onsdag, juni 13, 2007

Gratulera som ferdig utdanna illustratør gudlabadne mitt *stolt mamma*
Er det nokon som treng ein knallflinke illustratør så er det berre å ta kontakt med henne:o)


I går morgon sto eg opp kl 04.20 TIPÅHALVFEM for å kjøre bort til Notodden for siste dag på skulen, få karakter i kunst og handverk, rydde vekk eksamens utstillinga og seie hadet og god sommar til alle saman, + å vaske ut hybelen. Når alt dette var gjort var klokka blitt rundt 17 og eg kunne vende nasen heim igjen. Eg likar veldig godt å kjøre bil, men i går vart eg litt lei, det verka i rumpa, knea og ryggen på slutten.

Kjøreturen var faktisk ganske spennande eit stykke av vegen fordi det er vegarbeid i to tunnelar, Røldal og Haukeli, og det er omkjøring. Omkjøringa i Røldal var skikkeleg flott der ein kjørte over fjellet i staden for gjennom som ein gjer til vanleg....Eg følte meg hensatt tilbake i tid der eg snegla meg fram på den smale vegen med stabbesteinar til føringskant, stupbratt og svingete. Det er utruleg mykje flott natur me går glipp av når me susar gjennom tunnelane.




Vel heime igjen var det berre til å krype til køys med Rasmus pusen for kjære er i Oslo og kjem heim i morgon kveld. Rasmus har det svært travelt om nettene, då er det ut og inn fleire gonger om natta. Me har sett opp vinduet slik at han kan hoppe inn og ut som han vil, uten å vekke oss. Eller han vekker oss når han kjem inn for då er det kos og atter kos før han legg seg til å sove ein eller annan plass, i klesskapet, attmed meg, oppå beina mine, bak ryggen på Bent, oppi garnkorga mi, eller ein annan plass i huset. Han er ganske koseleg og rar den godeste Rasmus pusen.

Eg kjøpte meg ei potterose med oransje roser i dag. Det er ein flott farge synest eg. Eg måtte rydde litt i kveld, det har blitt lite husarbeid dei siste dagane, med varmt flott ver og eksamen så har det liksom ikkje vore det heilt store. Tida framover til neste helg går stort sett med til siste innspurt til bryllupet. Nå går det fort, og det er litt igjen, men det går nok. Det viktigaste er i boks, men eg har pynting av bordet igjen. Eg klarer ikkje å bestemme meg heilt kva eg skal pynte med av blomar o.l. Eg tar gjerne imot tips:o)




Nam, nam, eg har spist jordbær med vaniljesaus i dag. Det er sommar det:o)
I kveld var eg med Marie og resten av klassen og foreldre på sommaravslutning med grilling og bading på badeplassen her i bygda. Det har blitt betrakteleg kaldare siden me var det på mandag og bada. Eg sat helst å hutra og fraus i nordavinden. Ungdommane bada og koste seg, litt sur vind stoppar ikkje dei. I morgon skal det vere nattope i Haugesund så då lurer eg på å ta meg ein tur dit om kvelden. Det pleier å vere veldig koseleg, og mange gode tilbod.





mandag, juni 11, 2007

....og i hagen står ei gravemaskin.....

Puh....der var eg ferdig med eksamen i pedagogikk. Eg har siden kl 09.00 skrevet, svetta, lest og leita, svetta litt meir og skrevet til kl 15.00 og leverte på nettet. FERDIG:o)

NÅ HAR EG FERIE:)

Eg renner snart vekk, det er varmt og umenneskeleg å sitte inne i 30 varmegrader og skrive....

Straks er min kjære heime fra jobb, og da skal Marie og me ut på Li og bade. Me var der i går også, og det er sikkert over 20 grader i sjøen, fantastisk herleg.

Gravemaskina skal til å mure litt på baksida av huset, seinare i veka. Han hadde ikkje fått stein til å mure med enno....

Eg kjem tilbake seinare i kveld:o)

onsdag, juni 06, 2007

Sunny,sunny day:o)

Dagen i dag har vore heilt fantastisk varm og fin. Eg starta tidleg i dag med å grunne desse to nattborda ute på terrassen. Dei skal bli kvite. Etterpå sette eg meg til å lese litt pedagogikk. Eg skal ha eksamen i det på mandag, den er nettbasert så eg skal ta den heimanfra. Greit nok det, men det vert stillt strengare krav på den måten. Eg gruer meg litt, men det må jo gjerast. Og då er eg heilt ferdige, yes:)

Solkrem og drikke er viktig nå når det er så varmt,hehe. Utpå dagen i dag måtte eg fint krype innandørs i nokre timar, det var rett og slett for varmt å sitje på terrassen, luksusproblem:)

Humler er kjekke dyr å få besøk av, men er ikkje så glad i veps. Humlene ser ut som dei har eit meir avslappa syn på livet enn den illsinte vepsen.....
Det fine veret her, ser ut som det skal halde seg ei stund framover, og eg håpar at det er slik for resten av landet også:o)


søndag, juni 03, 2007

Solskinnsøndag

Mi kjære mamma døydde for 17 år siden, men hadde ho levd hadde ho blitt 72 år i dag.
På bildet er ho 18 år, og det er eit nydeleg bilde av henne, synest eg.


I dag har me hatt besøk av bror min, svigerinna mi, dottera deira, og sonen hennar, William.
Han er skrekkeleg glad i Rasmus pusen vår, og det er gjensidig til ei viss grad....Rasmus er ikkje så van med å bli boren rundt, men finn seg i det ei lita stund.Tilslutt går han lei og gøymer seg vekk:o)

Svigerinna mi hadde med ein flott bukett med blomar fra hagen. Det var syriner som dufta nydeleg, og rhododendronblomar.


Det har vore så nydeleg ver her i dag at det er ei fryd. Me har sete på terrassen i heile dag, og berre kost oss. Eller eg har kost meg, medan min kjære har vore litt redusert etter 40 års dagen me var i, går kveld. Det var skikkeleg kjekt, med god mat, flotte talar og sangar, og kjempetrivelege mennesker. Me var ute under open himmel, og det var varmt og flott heile kvelden, og natta med.



Ein skulle ha vore katt, tenkjer eg, når eg ser på dette bildet av Rasmus. Han må vere med der eg er, og legg seg til å sove midt oppi det eg held på med. Sovehjarta har han ivertfall, gopusen min:o)




fredag, juni 01, 2007

Sola skin

Store deler av gårsdagen vart tilbrakt i solstolen på terrassen, i fiiiinaveret. Eg skal ha eksamen i pedagogikk den 11 juni, så eg prøver å lese litt til det. Det er ikkje det mest spennande å lese om alle desse teoriane, men det må gjerast. Det var så herleg ver i går, med sol som varmar på kroppen. Prøver å få litt brunfarge til den store dagen:o)

Løftar eg blikket når eg set på terrassen så er det dette eg ser. Eg har alltid vore glad i sjøen, og er fornøgd når eg kan sjå utover fjorden. Det gir ro i sjela å kunne sjå på noko så fint:)

Snur eg på hovudet så er det ikkje fullt så fint. I mellom oss og naboen skal det bli blomebed, berre eg får kneka meg igang å plukke utav all steinen som ligg oppi der. Me har ønska oss ting til hagen i bryllupsgåver, og det kan trengast. Me har ikkje ei plante! I fjor sommar laga me plen, og i år er det håp om hekk, og litt beplantning. Dette bedet går eigentleg rundt halve huset, men det er berre halve som er ferdig murt. Det kjem snart gravemaskin som skal mure eindel på baksida opp mot naboen. Me har budd her 2 år til hausten, så det er ikkje så gamalt. Det meste er laga klart, men det er masse å gjera for det.


Eg likar steinar i alle storleikar. Dei er fine å sjå på og gode å ta i. Eg samlar alltid med meg stein der eg kan finne nokre fine. Dei ligg til pynt alle plassar hos oss, på trappa, i skåler, i vasar, på hyller og elles der eg finn ein plass.




Rosa er sommarfargen min i år, på blomar vel å merke. Eg synest denne er så frisk og fin:)



I går ettermiddag hadde eg og Marie ein skikkeleg feide. Ho er ikkje så flink til å gjere leksene sine, og eg må mase og mase for å få henne i gang. Ho har vekeplan der alle leksene står, og me var einige om at ho skulle gjere to lekser kvar dag. I går var siste dagen, og ho skulle gjere matte og norsk ( tar alltid det verste til slutt). Eg måtte mase fleire gonger før ho kom ned, og då viste det seg at ho IKKJE hadde tatt bøkene med seg heim. Ho meinte det var tid til å gjere det på skulen, og eg meinte at ho skulle gå opp på skulen å hente bøkene, og få gjort det NÅ. Ho gjekk aldeles i vranglås, og nekta å snakke med den teite mor si.
Eg kan ikkje fordra når det vert slik, og det gjere nok ikkje ho heller. Enden på visa vart at ho fekk migreneanfall og spydde. Eg får så vondt av henne når det vert slik, men ho kunne brukt staheten sin på ein annan måte. Ho er den mest sta personen eg kjenner. Det er nesten heilt umogeleg å snu henne når ho legg vrangsida til. Så det var dagens hjerte sukk.
Ho var blid som ei sol når ho gjekk på skulen i dag, så det går fort over:)





Etter å ha krangla med henne måtte eg finne på noko anna, så då vart det litt maling i gjen.
Det øverste lyg i fargane, det er ein ganske kald lys rosa farge i bakgrunnen, og duse fargar på resten. Det er stort 90*90 cm, og mala i andre fargar enn eg vanlegvis brukar, men kjekt å prøve ut for å sjå korleis det blir. Dette klarte Rasmus pusen å rive i golvet når det låg til tørk på to stolar. Nysgjerrigperen:o)
Det nederste bildet målar 30*80 cm, og er i kalde blågrønne fargar. Fargane kjeme ikkje heilt rett fram på bildet.
Ha ein fin 1 juni alle saman:o)






onsdag, mai 30, 2007

Snart sommar!

Eg hadde eit lite håp i går, at nå var sommaren komen her vest, og enda større vart håpet da eg slapp Rasmus ut kl halv seks i dag tidleg. Då var det sol fra blå himmel, men det skya til utover formiddagen, og har nå gått over i sur vind og regn*hmfr* Men med så dårleg ver hadde eg ei unnskuldning for å blogge litt...Min kjære eglar meg litt for denne blogginga mi. Eg har hatt totalt datafobi tidlegare, og har banna og lese så mykje over den maskina kvar gong eg ikkje har forstått noko. Men gje meg noko eg synest er kjekt, så løyser det meste seg *tjihi* Takk Malin:)

Rasmus pusen kosa seg ute på plenen i går ettermiddag. Han storkosar seg når folka hans er ute med han.

Vaska seg er han veldig nøye med, det er ikkje ein flekk som ikkje får, minst, ein omgang om dagen.
Ps. Plenen vart klipt etter at bilda vart tatt*hihi*


Eg har "om møblert" litt i bilda mine, her i trappeoppgangen til loftet, har eg samla alle bilder med svarte rammer.



I helga mala eg to nye malerier i akryl. Dette heiter "Lean on me" og er 50*50 cm.




"To søstre" og er 40*40 cm.
Elles storkosar eg meg heime om dagane. På mandag feira me 38 års dagen til min kjære, ei veke for seint. Eg er av den oppfatning at me skal feire det som kan feirast. Alle er ikkje einige med meg i det,men,men...Det var fullt hus, og altfor mykje kaker...hehe.
Det nærmar seg bryllup også, og det er mykje å tenke på, men det meste er på plass. På lørdag skal me til by`n for å ta ut ringar, og eg skal på brudesalongen der dei skal tilpasse kjolen. Den må syast litt inn, og leggast opp.
På lørdagskvelden skal me i 40 års dag, og denne skal feirast ute, så eg håpar veret blir litt betre til då:)

Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom:o)
Tusen takk for koselege kommentarar på det eg skriv. Det gjer meg veldig glad:)



fredag, mai 25, 2007

Fredagskvelden

Her er eit bilde fra utdrikkingslaget mitt oppi massasjebadet. Ser det ikkje herleg ut:O) Eg har fått igjen fotoapparatet mitt.
Nå er eg heime igjen for godt, ikkje berre for helga. Oppgåvene som vart trekt ut til eksamen var greie. Det var to store oppgåver, "objekter i dialog"og "ytring" og ei eg kunne velge. Eg valgte "bill.merk. Engel søkes" oppgåva. Så var det å stille det ut, pakke saman resten av tinga på hybelen., og kjøre heim. Det var skjønt å komme heim:o)


Denne skoen kjøpte eg av ei på skulen som går på fordjupning i keramikk. Dei hadde salg av ting dei ikkje ville ha, og der var det masse fint.

Dette flotte smykkestativet kjøpte eg hos Annas rom. Pakken har venta på meg heile veka, og i dag fekk eg endeleg henta den. Siden eg fekk så fint smykkestativ vart arbeidslysta på topp, og eg vaska og ordna på badet.


Denne glasskrukka fra Sia kjøpte eg på blomebutikken her i bygda, og den passa det å ha bomullpads i.



Duftelys med engledekor vart også med heim....




Desse doble ildtoppblomane er veldig søte , særleg i rosa. Desse og to kvite kryssantemum vart på uforklarleg vis med i posen.





Min kjære fylte året på mandag, og siden eg ikkje var heime då, så fekk han heller få roser i dag.
I dag har eg hatt stor arbeidslyst, og vaska både badet og soverommet, grundig...
Eg har fått rydda på plass mesteparten av tinga eg har hatt på hybelen, og vaska mange maskinar med klær og hengt ut til tørk. Godt å vere husmor heime igjen:o)
I kveld har me ein kjekke gut på 10 år, på overnatting. Min kjære er fritidskontakt for han ein ein kveld i veka til vanleg. Me har kost oss med pizzasnurrar, og spela uno. Akkurat nå syng Marie, Markus og Bent Sing Star for full hals.....Det er ikkje direkte vakkert å høyre på, men dei har det veldig kjekt. Tjihi:o)






onsdag, mai 23, 2007

Onsdagskvelden

har eg stort sett tilbragt foran tv`n. Det var ikkje så mykje anna å finne på i kveld, og det var litt kjekke ting å sjå på, så då så. Har sett Gilmore Girls, Ugly Betty, Lost og den nye serien på tv2 Brothers and sisters. Den verkar til å vere brukande å sjå på. Eg er ikkje noko tv slave, men her er det ikkje så mykje å finne på, og det er i tv stova det sitter folk.

I morgen tidleg får me vite kva som skal leggast fram til eksamen i kunst og handverk. Det er 5 oppgåver som er aktuelle, men det er 3-4 som vanlegvis vert trekt ut. Så får me sjå korleis det går. Eksamensdagen er 1 juni, men eg reknar med å lage til utstillinga på fredag slik at eg kan reise heim, og slepp opp neste veke.

Pedagogikk eksamen er nettbasert, så den har eg tenkt å ta heimanfra den 11 juni. Gruer meg litt til den, men det går vel det også. Det gjekk bra på kunsthistorie eksamen forresten, eg vart fornøgd med resultatet når eg fekk vite det:o)

Elles er det ikkje så mykje nytt å vise eller fortelle. Min kjære er på seminar i Oslo i dag/kveld, og har vore på båttur på Oslofjorden. Snakka nett med han, og nå var turen komen til bar runden......Hmmm, jobb kallar dei det,men. Tjihi, han får ta seg ut:)

I helga skal me feire bursdag, så då må eg til å bake litt når eg kjem heim. Me er ikkje kakemonsar nokon av oss, men når det er bursdag er det godt.

Takk for koselege tilbakemeldingar på forrige innlegg. Det er godt å få støtte i avgjerda ein har tatt. Ha ei god natt alle saman, og sov godt zzzzzzzzz

tirsdag, mai 22, 2007

Fruene ventar seinare i kveld,

Men eg ventar på jordbær. Jordbær er noko av det beste eg får, men det må helst vere dei gode norske. MMMmm, det finnes ikkje noko betre enn solvarme jordbær, og det er ikkje dumt med eit glas Martini Asti til heller. Dette trur eg må bli velkomst smak og drikke i bryllupet vårt.

Me har ikkje så stor hage, men eg trur eg skal få plass til nokre jordbærplanter. Tenk så koseleg å hente seg jordbær rett fra planta. Om ikkje ungane i nabolaget har vore der først, eller kråkene. Jaja, først må eg få jordbærplanter....Ein treng ikkje ta sorgene på førehand,hehe.
Nå er eg inne i siste veka som hybelbuar for denne gang. Eg har bestemt meg for å ta pause eit par år, og har fått innvilga permisjon fra skulen. Det var ikkje noko lett avgjer å ta, verken når eg begynte her borte, eller nå når eg skal ta pause. Eg har nå prøvd eit skuleår, og det har fungert nokså greit, men eg har ei heime på 13 år. Ho har savna mor si, og eg har savna henne, og min kjære. Ho har ikkje klaga eller noko, men eg har merka det på oppførsel og væremåte. Det er ein vanskeleg alder, og det vert ikkje lettare når eg er så mykje borte. Det er ikkje sikkert ting vert betre om eg blir heime, men då har eg ivertfall betre samvittighet. Min kjære har støtta meg i mine valg heile vegen når eg ville starte på denne utdanninga. Det har vore ein del tårer han har tørka, og trøsta meg når eg skulle reise med bussen om søndagskvelden. Men han er født optimist, og har heile tida meint at dette skulle me klare, men han protesterte ikkje når eg sa at eg ville ta ein pause fra Notodden...
Så sånn er det. Eg trur ikkje eg vil angre på valget eg har tatt, men eg hadde heilt sikkert angra viss eg hadde fortsatt, og det ikkje hadde gått bra med Marie. Sjølv om ho skal ikkje føle at det er hennar "feil"at eg tar pause, men at eg vil vere meir i lag med dei heime. Det har vore ganske tøft å reise fra dei heime kvar veke, særleg til å begynne med. Men nå er det snart slutt for denne gang. Eg gler meg vanvittig til å ha betre tid når eg er heime. Dette vart visst dagens hjartesukk:)
Ha ein flott kveld med frustrert fruer alle der ute som ser på det;)

mandag, mai 21, 2007

Bursdag:)

GRATULERA MED 38 ÅRS DAGEN MIN KJÆRE BENT:) Hadde eg vore heima skulle du fått roser av meg. Men dei kan du jo få til helga:o)

Hadde eg vore rik på penger så skulle du fått denne flotte Audien av meg. Men dessverre så er eg ikkje rik på penger, men på mykje anna...

Og i dag har du vore å spela golf. Det kunne du gjort kvar dag, heile dagen faktisk, om du hadde fått det til.....
Å feire fødselsdag er sunt.
Statistikken viser at de som feirer flest fødselsdager,
også er de som lever lengst.
Larry Lorenzoni

Så bursdagsbarnet må me feire til helga når eg er heime igjen. Eg laga kake i går, den står på kjøkkenbenken, kjære:) hehe.
Turen bort gjekk fint. Eg starta optimistisk kl halv sju i dag tidleg, ein halv time seinare enn eg hadde tenkt, men eg var litt trøtt,hmm.
Sola skein, og eg hadde Mark Knofler (e det sånn d skrives?) i cd spelaren. Det var lite trafikk og alt var berre bra, men så kom eg til Haukeli tunnelen, og der var det bom stopp i 1.5 time. Eg hadde nesten gløymt ut at det fortsatt var vegarbeid i tunnelen. (Godt eg hadde eit nytt Hjemmet med meg).
Eg var på skulen halv ett ca, og vart pittelitt sur fordi det var ingenting som skjedde der, og eg kunne ha vore heime til i måro....Hmfr
Jaja, eg fekk nå skrevet ferdig resten av ei oppgave som skal leverast i måro i lag med sokkane eg har strikka.
I kveld er det Criminal Minds, og det må eg ha med meg, skikkeleg spennande, og litt ekkelt.
Eg er restituert eller resirkulert etter laurdagen og, heldigvis:) Det eg gløymde å skriva var at forlovaren min klarte å dette ned trappa når me skulle ut, men det gjekk heldigvis bra med henne. Ho var reddare for maten ho bar på....tullejento. ( ho fekk seg eit saftigt blåmerke på låret) Men jento tåle ein trøkk, heldigvis:)
Forresten så fyller svogeren min også året i dag. Gratulera med dagen Geir:)
Og i går hadde Tone, tantebarnet mitt, ho vart 28 år. GRATULERA.
Forresten så er det godt eg er her, elles hadde eg forspist meg på kaker....

lørdag, mai 19, 2007



Så sitter eg her skjelvande av angst, og venter på å bli henta av mine "beste venner". Utdrikkingslaget mitt er i dag, og eg måtte vere klar til klokka tolv. Eg er ikkje så redd altså, men litt spent er eg jo:)

Det er berre så synd at me har eit aldeles, forferdeleg, grusomt ver i dag. Det blese så huset ristar og regnar trollkjerringar,men,men. Nå måtte Bent ut å redde blomepotter og stolar på terrassen, det fauk vegg i mellom. Hjelpe meg.

Han stakkar, skal også ha utdrikkingslag i dag, og med dei kompisane han har så......Eg seier ikkje meir.

Så om dåke ikkje høyrer fra meg dei første dagane så veit dåke grunnen,men referat vil komme:)

Ha ein fin lørdag alle saman:o)

fredag, mai 18, 2007

Så var det over...

både 17 mai, og det fine veret. Som de ser av bildet så hadde me strålande sol i går, men med litt kald vind. Dagen var tradisjonell, men koseleg. Me starta med toget som gjekk gjennom vikjå og videre gjennom hagebyen, og enda opp ved kyrkja. Der var det gudsteneste for dei som følte for det, noko me ikkje gjorde fordi me skulle hente Kenneth. Resten av dagen var me på skulen og bygdahuset der det var leikar for barn og vaksne, middag, tale for dagen og drøs med sambygdingar. Om kvelden tok me turen til Karmøy der søster mi bur, og der var det eit bursdagsbarn, Sigurd. Eller ikkje akkurat barn når ein vert 36 år, men dog....

Tidlegare i veka var eg innom Fretex, og der fann eg denne lysestaken og skåla. Ganske søte, synest eg:)

Eg sydde meg ny veske til 17 mai med "kline bilde" av meg og min kjære. Dette syntes han faktisk vart litt i meste laget og ganske privat, og ville legge inn ein liten protest. Eg forklarte han då eit par ting, som at han faktisk kysser meg i full offentleghet støtt og stadig, det kan vere på butikken, på besøk, i kyrkja, når me går tur, osb. Hehe, eg synest den vart søt eg. Egentleg så trur eg han synest den er fin...tjihi. Må egle han litt, vettu.
I dag har eg og Marie minstemann vore te byn, igjen....
Ho måtte jo ha kjole til bryllupet til sommaren. Vanlegvis er det eit lite mareritt å vere med henne å handle klær, men idag skulle ho få prøve alt ho ville og finne ein ho lika sjølv. Me var innom eit handlesenter først, og innom alle butikkar med kjolar.....men det var ingen som falt i smak. Nytt senter, og der hang kjolen, prøvde, og den passa perfekt. Eg holdt pusten, og så kom dommen. Joda, ho kunne henge den av og så kunne me sjå videre. Som sagt, så gjort, men kjolen vart med heim ilag med ei lita jakke, ein DVD og eit par lubber:o)
I kveld er eg og kjæresten heime aleine, og eg sitter og bloggar.....hmmm, men nå skal eg bake ut focacciaen, og så skal me kose oss med litt mat og drikke. Det er godt å vere berre oss to avogtil, men i morgen er det bånn gass, med utdrikkingslag for begge to.
Eg gruglede meg:o)
Ha ein finfin fredagskveld alle saman:)


tirsdag, mai 15, 2007

Den som sover syndar ikkje

Så seiast det, og det stemmer ivertfall for Rasmus pusen. I går hadde eg og Rasmus ein "gidder ikkje gjere noko" dag. Som de ser av bilde låg Rasmus stort sett og sov i heile går. Soveposen til Marie hadde av ein eller uforståeleg grunn havna på stovegolvet, og den la Rasmus sin elsk på. Eg og Rasmus hadde oss ein liten matmor til pus prat på soveposen, og me var skjønt einige om at me hadde det fantastisk godt begge to. Rasmus var så einig at eg måtte få ein skikkelege snute kos i heile ansiktet. Han storkosar seg når eg er heime om dagane, luringen:)

Dette er då andre "barnet" vårt, Olga Merethe. Ho er eit snart 2 år gamalt marsvin som lever eit stille og roleg liv i buret sitt, der ho er oppteken av å få i seg mest mogeleg mat.

I dag har eg vore i by`n, og inne på Obs var det orkidear til 70 kr, så på ein eller annan måte vart to stykker med meg heim,hehe. Eg er glad i orkidear, dei er taksame planter å ha med å gjere, og det treng eg:)



Eg har planta litt sommarblomar ute ved inngongsdøra. Desse på bilde under hadde eg eigentleg tenkt å ha på terrassen, men så kjøpte eg ei ny krukke i dag, og då vart den ståande på trappa.





Bildet under er ved siden av døra. Eg liker så godt den kalde rosa fargen på desse pelargoniumane. Den har fått selskap av ein eføy.


Elles så går det fint med foten min. Han er berre litt øm rundt ankelen, og litt "lealaus",men det er ikkje vondt når eg går, eller bøyer på han. Så nå har eg fått streng beskjed av Ingrid, ho som skal vere forlovaren min, at nå er eg forsiktig dei vekene som er igjen. Hmmm, me får nå sjå først om eg kjem meg velberga gjennom utdrikkingslaget ho skal arrangere for meg på laurdag....