Viser innlegg med etiketten Vennefest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vennefest. Vis alle innlegg

søndag, november 16, 2008

Laurdagskos

Eit av lyspunkta i kvardagen er å kunne invitere
gode vener til kos.
På laurdagskvelden hadde me koseleg besøk
av 4 vennepar.
*
Eg storkosar meg med å dekke på bordet,
og planlegge kva eg skal servere gjestene.
Bordkort var eit hjarta til kvar med namn på,
og på baksida står det
"Gode venner er gull verdt"
*

Bordet dekka eg med ny duk fra "Frøken Fryd"
og ei god blanding av gamalt og nytt i glas, servise og bestikk.
Til forrett var det Bent sin sjølvfiska laks.
Røykt laks på flatbrød
med ein dæsj rømme og eplemos med kanel.
Middag var indrefilet av svin
med blanda grønsaker,
pannesteikte kokte poteter og tropisk saus.
Dessert besto av kaffe avec,
Panna Cotta med skogsbær saus og
sjølvplukka bjørnebær.
*
Me kosa oss med maten og god drikke i mange timar,
og vart sitjande rundt spisebordet heile kvelden.
Som de ser av bilete ovanfor så var noko meir
interresert i mobilen til sidedama...
*
....medan andre igjen var særs oppteken av å gni det inn...
Eller kanskje det er hans måte,
å vise at han er glad i kona si, på:)
*

Det var ingen stille og forsagt gjeng me hadde besøk av,
så ei stund lurte eg på om eg måtte innføre taletid til enkelte
som prata i munnen på kvarandre, høgt og mykje.
Eg har ikkje ledd så mykje på lenge,
så nå har eg nok forlenga livet mitt med nokre år.
*
Eg trenger ikkje fortelje at eg fekk noko i litla glaset mitt
som ikkje eg hadde oppi,
og den smaken var ikkje god.
Men ædabæda eg vart ikkje dårleg,
viss det var det,
du som gjorde det,
håpa på....haha,
men husk: hevnen er søt.
*
Litt for mykje av dette...
*
...gjere at ein vert litt på druen...
*
...då er det godt med noko sånn,
dagen derpå...
*
Eg vaknar alltid tidleg etter ein fest,
og i dag hadde eg i tillegg krampe i leggen*au*
Så då var det berre å komme seg opp,
fyre i omnen og sette i oppvaskmaskina.
Eg nyter å vere tidleg oppe,
og vite at eg har ein heil ny dag foran meg.
Enda betre er det å vite at eg ikkje er dårleg dagen derpå,
men han som ligger ute i senga derimot....*fnis*
*
Ha ein fin søndag,
og takk for at du kikkar innom.