onsdag, juli 27, 2011

Mi djupaste medkjensle..

...til alle som har mista sine kjære den 22.7.11

*- Eg ser du har det vondt,

men eg kan ikkje grina

alle tårene for deg.

Du må grina dei sjøl,

men eg vil grina med deg.

Eg vil grina med deg.

Bjørn Eidsvåg

onsdag, juli 13, 2011

Kleskorg

Eg har vore på leit etter ei korg til å ha kler i,

både når eg henger opp og når eg tar ned tørre kler.

*

Sist eg fekk varer fra Hübsch så var den perfekte kleskorga der.

Passe stor og passe solid til å frakte kler i.
*
Desse to fine melkekvite vasane fann eg sist eg var på loppemarked.
Vasar får eg aldri nok av.....







onsdag, juli 06, 2011

Sommartid

Dette er mitt vesle bidrag til


"sommarparadis"

* Kroken ved inngangspartiet er ein god plass å setje seg ned

og ta ein kaffikopp eller lese avisa.

Her er det lunt for vinden

og på ettermiddagen kjem sola også.
*

Eit lite sommarparadis for meg

med favorittfargen turkis på benken

og favorittblomane hortensia,

syrin og lavendel i potter og kar.