mandag, mars 19, 2012

Dyr og natur


Dyr og natur er fortsatt veldig populært i interiøret.
Eg likar begge degge deler, og har til og med eit levande dyr
som pynt i kosekroken på kjøkkenet.
Den gamle uttrekksenga som mine søte små sov i når dei var små,
(som ikkje er så små lenger, men fortsatt lika søte) 
er nå kosebenk på kjøkkenet.
Eg måtte bestikke Frida med nokre godbitar for at hos skulle vere i ro medan eg tok bilete,hehe.

Krussedullkula av pil som eg fletta på kurs 
hjå Drude på SøreSkogen,
 ligger til pynt i hengelysestaken over spisebordet.


fredag, mars 16, 2012

Fargerik helg

Det gjere så godt med fargar og desse vasane fra Bloomingville er i kategorien *GLAD*
Eg har sett dei i vindaugskarmen og pynta den eine med ei grein,
og greina fekk fine gule blomar når ho kom i vatn.


Det går sakte men sikkert mot vår og sommar sjølv om veret kunne vore av det betre.
Skikkeleg surt og vått yr i dag også.
Eg gler meg til eg kan ta på meg lettare kler slik som kjolen på bilete under her.


Etter jobb i morgon reiser eg ned til eldste dotter mi  Malin, som bur litt utanfor Stavanger.
Me skal på Gaffel og Karaffel der me skal sjå og høyre på Rune Bjerga.
Han er noko av det løgnaste eg vett om så eg gler meg skikkeleg:)
***
*GOD HELG*


onsdag, mars 07, 2012

Vårnytt i butikken

Creamie sine klær til jenter i alderen 4-11 år er så søte og fine,
og må vere ein draum å ha på seg for ei lita jente.
Vårens kolleksjon er i duse pudderfargar med søte detaljar.

Frøken Fryd har masse flott til damer, både klær, sko, vesker, skjerf og smykker.
Her finns noko til både den romantiske, den klassiske og den rocka:)

Kjempefin dus rosa kjole med knytting under brystet og tynne skulderstropper.
Tøff varmraud veske setter prikken over i`n.
*
Onsdag 28.mars kl 19.00 skal Frøken Fryd ha kundekveld
og vise fram alle dei flotte klærne som nå er i butikken.
Dette blir ein kjekk kveld med litt underhaldning, god mat og drikke
og flotte jenter som viser klær.m.m.
Det blir også trekning av overraskingar på inngongsbilletten.
Dette, og meir kan du følge med på Frøken Fryd si side på Facebook
og den finner du HER
***
Ha ein strålande fin dag!