Søndagen vart brukt til å pynte litt utforbi inngangsdøra. Der ute står eit lite bort som eg pyntar litt etter årstida. Nå fekk nokre pyntegraskar og stein pynte der.
Nedforbi ligg ein hjarteforma stein. Den fann eg eingong eg gjekk tur med søster mi, til drikkevatnet i heimbygda vår. Den var litt tung, men den skulle eg ha med meg heim:o)Siden det var, og er fint vèr, så planta eg løkar og nokre buskar i bedet i går. Så får eg håpe at det kjem opp både krokus, tulipanar og påskeliljer til våren.
Om kvelden såg mannen fotball på TV, og det er eg ikkje så veeeeldig interessert i....så då fann eg fram sysakene. Eg har sett så mange flotte Tildaenglar rundt om på forskjellige bloggar, og vart litt inspirert til å sy.
Dette vart ein fjern slektning av den opprinnelege Tilda. Litt meir Country stil over ho her,..


