mandag, september 10, 2007

Nye fotballsko????.....

......tenk, det var kommentaren fra min kjære, når eg stolt viste han mine nye sko....Han altså.
Jaja, eg lika dei, og dei var goe å gå i, så då så.


Denne luftige blusen vart på forunderleg vis med meg heim i dag. Eg var til linsekontroll etter skulen i dag, og måtte kikke litt i butikkane samstundes. Eg likar klærne som er nå i haust, litt laust og ledig, med eit snev av nostalgi. Eller ein kan vere skikkeleg rocka med svart og lilla. Heldigvis er det noko for ein kvar smak.

På hobbyfronten er det ikkje mykje å vise fram for tida. Eg har masse idèar, men får liksom ikkje sett meg ned og begynt. Marie minstetroll skal konfirmerast til våren, og eg skal brodere bringeduk og belte til Sunnhordlandsbunaden ho skal få. Det er bittesmå korssting som skal broderast, og det er ikkje det kjekkaste eg gjere,men,men. På bildet får de eit inntrykk av korleis det skal bli, og av fargane som blir brukt. Det skal fyllast heilt ut rundt åttebladrosa. Eg kan vise nytt bilde når det er komen meir fargar på.
Helga på jobb har vore grei, men travel. Eg var ganske trøtt når eg skulle opp i dag tidleg, og hadde berre lyst til å dra dyna over hode og sove videre.
Det er nokre snåle og koselege menneske eg jobbar med, alle med sin unike personlegdom. Eg har kanskje ikkje sagt at det er på eit hus, der 2 menn og 2 damer med fysisk og psykisk utviklingshemming av ulik grad, lever og bur i eigne leilighetar. Me som jobbar der skal hjelpe dei til å få eit så godt liv som mogeleg, og hjelpe dei med ulike gjeremål. Dei klarer det meste sjølv, men må ha litt rettleiing og hjelp. Dei fleste er så positive og glade, men det hender at nokon går skikkeleg i vranglås, og då er det om å gjere å vere tålmodig, godsnakke og lirke med dei. Vips så er det over og dei er like blide.
Eg er som sagt litt vimsete av meg, og der inne er det mykje å halde styr på. I helga måtte eg le av meg sjølv når eg tenkte på korleis eg måtte ta meg ut. Eg hadde tre av brukarane, og hadde då alarmen til ein i rullestol, alarmtelefonen til ein annan, tlf til huset, nøkkelknippe, strikketøy og vannflaske....alt dette bar eg med meg fra leilighet til leilighet, og så kom eg borti eine tlf så det ringte på den andre, svara på den tredje, og enda opp med å miste alt i golvet....hjelpe meg. Eigentleg så skjønar eg ikkje at eg er brukande i det heile tatt...ehe.
I mårå er det skule igjen, og så er det snart helg...Just kidding:)
Ha ein flott kveld alle koselege menneske der ute i syber space.
PS. Her har det vore SOL i heile dag:o)
*klemtilallesomerinnom*


fredag, september 07, 2007

God helg:)

Med denne søte fe vil eg ønskje alle ei fin helg. (eg huskar ikkje kor eg fann henne)
Eg skal jobbe, så det vert lite blogging med meg, men brått er eg tilbake.

tirsdag, september 04, 2007

Ekle kryp og fine roser...

I dag har det vore ein vidunderleg fin solskinsdag her på vestlandet.*me likes*
Eg tok med meg fotografiapparatet og gjekk ut på terrassen for å ta bilder av rosene som bløme så fint enno, trass i at det har striregna dei siste månadane.
Etterpå drog eg med meg ein stol bort i ein krok for å nyte sola før middagen, men kva fekk eg auge på?...IIIIIIKKKK


Fyttikatta!!!
Eg tok med meg stolen og sette meg i andre enden av terrassen, hmfr.
Men så er eg litt fascinert av udyra også, så dermed måtte eg ta eit bilde og to av han.



Dette bildet vart litt morosamt. Det er tatt bilde oppi eit blikkfat med steinar og vatn som står på ein kasse på terrassen. Det vart eit speglbilde av rekkverket og rosebusken, men ser du godt etter ser du dei runde steinane som ligg i botn av fatet.
Elles har eg det fint på skulen med kjekke oppgåver, og veldig kjekke medstudentar og lærar. Akkurat nå malar me portrett med akrylmaling, og det er jo ei utfordring.
I morgon kveld skal eg på jobb der som eg jobba i sommar + jobbe heile helga, så det vert ei travel veke.
Takk for alle koselege kommentarar som de legg igjen. Eg er så barnsleg at eg synest det er kjempekjekt:o)
Ha ei fin veke, det som er igjen av ho, alle saman.




søndag, september 02, 2007

Det var ein gang for 22 år siden.......

.....då vart denne lille jenta fødd. Ho kom som ei stor overrasking, tidleg mandag den 2 september 1985. Ho var eit snilt lite jentebarn, og godt var det. Kanskje ho visste at mamma hennar berre var 16 år, og ikkje ville skremme henne med å skrike natta lang.

Som sagt var ho eit snillt og roleg barn, men ho var nysgjerrig og ville gjerne vere med der det skjedde noko. Ho låg ofte på eit teppe og kikka rundt seg med store blå auger, og så sov ho godt når ho hadde fått melkeskvetten sin.



Ho vaks og trivdes den vesle jenta, og lærte seg å krabbe når ho var 6-7 månader, og stabba rundt og gjekk når ho var vel 10 mnd. Så på 1 års dagen måtte ho fotograferast hos fotograf, kan vite.
Her har vesle gullet fått mange tenner i munnen, men håret det ville ikkje vekse før ho var godt over to år.


Kvar sommar måtte mamma lage blomekrans til å ha i håret,og så måtte det takast bilde..



Då jenta vart 3 år fekk ho seg trehjulsykkel,og her syklar ho stolt rundt på kjøkkengolvet i gamlahuset på Bjørkhaug.


Den vesle jenta vaks til og lika veldig godt å male og teikne. Det gjorde ho så snart ho hadde ei ledig stund. Her er det trolldeig som får farge på seg.




Den vesle familien auka med ein lillebror i nov- 87, og han var kjekk å leike med når han vart større. Her er det eit aldri så lite selskap, og konsentrasjonen er på topp. Tutten var heller aldri langt unna....


Dokker var med der du ferda, og her er det i Hervik hos bestemor og bestefar du er. Halane er på plass i håret, og eit smil hadde ho alltid på lur.




Ho lika å pynte seg med kjole, og få fletter i håret. Dette er nok mamma sin 20 årsdag. Den sommaren var varm og fin, og alle var brune på armar og bein.



Til kvar jul skulle det lagast julekort, med fotografering på førehand. Søskenkjærleiken var stor mellom desse to.




Humor hadde dei og.




Her er det 7 års bursdag og du er blitt skulejenta.







Året etterpå vart ho storesøster igjen. Denne gangen var det ei aktiv lillesøster som kom.
Jenta var også aktiv. Ho starta å spele piano, gjekk i speidaren, på friidrett og var med venninner

Både jenta og håret hennar vaks, og tenna med.....
Det kom på regulering på dei tenna for det var ikkje plass til alle dei nye som skulle komme.










Jenta vart 12 år, og her har ho nesten kort hår. Det er ivertfall det kortaste ho har hatt.
Ho har nå begynt å interessere seg for klær, og reiste gjerne til by`n med venninner for å handle sjølv. På denne tida var det hest som var det aller viktigaste i livet hennar. Ho fekk ri på og stelle ein hest i bygda, og var på rideleir med ei venninne. Dette var før ho oppdaga at det fantes GUTAR.....







Åra gjekk og det nærma seg enda ei jul igjen, og kva skal skje da? Julekortfotografering...



Her står dei så fine alle tre, og nokon er litt tannlause...




Jenta er snart vaksen, og har fått seg ring i nasen....og håret er snart langt igjen.








15 år, og stolt konfirmant i Sunnhordlandsbunaden sin.
Konfirmanten måtte fotograferast hos fotograf, må vite...





Besta sin konfirmasjonskjole vart jenta fotografert i, også.




Jenta gjorde seg ferdig på ungdomsskulen, og starta på vidaregåande opplæring i teikning, form og farge, først i Ølen, og så videre i Haugesund. Der budde ho i tre år, og jobba samstundes på McDonalds. Snill , flink og blid har ho alltid vore. Ho er ei kreativ ung jente som hadde sin aller første kunstutstilling på "gamle slaktehuset" i Haugesund som 19 åring. Der selde ho ut alle måleria sine første dagen!!!!
Ho fortsatte ferda si til Stavanger der ho starta på skule for å bli illustratør, og fekk jobb på ein bar i helgene. Ho lika seg så godt i by`n at ho fann seg ein kjærast også....




Julefotografering, igjen..... Så flotte alle tre.
Snipp snapp snute så kan eventyret berre fortsette...


Så søte snille Malin min. Du må ha gratulera med dagen din. Åra har gått altfor fort fra du låg der som ein liten bylt i armane mine for alle første gang, til du nå er ei nydeleg ung dame på 22 år.
Glad i deg, gudlabadne:)




















lørdag, september 01, 2007

Haust, og skattejakt...

I dag, og resten av veka har det vore skikkeleg haustvèr. Regn og vind, men innimellom strålar sola fra knallblå himmel. Det er kjøleg i lufta om morgonen, det som eg kallar "skulevèr", og det er hustre om kveldane, så eg fyrer opp i omnen. Stearinlysa får brenne kvar kveld, og det gir ei lun og koseleg atmosfære i heimen.

Orkidèane mine er komen med nye knoppar, og nå er dei begynt å springe ut. Eg vert like fascinert kvar gong det kjem ein nydeleg blom utav ein knopp. Naturens underverk!
Veka har gått med til skule og jobb for oss i heimen. Eg storkosar meg på skulen, og for tida har me teikna ulike motiv med blyant. Det siste var etter ein utstoppa fugl....Eg er ikkje så glad i utstoppa dyr og fuglar, men det gjekk nå greit likevel.
I helga er Marie hos faren, så me er aleine med katten,hehe. I dag er mannen i huset med på "Idrettens dag" her i bygda. Han skal vere dommar i Volleyball. Det er synd at vèret er regn og atter regn i dag, men dei kosar seg nok. Det skulle vere mange forskjellige aktivitetar for store og små.
Siden eg ikkje er så sporty av meg, så tok eg meg heller ein tur til by`n. Eg skulle hente bildene som skal brukast til å lage takkekort etter bryllupet. På fotobutikken hadde dei klart å gjere feil med ein del av bileta (brudgommen hadde blitt hodelaus......) så då måtte dei gjere det på nytt, og eg måtte vente.

Eg tok turen til Fretex butikken og gjekk der på skattejakt. Det var så utruleg masse flott i dag, og eg hadde lyst på så mykje, men må prøve å begrense meg litt. Eg er så glad i små mugger, og desse to søte, fekk bli med meg heim. Det var så mange flotte skap der i dag, men eg kunne ikkje kjøpe fleire enda. Eg held på å male det eg kjøpte sist, og må gjere det ferdig først. MEN eg hadde heilt vondt av å gå fra fleire av dei....


Denne store, flotte broderte duken kjøpte eg for 85 kr. Nydeleg arbeid.




Detalj av duken. Eg likte så godt fargane, og dei passar her hos oss.



Det kom med eit par små dukar til, og ei svart gammal selskapsveske. Eg heng dei opp på veggen til pynt, men eg bruker dei avogtil, om det passar seg slik.
I kveld skal eg og mannen i gullbryllup til tanten og onkelen hans. Faktisk den einaste tanten og onkelen han har. Snart må eg vel til å pynte meg litt. Eg skal ha på meg ein svart og kvit 50- tals inspirert kjole som eg kjøpte i sommar. Det er ikkje så ofte eg brukar kjole, men det er kjekt å pynte seg litt avogtil. Eg er jo jente....
Ha ein fin laurdagskveld alle som kikkar innom:)





søndag, august 26, 2007

"nytt" skap, og pakke i posten.

Her er vidunderet som eg skreiv om i forrige innlegg, og nå er det mitt.
Eg kjørte inn på Fretex på fredags morgon, (då har eg jo fri,) og der sto det enno. Dermed så vart det mitt. Eg fekk det ikkje med meg heim då, men min snille bedre halvdel var med og henta det på laurdagen.

Skapet er i heiltre og var rett og slett blytungt.....det kom først inn i gangen nede, og så manna me oss opp begge to og fekk buksert det opp trappa til loftstova. Og det skal ikkje flyttast på ein meter i følge mannen i huset....


Det var fine detaljar utanpå skapet, og inni var det store hyller på eine sida, og to skuffer og hyller på andre sida.
Eg er så fornøgd med kjøpet mitt, og er allereia blitt veldig glad i det. Merkeleg at ein kan bli så glad for eit skap, hehe.
Eg trur eg må male det, men har ikkje bestemt meg for farge, enten kvitt eller svart.


På laurdag fekk eg pakke i posten fra "Leonorah", og oppi der var det fine porselenskilt med tall på. Dei skal få komme på ein kommode eller eit skap, trur eg. Dei var heilt nydeleg fine.
*me loves*



Romantisk gåvepapir og juleevangeliet på fransk. Det skal eg ivertfall heilt sikkert bruke til noko kjekt.




Søte madonna emblem.
Eg kjøpte nokre småtteri til, og Durance lavendelsåpe. Den lukta himmelsk. Så når eg hadde vaska golva på laurdag gjekk eg berre rundt og snuste og lukta.
Helga har vore hektisk, men effektiv. Laurdagen rydda eg og mannen i bodene, og det trong me verkeleg. Masse kunne me hive og noko vart pakka vekk og skal gis bort. Så fekk me rydde i hyllene og fekk litt orden og oversikt. Me har ikkje kjellar på huset vårt, så me kan ikkje samle på alt, men må sortere og hive etter kvart. Eg er tosidig når det gjeld slikt. På eine sida vil eg samle på alt i tilfelle eg kan få bruk for det, men så likar eg å har orden og oversikt også, og kan ikkje samle på alt. Det har me rett og slett ikkje plass til.
Fra laurdag til søndag låg tre søskenbarn av Marie her hos oss. Foreldra skulle i bryllup, og då fekk dei vere hos oss. Det er kjempekoseleg å ha besøk av dei, men det er litt av eit støynivå, og det lukta testosteron og hormoner lange vegar.
Det var to gutar på 15 og 16 år, ei jente på 12 i tillegg til Marie som snart blir 14. Dei er så snåle å høyre på, der det går i kjærastar, båt, moped, traktor, sminke, mm, og dei eglar, og plukker på kvarandre, hyler og skrik, og ligg nesten oppå kvarandre i sofa`n framføre tv`n.
I dag kom foreldra på middag og kaffi, så det har vore fullt hus, men veldig kjekt.
I morgon er det skule og jobb igjen for oss tre.

Nå når kveldane er mørkare så er det koseleg å pynte på trappa med blomar og lys i ei sinkbøtte, og med det vil eg ønske alle som er innom ei flott veke:)






torsdag, august 23, 2007

"august" fra Figgjo.

Rasmus pusen er god venn med marsvinet Olga, ivertfall når ho er inni buret. Her ligg Rasmus og har ein liten samtale med Olga medan ho får reint strø i buret sitt. Dei kosar seg ilag, på kvar si side av buret.

Da eg var lita jente på 70-talet, så hadde me eit kvardagservise som heitte "august". Dette spiste eg skjeva mi på, og når Malin eldste jenta mi vart fødd i 85 og kom på besøk til bestemor og bestefar fekk ho også skjeva si på dette. Malin er den av ongane mine som huskar mamma, og har gode minner fra kjøkkenet hennar. Ho lika så godt dette serviset at eg er begynt å samle det til henne.
Eg hadde nokre få deler etter mamma og pappa, men har funnet ein del på Fretex og på loppemarked. Desse har ho fått når ho har hatt bursdag. Ho har bursdag om litt over ei veke, og skal få fleire deler. Eg kan vise dei fram nå, fordi ho kom heim på mandag og då sto desse framme på kjøkkenbenken...Ho skal få noko meir, men det får ho ikkje vite enno, så det så.

Tekanna er veldig fin synest eg.


Denne søte kanna fann eg sist eg var på Fretex. Den er også fra Figgjo. Eg likte så godt den enkle dekoren, og fargane. Synd at den mangla lokk, men kan nok bruke ho for det.
Sist eg var på Fretex så fann eg eit flott skap, som eg ikkje kjøpte, og det har eg trega meg grønn på. Eg trenger meir plass til å ha ting og tang i, og det hadde passa fleire plasser her i huset. Så i morgon må eg ta turen igjen for å sjå om det fortsatt er der. Er det det, så er det meininga at eg skal ha det.




mandag, august 20, 2007

Scrappulver og vaskebooking, eller noko sånt...

Eg var i by`n på laurdag og skulle på loppemarked, men på grunn av havnadagar, sildabord og andre uheldige omstendigheter så kom eg meg ikkje der. Så i staden så tok eg turen på eit kjøpesenter, og på ein koseleg butikk fann eg denne søte boksen til å ha vaskepulver i. Siden eg har vaskemaskinen på badet er det jo fint å kunne kamuflere stygge vaskepulverposar. Eg kjøpte litt ark og dill til fotoalbumet som de kan sjå under.

Eg må jo lage album til bryllupsbildene, og det kosar eg meg med innimellom alt anna.

Eg skulle visst hatt meg eit kurs i dette for å fått litt meir idear til korleis eg skal utforme sidene.



Eg var jo så utruleg heldig som vann konkurransen på bloggen til Petunia på fredag, og på lørdag låg det ein diger pakke og tøyt utav postkassen vår. I pakken var det masse flott garn, og ei hyggeleg helsing fra Petunia.
Garnet har Rasmus pusen lagt sin elsk på, og det er så vidt han får plass oppi korga, men sove der skal han.

I kveld har eg hatt besøk av nokre damer som ville kjøpe litt lappestoff av meg. Eg sel fortsatt av restlageret etter Ting og Tang, butikken eg og ei venninne dreiv for nokre år siden.
Er nokon interessert i å kjøpe så sel eg 30 cm bitar for 10 kr stk. Det er ikkje siste mote, men heilt greie basis stoff.
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom:)