Viser innlegg med etiketten lappeteppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lappeteppe. Vis alle innlegg

onsdag, september 09, 2009

"Istadenfor" lappeteppe

Eg har det med å utsette ting,
og spesielt ting eg eigentleg ikkje har lyst til å gjere.
Så istadenfor å gjere det eg burde gjere,
så gjorde eg det eg hadde lyst til,
og sydde eit lappeteppe.
Rosestoff i lyseblått og rosa, og prikkestoff i beige
vart kutta opp i kvadrat på 15 cm x 15 cm,
og sydd saman til teppe av 8 x 12 ruter.
Nå gjenstår vatt, bakstykke, quilting og lukkekant.
Mon tru kva tid eg får lyst til å gjere det???
*Enda meir Greengate varer kom også i dag.
Nydelege små - og storblømande lattekoppar,
mugge og skåler, m.m.
*
Eg har lyst på alt.....
*
Tusen takk
for alle koselege kommentar
de legg att her hjå meg.
Dei set eg stor pris på!!!
Ha ein superfin dag
du som kikkar innom