..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
onsdag, januar 10, 2007
Tilbake i Notodden
Eg las på bloggen til Liv Kjersti at kven som ville kunne ta utfordringa om 6 rare ting om seg sjølv, så då gjere eg det.
*6 rare ting om meg sjølv*
1: Eg må alltid koste av lakenet med handa før eg legg meg om kvelden.
2: Eg ler ofte av ting som ingen andre ler av...
3: Eg samlar på pinnar og stein.
4: Eg hater å få hår på hendene når eg vaskar,og ja eg kunne brukt hanskar,men eg kan ikkje fordra det heller.
5: Eg grøssar på ryggen når eg kjører inn i tunnelar.
6: Eg har ein svakhet for sko,og særleg dei med høge hælar, fem av para er så høge at eg klarer ikkje gå med dei. ( har sikkert 25 par sko)
Eg utfordrar Malin til å skrive om sine rare ting:)
torsdag, januar 04, 2007
snart helg:)
Så var jula over for denne gang, og i dag tok eg vekk mesteparten av pynten. Denne Isolde nissen har eg hatt i mange år,nærmer seg snart 20 år, trur eg. Eg synest han er så flott,og det er så nydeleg arbeid som er gjort på han,fra innerst til ytterst. Eg kjøpte han av ei dame i Tysvær på ei julemesse for 800 kr, dengang syntes eg det var mykje penger,men eg hadde så lyst på han,og har ikkje angra på det kjøpet.
Denne veska sydde eg til meg sjølv før jul.Eg trong ei ny veske som ikkje var så stor,og siden eg har sydd så mange vesker til andre var det kjekt å sy noko til meg sjølv. Veska er sydd av lin og bali stoff, og er quilta med silketråd. Biletet er printa ut på overføringspapir og strøket på stoff.
Denne er eg ikkje heilt ferdig med,den skal få litt pynt på seg,enten perler eller knappar,og hank/skulder reim. Låsen kjøpte eg hos Desiree,har vore på jakt etter slik lenge,og endeleg fant eg. Det var litt putle å sy den på, men det gjekk med litt tålmod.
Er litt kry av amaryllisen min,eg er like fasinert når det kjem slike flotte blomar utav ein knopp. Det er ein knopp til heilt nede,så denne håpar eg å ha glede av lenge.
mandag, januar 01, 2007
nyttårsafta:)
Nyttårsafta feira me på Vea hos Berit og Geir, og dette flotte bordet hadde mi kjære søster dekka, og me åt og åt og åt masse godt.
Rein Egil og Bent måtte leike seg med kvar sin pose med klær som dei skulle ta på seg,men dei er ikkje heilt fortrulege med bh`ane ser det ut som.
Me fekk og besøk av ein knallflinke tryllekunstnar på 7 år ut på kvelden.
Denne vesle karen syntes det vart for mykje bråk så då tok han på hørselsvern og sovna......
søndag, desember 31, 2006
Godt nytt år:)
Slik er nyttårs veret her i Skjold, solregn kallast vel det,og det er ikkje det verste me har hatt.
Så med dette vil eg takke for ået som har vore, og ønskje alle eit retteleg godt nyttår i 2007.
fredag, desember 29, 2006
Romjul:)
Rasmus er litt øvegidde på heila julatre ser det ut som. Han har vore veldig flink og ikkje rørt det så mykje, men han har vore borti med labben på kulene litt, og smaka litt på greinene....søndag, desember 24, 2006
fredag, desember 22, 2006
*Pittelitlajulafta*

Nå er det meste klart, det er berre igjen å pynta treet, og det gjere eg i mårå kveld før eg legge meg. Det er lika kjekt kvart år når eg finner fram pynten, det er nesten som å treffe gamle venner. Desse figurane er eg veldig glad i, knallsøte, synest eg:)
Kjøkkenet har fått litt julepynt det også.

Min kjære tar ein velfortent kvil etter å ha vaska badet og golva i heile huset. Du er flink:)
Her ligg nokre av pakkane å vente på å få komma under treet. Dei ligg der å fristar alle som går forbi. Eg har ikkje funnet nokon pakke som er til meg i den haugen, merkeleg..........
Eg har sydd ein del vesker den siste tida,og dette er dei siste eg har sydd. To av dei erbestilte, og ei skal ei som eg er tante til få i julegåve. Det er den øverst til venstre, og det er sønnen hennar som er på biletet. Håpar at den fell i smak.
Denne veska er det ei i Etne som skal ha, ho kjem å hentar den i mårå. Eg håpar at ho vert fornøgd.
I mårå kveld kjem Malin heim, og det vert kjekt. Ongane skal feire jul her hos oss, så det skal bli koseleg. Eg gler meg til pinnekjøtet,nam, nam:)
lørdag, desember 16, 2006
Laurdagskveld.
Eg kunne godt ha tenkt meg å vore ute og laga snømenn i kveld,men det går ikkje når det er 5+ og regn ute. Men me har det koseleg inne med fyr i omnen ,og masse levande lys.
Nå er det berre 8 dagar igjen til julafta:) *gledemegkjempemasse*torsdag, desember 14, 2006

To lys, ein liten engel og stein fra stranda i Danmark, vips, så er det adventspynt.
Rasmus, han er med der det skjer. Han likar seg veldig godt oppå spisebordet, og her er det adventstaken som han må plukke litt på. Det var jo noko som lea på seg under der. Eg kan ikkje bli sinte på han heller, han er jo verdens skjønnaste kattepus, heilt objektivt sett, altså:)
onsdag, desember 13, 2006
mandag, desember 11, 2006
Herlegaste mandagen på lenge.
Detta er den beste mandagen eg har hatt på lenge. Det var heilt rart i går kveld når eg ikkje sko reisa med bussen kl 23.Så i dag sto eg opp med Marie og Bent når dei skulle på skulen og jobb. Eg og Rasmus har kost oss inne med julamusikk og fyr i omnen. Eller Rasmus har farta ut og inn i heile dag, i ruskaveret. Eg trur han synest det er kjekt at nåken er heime om dagen og kan sleppe han ut når han vil.
Elles har eg sydd ferdig ein løpar som kanskje skal bli julepresang, og eg har levert pedagogikk oppgåva på classfronter,så då er det og gjort. Flinke jenta:)
Var ein tur nede på butikken å handla litt og tidleg i dag, har ikkje bil så då er det berre å gå,men det er heilt greit, er jo van med det. I kveld skreiv eg brev til Anne Marit, er ei stund siden eg fekk det, så det var på tide nå. Ho koser seg på Jæren folkehøgskule, der ho går på interiør. Savne faktisk veldig klassen fra i fjor,både elevane og lærarane. Me hadde det fantastisk kjekt ilag.
Nå har eg nett sett ein sirupsnippdeig, den skal stå kaldt til i mårå, og så får eg bake. Skal lage berlinerkransar og, det har Bent så lyst på. Så får eg sjå kva meir eg finner på å lage.
Ha ein flott mandagskveld, og nå er det 13 dagar igjen til jul:)
søndag, desember 10, 2006
2.søndag i advent
fredag, desember 08, 2006

I dag vart det to søte små englar som er dagens julekalender figur:)
Herleg, det er fredag og helg, og eg har JULAFERIE:) eg like det.Eg har sete med pedagogikk oppgåva i heile halve dag,og er nå komt halveis,ikkje verst berre det. Eg skal bli ferdig i løpet av helga,det har eg bestemt meg for!!!
I kveld tok me turen til Etne for å sjå på det nya kjøpesenteret der inne og det var jo flott. Eg fann meg ein fin svart topp,Malin fann seg ein turkis genser og Marie fann ikkje kjole,men ho fann seg ei grå joggebukse. Bent stakkar var så trøtt at han fann seg ein goe stol og vg,og der sat han:)
I mårå må eg prøve å få vaska og rydde litt og, ikkje så kjekt, men det må gjerast avogtil. Eg har eit par vesker i bestilling som eg skulle ha sydd ferdig til jul og. Må berre sette av tid ein dag.....
torsdag, desember 07, 2006

Me får håpa atte detta regnet slutte snart.....
Det er godt å vere heima, og nå skal eg legge meg snart. Malin kom heim i kveld,og Bent kom nettopp fra heimevernsøvelse,der har han vore siden halv sju i dag tidleg, og nå er klokka halv tolv. Heldigvis er han ferdige i mårå. Då kan me kose oss i mårå kveld.
Nå er det berre 17 dagar igjen til jul:)
onsdag, desember 06, 2006
Eg skal heim:)
Tre søte englar får vere dagens julekalenderfigur. Det er fantastisk mange søte,fine,snåle,morsomme og bedårande englar.tirsdag, desember 05, 2006
TV kveld på huset.
I kveld er det kosekveld på tvståvå her på huset. Nå har me sett "jakten på kjærligheten" og spist brownies.Om ei stund så er det Greys og CSI. Tysdagen e ganske kjekke sånn. Og i mårå kveld skal eg heim,men først er det julebord med klassen. Det blir sikkert kjekt. Me skal ha spekemat,og eg skal lage potetsalat. Skal tilogmed ha kjole på meg.............
Me har ikkje snø enno, så då får dette biletet vere ei påminning om korleis snømennene kan ha det,he he. Eg syntes denne var ganske løyen:)
Nå er det faktisk berre 19 dagar igjen til jul,og eg gler meg nåke fantastisk møkje:):):)
mandag, desember 04, 2006
Mandag igjen...
Så var det mandagskveld,og eg sitte på hybelen og prøve å gjera noko fornuftig.Eg har begynt å skrive på oppgåva i pedagogikk i dag. Jepp, eg e begynt:)På skulen i dag har eg laga venger til engelen min,det var ikkje så lett,men det e nå begynt å likne på noko. Håpar å verte ferdig med dei i mårå,så eg kan setje engelen i saman. Godt med alt som er gjort:)
Snakka med Malin i telefonen i kveld,det høyrest ut som ho har det flott for tida,og det fortene ho,gudlabadne:) og så kjem ho heim te mammo på torsdag,glede meg,vettu:)
Dagens hurra for:
20 dagar igjen te jul:)
Heim på onsdagsnåttå.
Julebord på skulen.
Telefonen.
Marsipangris.
Ha ein flott mandagskveld adle saman:)
søndag, desember 03, 2006
1. søndag i advent.
lørdag, desember 02, 2006
Laurdagskveld.
Eg har spela julemusikk og i dag,det er så fint å ta fram dei same cd`ane år itte år. Favoritten min er Oslo gospel kor,dei har så mange flotte sangar,særleg "ei stjerne skinner i natt", heilt nydeleg.Bent er på heimevern øvelse denne helga,så eg får ikkje sett så mykje til han,men han er nå ivertfall heime om kveldane.
I mårå tenkte eg at eg og Marie kunne bake litt småkaker,så som krumkaker,nøttekaker og brune pinnar,og kanskje litt til viss me får tid.
fredag, desember 01, 2006
Så var det 1.desember.
Denne vesle engelen gler seg lika møkje te jul som eg gjere:) Søte er han og!!Nå er eg byrja å telje ned til jul. Eg tenkte å ha min eigen lille julekalender her på bloggen,så då kjem det til å dukke opp mange forskjellige julefigurar her.
I dag har eg laga litt meir smykker siden eg skal vere med på julemessa her i Skjold i mårå.
I kveld skal eg i vinklubb til Ingrid i Vik. Det blir kjekt å drikke vin og prate med jentene igjen.
Ha ein flott førjulsfredag alle saman:)












