgåve me fekk,
men denne gangen møtte eg litt veggen når det gjaldt skriving.
Eg veit ikkje kor mange timar eg sat og stirra ut i lufta i håp om at litt skriveinspirasjon skulle komma dettande ned i hovudet på meg.
Men, men, nok om det, eg fekk nå knota ned x antal sider og leverte på torsdagen.
Dei andre arbeida me leverte inn laga me utstilling av.
Det var så masse flott, men eg gløymde sjølvsagt å ta bilete av det, grmp,
men får gjere det på mandag heller.

4 mai er det konfirmasjon for Marie minstemann, og eg fekk sendt ut innbydingane i sist veke.
Det går i raudt og svart med eit lite innslag av blått, så det skal bli spanande å sjå korleis me skal pynte borda den dagen.
Ho er allergisk mot pastell og lyse fargar...... så det får bli ein litt tøffare variant til henne. Broderinga mi går framover, men er ikkje fredig ennå.
Eg må nok sette inn eit par ekstra gir og få opp farten.
I går var me hjå ho som syr sjølve bunaden og fekk tilpassa den skikkeleg,
og så skal me inn igjen i neste veke og prøve heile stasen:)


Rasmus pusen har gode dagar nå når det er blitt litt vår her vest.
Han er ein liten luring som likar seg i bokhylla mi.
- Mon tru om dei ser meg nå?

-Hmmm, litt langt ned....
*
I år kveld var eg i vinklubb med 4 venninner. Me kosar oss med god mat og drikke, og fniser og ler, småeglar kvarandre og har det veldig løye.
I går var det siste planlegging av turen vår til Riga.
Me reiser torsdag 10 april og heim igjen mandag 14.
Me har spara penger i mange år, og nokre av desse går nå til reise og hotell
+ til litt lommepenger:)
Det skal bli herleg med ein tur, jippi:)

I dag tidleg var eg og kjøpte ferske reker, så det skal me kose oss med i kveld, nam,nam.
*
Eg skal prøve å kikke innom dåke alle i løpet av helga, det har vore lite tid til å skrive kommentarar den siste veka, men kjem sterkt tilbake:)
Ha ein fin laurdag og ei fantastisk helg, alle saman.
*
PS. Har du vore i Riga og har tips til kva eg må sjå eller gjere,
så er eg takknemleg for det:)


torsdag, april 03, 2008

Sky Watch Friday


Easter Monday the weather was cold and clear in the morning,
but the day before it was snowing.

The clouds are reflected in the sea.


I always have my canon with me, incase of a good motive. On my way to school yesterday I thought the sky was beautiful, and I took a picture through the carwindow.
Have a nice friday and a relaxing weekend everyone:)
*
If you want to see more Sky Watch pictures click here.



onsdag, april 02, 2008

ABC Wednesday

Today the letter is K
*
Rasmus when he was a KITTEN.
*

*The KISS*
*
If you want to see more ABC photos click here


tirsdag, april 01, 2008

Atterklang

Første gongen eg møtte deg-
kor kunne eg skilja og sjå
at ingenting mindre enn
livet mitt var det som byrja då!
Det som var varmt og mjukt i meg
det som skulle veksa og vara
klang ikkje ut til fullnads
før hjarta ditt svara.
Sigmund Skard