....kan me jo kalle konfirmasjonen me hadde på søndag i dette koselege huset.
På folkemunne kalla "Lensmannshuset" eller Lensmannsgarden som det offisielt heiter.
Det er onkelen til Marie på farsida som har restaurert og sett i stand denne plassen,
men som nå vert leigd av ein chilener som skal drive det som restaurant.
Pynten gjekk i svart og kvitt.
Enkelt og greit,bortsett fra at alle vart svarte rundt munnen når dei tørka seg.
Serviettane farga av........
Lange enkle dekorasjonar av roser, afrikalilje og ranuklar.
Kaker og dessert var det litt av også.
Koldtbordet gløymde eg å ta bilete av.
Var sikkert ihjel svolten,hehe.

Konfirmanten var så fornøgd med dagen, bortsett fra at ho måtte opp
kl 07, for å møte i kyrkja klokka 09.
Me trong tida når frukost skulle spisast, bunaden skulle på,
og ho bruker evigheter på badet....
Men så var ho flott også da:)

Mine tre håpefulle.
Eg er ganske så kry av dei:)

Me har fått to ekstra også,
Kenneth har Guro,
og Malin har Svein Ove.
Ein flott gjeng som eg er veldig glad i:)

Dagen starta med gudsteneste kl 10,
og etterpå gjekk me bort til lensmannshuset.
Koldtbord kl 13 og kaffi, kaker og dessert kl 16.30.
Eg trur alle vart mette, og me har mat i lange tider framover,hehe.
Veret var fantastisk fint, sol og varmt, og me sat ute stort sett heile dagen.
















